Kong Salomos miner

Enno husker eg vagt at eg las Kong Salomos miner som ganske ung gutt. Det var ei spennande bok. Det er derfor ikkje så lite artig at forskarane no meiner at dei har funne dei gamle gruvane til kong salomo. Kong Salomo var forøvrig rekna som ganske vis, sjølv om eg heller ville kalla han ein drittsekk.  Tenk berre på denne vesle anekdota frå første kongebok, kapittel 3, 16 til 28, som skal vere bevis på visdomen hans.

Kong Salomo dømer mellom to kvinner som krev same barn. Bilete: Gustave Doré, takk til Wikipedia for fila
Kong Salomo dømer mellom to kvinner. Bilete: Gustav Dorè, takk til Wikipedia Commons for fila

16På den tid kom det to skjøkjer og steig fram for kongen. 17 Den eine sa: «Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der budde i same huset. Så fekk eg eit barn i huset hjå henne. 18 Tredje dagen etter at eg hadde født, fekk ho òg eit barn. Der var vi åleine, vi to. Det fanst ingen framand hjå oss i huset. 19 Ei natt døydde guten hennar, fordi ho kom til å liggja på han. 20 Då stod ho opp midt på natta, tok guten or armen min medan eg sov, og la han ved barmen sin, og sin eigen døde gut la ho ved min barm. 21 Som eg no stod opp om morgonen og skulle gje guten bryst, var han død. Men då det leid fram på morgonen, og eg såg vel på han, var det ikkje den guten eg hadde født.» 22 Då sa den andre kvinna: «Nei, den guten som lever, er min, og den som er død, er din.» Men den fyrste svara: «Nei, det er din gut som er død, og min som lever.» Såleis stod dei og tretta framfor kongen. 23 Då sa kongen: «Den eine seier: Det er min gut som lever, og din som er død. Og den andre seier: Nei, det er min gut som lever, og din som er død. 24 Henta eit sverd til meg!» sa kongen. Då kom dei inn til kongen med eit sverd, 25 og han sa: «Hogg det levande barnet i to, og lat dei to kvinnene få kvar sin halvpart!» 26 Då loga kjærleiken opp i henne som var mor til det levande barnet, og ho sa: «Høyr på meg, herre! Lat henne få den guten som lever, og drep han ikkje!» Men den andre sa: «Vi skal ikkje ha han anten eg eller du. Berre hogg til!» 27 Då tok kongen til ords og sa: «Lat henne få det levande barnet, og drep det ikkje! Ho er mora.»  28 Det spurdest over heile Israel korleis kongen hadde dømt, og folket fekk age for kongen. For dei såg at han hadde visdom frå Gud til å skifta rett.

Eg tenkjer vel heller at dette er ganske grusamt, og gjev eit godt bilete av korleis Israel den dag i dag nyttar teorien om splitt og hersk for å halde palestinarane nede.

Forøvrig er eit av dei sterkaste minna eg har frå «Kong Salomos miner» den dagen, mange år seinare då det gjekk opp for meg at boka faktisk heiter «Kong Salomos miner» og ikkje «Kong Salomos minner»

Oppdatert:

Sanneleg om ikkje Dagbladet og skriv om saka plutseleg. Skal vi vedde om VG kjem i morgo, og A-presseavisane samle i overmorgon?