Nedstemt

I dag la eg fram to forslag i kommunestyret. Det eine framlegget handla om bustadbygging i Tromsø. Du kan lese meir om forslaget her. Det andre forslaget ba om ei utgreiing av bybane i Tromsø.
Eg skal ikkje klage på at forslaga vart nedstemt, det er naturleg i eit demokrati. Folk i Tromsø har ønska seg eit felirtal i kommunestyret utan visjonar og utan ønske om å ta tak i ein tydeleg marknadssvikt. Ein marknadssvikt som fører til at hus blir alt for dyre i Tromsø.
Derimot vil eg klage på at høgresida brukte makta si til å hindre at forslaga vart tatt opp til avstemming. Dei hadde altså ikkje mage til å stemme ned forslaga.
Jaja, sånn kan det gå.
Direktesending frå dagens kommunestyremøte
Kutt og meir kutt
Eg har sutra før her på bloggen over at høgresida vann valet i Tromsø. Trur eg kjem til å halde fram med det. Det er sjeldan at eg kjem heim frå kommunestyremøta i Tromsø med lette steg og eit smil rundt munnen for tida. På onsdag vedtok høgresida ei rad med usosiale kutt i budsjettet, dei vedtok å bruke to millionar på å gjere klart for å omgjere dei kommunale barnehagane til aksjeselskap, i tillegg til at dei stemte mot eit forslag om at reglane i hovudavtalen skal følgjast. Kanskje er det på tide å gå frå å sutre til å bli sint?
Forundra vart eg i alle fall då eg opna Nordlys i dag. Her hadde kommunestyret kutta til svømmehallar, idrettsanlegg, parkvedlikehald, livskrisehjelp og så vidare, samstundes som det blir brukt millionar på å klårgjere kommunale tenester for privatisering, utan at den største avisa i byen skriv eit einaste ord om det. Ikkje eit einaste ord. Avisa må sjølvsagt få skrive om det, og vinkle saka korleis dei vil, men at desse endringane ikkje er verd å informere innbyggarane om forundrar meg. iTromso har i det minste dekt saka på nett, og har ein liten notis i papirutgåva.
Her er i alle fall SVs alternativ:
Sak 80/12 – Økonomirapport 1-2012 – Revidert budsjett 2012/Økononomiplan 2012-2015
1. Følgende innsparingstiltak tas ut:
a. Byrådsavdeling for finans:
| Tiltak |
Virkning 2012 |
|
| 02 | HMS-midler |
570 000 |
b. Byrådsavdeling for næring, kultur og idrett:
| 02 | Reduksjon i bokbudsjettet |
225 000 |
| 04 | Kulturelle skolesekken |
60 000 |
| 05 | Avtale fritidsklubben Treffpunkt Kroken |
149 000 |
| 06 | Ungdomsaktiviteter Tromstun Ungdomsskole |
308 000 |
| 07 | Tromsdalen kunstisbane |
400 000 |
| 08 | Stakkevollan svømmehall |
85 000 |
| 09 | Kulta |
70 000 |
| 10 | Rådstua |
50 000 |
| 11 | Kunstskolen |
30 000 |
| 15 | Økt brukerbetaling og innsparing Kulturskolen |
400 000 |
| 17 | Kirkelig fellesråd |
700 000 |
| Tilsammen |
2 477 000 |
c. Byrådsavdeling for utdanning:
| 01 | Tilskudd 2011 private barnehager |
4 500 000 |
d. Byrådsavdeling for byutvikling:
| 02 | Øke gebyrsatser seksjonering/kart/oppmåling |
150 000 |
| 03 | Øke gebyrsatser reguleringsplaner |
100 000 |
| 04 | Bydelsløftet |
200 000 |
| 08 | Uteidrettsanlegg, vedlikehold |
300 000 |
| 09 | Vedlikehold parker |
500 000 |
| 10 | Vedlikehold torg |
200 000 |
| 11 | Off. lekeplasser – innkjøp/reparasjoner |
200 000 |
| 13 | Busskur – privatisering |
250 000 |
| 14 | Kantklipping |
50 000 |
| 15 | Friluftsområder |
50 000 |
| 16 | Gatelys |
100 000 |
| Tilsammen |
2 100 000 |
e. Byrådsavdeling for helse og omsorg:
| 01 | Økt husleie livslang kontrakt |
0 |
| 02 | Økt saksbehandlingsgebyr startlån |
100 000 |
| 10 | Livskrisehjelpa Legevakta |
225 000 |
| Tilsammen |
325 000 |
2. Andre endringer:
| Reduksjon ramme skole, skoleskyss fritt skolevalg |
-130 000 |
|
| Økt ramme skole, tilbakeføring kutt |
7 130 000 |
|
| Tilleggsbevilgning Fontenehuset |
450 000 |
|
| Tilsammen |
7 450 000 |
3. Inndekning
| Samlet utgiftsøkning |
17 552 000 |
|
| Samlet inntektsøkning |
-130 000 |
|
| Bruk av disposisjonsfond |
-17 422 000 |
|
| Tilsammen |
0 |
Kaos og litt politikk

I dag var det kommunestyremøte. Eg skulle ønska eg kunne rapportert om grundige politiske drøftingar om kva som er best for Tromsø og tromsøværingane. Dessverre er ikkje det hovudinntrykket frå kommunestyremøtet, sjølv om det var litt av det og.
Men, noko politikk vart handsama, reguleringsplanar vart vedtatt, samhandlingsreformen vart diskutert mellom andre ting. Det blir fortau langs Mellomvegen, så heilt forgjeves var ikkje møtet.
Samhandlingsreformen kan det seiast mykje om. Den handlar sjølvsagt om økonomi, og økonomi er sjølvsagt viktig. Men skal økonomien gå i hop er vi nøydde til å forebygge. Og, forebygging det er SV politikk. På sett og vis tvingar samhandlingsreformen fram meir SV-politikk. Vi kan ikkje sleppe laus alkoholserveringa, slik byrådet vil om vi skal forebygge, vi kan ikkje sleppe laus trafikken med dei støvproblema det medfører om vi skal forebygge dei problema særleg astmatikarar får. Vi kan ikkje føre ein skolepolitikk som medfører at gymsalar blir steng eller ikkje bygd om vi skal forebygge.
Eg er bekymra for at byrådet har eit alt for snevert fokus i denne saka. Det seier sitt når rapporteringa til kommunestyret skal skje i dei halvårlege økonomirapportane. Økonomi er viktig, men det kan ikkje vere det einaste og viktigaste kritieriet vi måler helse etter.
Dessverre var hovudinntrykket av møtet at det er uorganisert, med spelereglar om gjennomføringa som det ikkje er semje om. Noko har samband med at parlamentarismen ikkje har gått seg til, om han nokon gong kjem til å gjere det, noko har samanheng med ein ny og uerfaren ordførar som heller ikkje har planlagt møtet godt nok.
Eg synst det er ganske forunderleg at ordføraren ikkje har tatt høgde for at det blir interpellasjonar eller spørsmål når han set opp møteplanen. Resultatet av det er at verken min interpellasjon om anbudsutsettinga av bussane (basert på dette og dette blogginnlegget) eller Gunhid Johansen sin interpellasjon om situasjonen for Yalda vart handsama i kommunestyret. Eg håper det berre var dårleg planlegging, men der og då kjentes det som at vi vart fråtatt den demokratiske retten vi har til å få saker opp i kommunestyret.

