Kommune-NM i privatisering

NHO gjev kvart år ut ei rangering av norske kommunar. Denne rangeringa kallar dei eit kommune NM. Tromsø kommune kjem på ein god 26. i konkurransen. Men, det er kanskje verd å spørre om kva idrettsgreiner er det dei konkurrerer om i denne norgesmeisterskapen.

NHO si rangering baserer seg på fem hovudkomponentar; næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Det er verd å merke seg at dette NM-et er det ikkje ein einaste øvelse som handlar om kvalitet på skole, helse eller eldreomsorg. Det er og verd å merke seg at ein viktig del av den komponenten som heiter kommuneøkonomi er kor mykje ein kommune har privatisert. I rapporten står det:

«Austevoll rangeres høyest først og fremst på grunn av at kommunen har størst andel kjøp av private tjenester.»

Eg er glad Tromsø ikkje er i toppen av denne indikatoren.

Det eg verkeleg ikkje skjønner er at NHO og ein sterk indignert kommentator i Nordlys, Skjalg Fjellheim klarer å bruke denne rangeringa som eit sterkt argument for kommunesamanslåingar. Det finst sjølvsagt gode argument for å slå saman kommunar, men

  • det blir ikkje ei anna befolkningssamansetning i Nord-Troms av å slå saman Skjervøy, Kvænangen, Nordreisa og Kåfjord.
  • det blir ikkje fleire med høgare utdanning i Nord-Troms av å slå saman Skjervøy, Kvænangen, Nordreisa og Kåfjord.
  • Derimot kan det bli enklare å privatisere velferdstenester dersom dei blir sentralisert i ein ny storkommune, og det siste er kanskje hovudgrunnen til at NHO (og Fjellheim?) er for kommunesamanslåing.

Det er og verd å merke seg at på dei aller fleste indikatorane så blir skilnadane mellom kommunane mindre. Det viser denne tabellen frå rapporten. Tal over ein betyr at skilnadene har auka, tal under ein betyr at skilnadene har gått ned.

graf_skilnader
Hovudinntrykket er at det har blitt større skilnader mellom kommunar som privatiserer og større skilnad i befolkningsvekst. Utover dette er det stabilt, med ein hovudvekt på minskande skilnader mellom kommunane.

Så er eg sjølvsagt samd med Skjalg Fjellheim som skriv i sin kommentar:

«Nord-Norge trenger altså ordførere som jobber like hardt for å skape varige, private arbeidsplasser som for å beholde tre eller åtte offentlige arbeidsplasser i kommunesenteret.»

Men eg kan ikkje skjønne at dette blir enklare av at det blir færre ordførarar.

Big is beautiful

Vi har ein sjukdom i Noreg. Vi trur at alt blir betre berre det blir større. Eg slit litt med å forstå korfor det er slik.

  • Men ein stor kommune er betre enn ein liten kommune – visstnok
  • Eit stort sjukehus er betre enn eit lite sjukehus – visstnok
  • Eit stort Universitet er betre enn eit lite Universitet – visstnok

Eg skal ikkje påstå at alt er betre om det er smått. Det er sikkert ein del kommunar det er lurt å slå saman. Det finst sikkert både sjukehus og universitet som kan slåast saman. Men eg trur at konsekvensen av alt for mange av desse samanslåingane er negative.

Kurasa belgisk blå er kanskje eit eksempel på at ikkje alt blir betre om det blir større. Foto: User:Mastiff Wikimedia Commons http://commons.wikimedia.org/wiki/Category:Belgian_Blue_cattle#mediaviewer/File:GEURTZ16.JPG
Kurasa belgisk blå er kanskje eit eksempel på at ikkje alt blir betre om det blir større. Foto: User:Mastiff Wikimedia Commons http://commons.wikimedia.org/wiki/Category:Belgian_Blue_cattle#mediaviewer/File:GEURTZ16.JPG

Det er fleire grunnar til det. Eg trur at for å leide ein svært stor organisasjon må du vere tilnærma supermann. Og, det er få supermenn i omløp. Det å overskode einskilddelane og få dei til å jobbe godt i lag er vanskeleg. Også fordi det blir vanskeleg for mellomleiarane å sjå heilskapen i organisasjonen. Og, dersom ein mellomleiar ikkje ser heilskapen i organisasjon blir det enkelt å styre si avdeling, sin seksjon til beste for berre den seksjonen, den avdelinga i staden for å sjå korleis ein bidrar til at heile organisasjon spelar saman for å nå måla.

Dessutan, eg har tru på konkurranse og innovasjon. Eg trur det blir meir innovasjon om fleire høgskolar og universitet konkurrerer om studentane. Dersom dei finn og prøver ut ulike løysningar. Det er sjølvsagt mogleg innafor ein stor organisasjon, men enklare å få til med fleire sjølvstendige organisasjonar.

Derfor tenkjer eg at alle desse samanslåingane mest er eit uttrykk for at politikarar og andre vil vise handlekraft. Det er enklare å vise handlekraft gjennom å slå saman ting, gje det nytt namn og klippe av ei snor, enn gjennom den langsame prosessen med å utvikle organisasjonar i små steg om gongen.