I helga hadde vi årsmøte i Tromsø SV. Eg er veldig glad for at årsmøtet vedtok ein del krav til kva endringar vi må gjere slik at kommunane for myndigheit til å regulere kortidsutleige. I denne videoen seier eg litt om kva eg trur må til.
Spesifikt krev no Tromsø SV det følgjande:
Korttidsutleige er blir eit stort problem mange stader. Det har fått eit så stort omfang at det påverkar prisane og tilgjengelegheit av bustader for folk.
I Tromsø er det på det meste 3000 einingar tilgjengeleg på Airbnb. Samla inntekt for utleige gjennom Airbnb i Tromsø er rundt 250 millionar i året.
Totalt i Tromsø er det 4300 sekundærbustader, altså bustader der folk ikkje bur sjølv. Det er ti prosent av bustadane i Tromsø. Mange av dei er sjølvsagt til leige, men svært mange av desse er og unntatt den vanlege leigemarknaden fordi dei blir leigd ut på korttidsleige. Vi kan ikkje ha det slik at folk som vil bu å leve i Tromsø ikkje får leigd ein plass å bu til ein akseptabel kostnad.
Tromsø SV meiner at det sjølvsagt er heilt fint at folk leiger ut eit rom, eller eigen bustad når denne ikkje er i bruk. Slik korttidsutleige skaper ei fin ekstrainntekt for mange. Det er når Airbnb og anna korttidsutleige gjer at bustader som kunne vore tilgjengeleg på langtidsutleige heller blir brukt til Airbnb at det er eit problem.
For å få kontroll med korttidsutleiga vil Tromsø SV at
- Plattformselskapa (Airbnb, booking.com etc) må bli pålagt å rapportere til kommunen om døgnutleige på kvar eining og prisen som blir betalt. Rapporteringar bør vere minimum halvårlegårleg og gjerne oftare.
- Kommunane må kunne fastsette reglar for kor mange døgn med korttidsutleige skal vere lovleg, anten for heile kommunen eller for delar av kommunen.
- Kommunen må få høve til å pålegge gebyr ved brot på døgnutleiga. Gebyret må stå i forhold til inntekta på utleiga og vere avskrekkande for brot på reglane.
- Kommunen må kunne sette grensar for kor mange døgn det skal vere mogleg å leige ut på kortitdsutleige også for bustader som ikkje er burettslag eller sameiger.