Viktig støtte – men vi burde stille krav til bedriftene

Det er fantastisk og viktig at Stortinget no gjev kontantstøtte til bedrifter som slit. Vi må gjere det vi kan for at vi skal komme ut på andre sida av denne koronakrisa med eit næringsliv som kan produsere det vi treng, som kan selje oss det vi treng, som kan skape verdiar og arbeidsplassar. Ja om noko har denne krisa lært oss at vi treng meir produksjon i Noreg og at vi har gjort oss alt for avhengige av internasjonale verdikjeder der vi plutseleg er utan det vi treng i krisetider.

Men når vi – det norske samfunnet – skal bruke 50 milliardar i månaden på å støtte næringslivet vårt er det for meg fullstendig uforståeleg, på grense til galskap at vi ikkje set strenge vilkår for korleis denne støtta skal brukast.

  • SV har foreslått har det ikkje skal vere lov å ta ut utbytte til privat berikelse når du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet har sagt nei
  • SV har foreslått at du ikkje skal kunne seie opp folk så lenge du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet seier nei.
  • SV har foreslått at leiarløner og godtgjering til styremedlemmer ikkje skal kunne auke meir enn lønsveksten i samfunnet medan du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
  • SV har foreslått at kontantstøtten skal gå til seriøse bedrifter – dei som har fast ansatte, ikkje er dømt for arbeidslivskriminalitet osb – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
  • SV har foreslått at vi skal ha reglar mot at kontantoverføringane til bedriftane ikkje skal førast ut av landet – det synst ikkje regjeringa og stortingsfleirtalet er greitt.
  • SV har foreslått at vi skal få vite kven som mottar kontantstøtte – den informasjonen meiner regjeringa og stortingsfleirtalet at vi ikkje treng.

Det er heilt tydeleg at den regjeringa vi har er ei høgreregjering. Ei regjering som først og fremst er opptatt av at kapitalen og kapitaleigarane skal få sitt og vel så det. Dei er ikkje opptatt av samfunnet og vanlege folk. Det at dei får fleirtal for dette saman med Frp er ikkje overraskande, det partiet har aldri vore opptatt av folk flest.

Her finn du voteringsoversikta i Stortinget slik at du kan sjekke kven som stemte for kva.

Og her er alle forslaga i saka.

Krf og kontantstøtta

Kjell Ingolf Ropstad, ein forundra stortingsrepresentant frå Krf, ønsker å auke kontantstøtta til 10 000,- blanke kroner. Foto: Lillian og Lena/http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/bildegalleri

– Eg skulle gjerne hatt 10 000,- kroner frå staten, seier den lure borgaren

– Korfor skulle staten gje deg 10 000,- kroner, svarer den lett forundra stortingsrepresentanten frå Krf

– Jau, fordi eg ikkje bruker dette offentlege tilbodet som alle kallar barnehage, det må då vere verd noko, svarer den lure borgaren

– Å ja, ja sjølvsagt skal du få pengar for å ikkje bruke det tilbodet vi har bygd opp, men 10 000,- kroner er alt for lite, du skal sanneleg få 10 000,- kroner i månaden hos meg, kjem det frå Kjell Inge Ropstad, den forundra stortingsrepresentanten frå Krf

Den lure borgaren er sjølvsagt nøgd med svaret, kven vil ikkje ha pengar frå staten. Men han er ingen dumrian og tenkjer at eit tilbod som er for godt til å vere sant ofte er for godt til å vere sant. Det er kanskje verd å spørre den forundra stortingsrepresentanten om det er hakar ved dette tilbodet.

– Nja, seier den forundra stortingsrepresentanten til den lure borgaren, – Du får ikkje lov til å jobbe og betale skatt, det må andre gjere for deg. Du må og la ungane dine vere utanfor det sosiale miljøet som dei fleste andre ungane er i, og kanskje vil det føre til at ungane dine gjer det dårlegare på skolen i framtida.

Den lure borgaren tenkjer seg om ei lita stund. Han likte ikkje haka, men kanskje kunne det likevel vere ein måte han kunne skaffe seg desse 10 000,- kronene og likevel halde fram med å jobbe og tene pengar. – Du forundra stortingsepresentant, om eg leier inn ei litauisk barnepike til luseløn for å passe ungane mine medan eg er på jobb, kan eg då likevel få 10 000,- kroner i månaden av deg?

Den forundra stortingsrepresentanten tenkjer seg om i nokre sekund… – Ja, det burde vel gå bra, det viktigaste er jo at eg får gje deg pengar og at du ikkje bruker barnehagane.

Den lure borgaren smiler nøgd, stikk pengane i lomma, går på jobb og gjer karriere.

 

VG i dag

Politisk.no