Opplæring av Gunn?

Det er mange som hevdar at den norske skolen er for dårleg. Det kan vi sjølvsagt ha ein lang debatt om. Noko er bra, noko kan bli betre. Men ein skulle jo tru at i alle fall kunnskapsdepartementet sine folk skulle kunne skrive rett norsk. Det er derfor overraskande å sjå dette på nettsidene til departementet – i presentasjonen av ministeren av alle ting: 

No kan det sjølvsagt vere at opplæring av Gunn er ei nasjonal oppgåve, men eg trudde vel at departementet ikkje skulle konsentrere om berre ein person?

Men, det er vel sannsynleg at det er gRunnopplæring det skal stå.

Ministeren har forøvrig sagt mykje klokt.

Exit mobile version