Kommunestyret i Tromsø – direkte

Klokka 12 i dag startar det konstituerande kommunestyremøtet i Tromsø. Det skal veljast ny ordførar, men viktigare er det at det kjem til å bli innført parlamentarisme med eit byråd. Byrådet utgår frå Venstre, Høgre og Frp.

Spekulasjonane går om kven som vil bli byrådar, men det kan verke som dei fleste er samde om at Øyvind Hilmarsen (H) blir byrådsleiar, Line Fusdahl (H) blir finansbyråd, Anna Amdahl Fyhn (H) blir byråd for utdanning, Kristoffer Kanestrøm (Frp) blir byråd for helse og omsorg,Britt Hege Alvarstein (Frp) blir byråd for byutvikling og Venstres Jonas Stein Eilertsen blir byråd for kultur, næring og idrett.

Eg har tidlegare spådd om kva det nye fleirtalet vil bety for Tromsø. Eg håper eg har tatt alvorleg feil, men trur ikkje det. Det blir meir konkurranse, tøffare arbeidsvilkår og privatisering. Desse seks kan kome til å rive ned mykje på fire år.

Vi får vel uansett ønske dei lykke til.

Her kan du følge kommunestyremøtet.

 

Kva trur du skjer i Tromsø? Stem her

[poll id=»12″]

Ingen vil kneble debatten

La meg starte med å slå fast to ting. Frp har ikkje ansvaret eller skulda for terroraksjonane mot regjeringskvartalet og mot Utøya. Men Frp er heller ikkje eit offer i denne saka.

Det slår ikkje feil, kvar gong Frp blir pressa prøver dei å framstå som eit offer, slik at vi skal synst synd på dei. Det er det ingen grunn til. Det er ingen som prøver å kneble debatten. Det er ingen som forbyr Frp å seie akkurat kva dei vil. Derimot trur eg mange i Frp føler eit ubehag med det dei sjølv har sagt og framleis meiner. Det ubehaget prøver dei å gje andre skulda for.

Her i Tromsø har Frps andrekandidat sagt til Nordlys i dag :

Nå er det tid for en viss anger og ruelse i Frp, over utsagn som er kommet derfra. I går hadde stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde et innlegg i Aftenposten, der han beklaget en del av egen språkbruk i innvandringsdebatten. Men Kanestrøm angrer ingenting. – Hvorfor skulle jeg det? Vi siterte bare fra partiets program. Der står det at vi verken ønsker moske, mer innvandring eller tigging og at vi vil ha en trygg by.

Kanskje problemet nettopp er partiet sitt program?

Kanestrøm sine uttalelsar føyer seg inn i rekka av fleire frå framtredande Frp’arar i dag. Så mange at det kan verke som ein planlagt strategi.

Det er og klart at Frp sine meiningar ikkje har endra seg, og at dei framleis står for dei. Til Dagbladet seier stortingsrepresentan Jørund Rytman:

– Politikken står fast og vi har de samme utfordringene som før. Det gjelder både innen skattepolitikk, justispolitikk, innvandring, integrering og på andre områder

Og, kommentarane under artikkelen er berre til å bli lei seg av.

Det kan og vere verd å nemne at Frps Christian Tybring Gjedde hadde eit foredrag for document.no i Oslo millitære samfunn. Der sa han i fjor i følgje VG:

I et foredrag i Oslo militære samfund sammenlignet lederen av Oslo Frp, Christian Tybring-Gjedde, islam med nazismen. – Men jeg tror det er verre enn på 30-tallet, sa Tybring-Gjedde.

Framstegspartiet må tåle å møte motstand når dei framfører slike argument, dei må tåle at vi er sterkt usamde med dei. Det at vi er usamde og argumenterer mot, betyr ikkje at Frp er knebla. Ytringsfridom er at meiningar skal brytast mot kvarandre, ikkje at dei skal få stå uimotsagte.

Eg meiner at Noreg må vere eit fleirkulturelt samfunn, med plass til folk med ulik kultur, ulik religion, ulik etnisitet og ulike meiningar. Då kan vi ikkje gje ei gruppa skulda for det som er galt. Då kan vi ikkje møte det som er framandt med redsel.

Vi må møte dei som er annleis enn oss med forsøk på å forstå. Men det at vi forstår betyr ikkje å vere samde. Eg vil kjempe hardt for eit samfunn med likestilling mellom kjønna og med små økonomiske ulikeheiter. Eg vil ha eit samfunn der alle kan streve etter å skape seg eit godt liv, kvar etter sin skikk så lenge det ikkje går på bekostning av andre.

I eit slikt samfunn trur eg folk blri lykkelege, i eit slikt samfunn vil eg bu, og for å behalde å utvikle det norske samfunnet slik er eg med i politikken.

Exit mobile version