Kvoter til besvær

Stortinget skal i løpet av våren avgjere korleis utviklinga i norsk fiskerinæring skal bli dei neste åra. Dessverre legg regeringa si kvotemelding opp til at det skal bli ei enno større sentralisering i næringa. Dei som har mest skal få mest.

Kvotemeldinga legg opp til at privatiseringa av fiskeressursane skal halde fram. Den legg opp til at færre personar skal eige meir av fiskeressursane og den legg opp til at mange fiskerisamfunn langs kysten vår framleis vil mangle tilgang på fiskeriressursen.

No må Stortinget manne seg opp og gjere noko med dei problema vi har i fiskerinæringa:

  1. Enorme kostnader for å komme seg inn i næringa for ungdom
  2. Eigarkonsentrasjon i næringa, stadig færre eig stadig meir av retten til å fiske
  3. Alt for mykje av fisken blir levert frossen, noko som betyr at norsk fiskeindustri mistar konkurransefortrinnet med å ligge nær dei store fiskeressursane.

Det er sjølvsagt eit uttal detaljar i kvotemeldinga som skal og må diskuterast, men dei overordna problemstillingane er likevel dei viktigaste å diskutere.

Frå SV si side har vi svara på dei overordna problemstillingane.

  1. Kystflåten leverer i større grad den ferske fisken som industrien etterspør. For å sikre heilårige arbeidsplassar er det derfor naturleg at ein større del av fisken blir fanga av kystflåten. SV meiner derfor at må trålstigen endrast. Det kan anten skje ved at kvoter blir flytta frå trål til kyst, eller ved at den største kystflåten blir flytta opp i trålklassen utan at kvotene følgjer med. I tillegg må ordningar som ferskfiskbonus behaldast og vidareutviklast slik at vi får levert fisk heile året.
  2. Vi må sette eigarskapsbegrensningar også på kystflåten. Ei aktuell grense kan vere at ingen skal ha kontroll med meir enn tre prosent av kvotene innafor kvar gruppe i finnmarksmodellen.
  3. Strukturkvotene må tilbakeførast og ikkje forlengast. Denne tilbakeføringa må skje som uomsettelege rekrutteringskvoter som gjer det enklare for ungdom å komme inn i fiskeria, eller slik at kommunar/regionar kan disponere desse til beste for sine lokalsamfunn.
  4. Ved eventuell framtidig strukturering må avkortinga bli større – opp mot 50%. Det vil verke prisdempande og dei inndratte kvotene kan gå til uomsettelege rekrutteringskvoter.

Over tid vil desse endringane føre til ei kraftig redusering av kapitaljaget i næringa. Det vil styrke lokalsamfuna og gjere det enklare for ungdom å komme inn i næringa utan at vi øydelegg livsgrunnlaget til ei som allereie har investert stort i næringa.

Foto: Foto: Einar Stamnes/Wikimedia Commons

Røkke, Roger og røveri

Kjell Inge Røkke kontrollerer ti prosent av kvitfiskkvota i Noreg. Skal han få halde fram med det? Foto: andlun1/flickr

Kjell Inge Røkke har skaffa seg kontroll med 10 prosent av den norske kvota på torsk og anna kvitfisk. Desse trålkonsesjonane vart i utgangspunktet delt ut av ein einaste grunn. Dei skulle gje fiskeindustrien stabile leveransar av råstoff. Dersom dei ikkje oppfyller dei vilkåra lenger så er og grunnlaget for konsesjonane borte.

Dette er hovudgrunnen til at Roger Ingebrigtsen sitt forslag blir heilt feil, sjølv om intensjonen kanskje er god. Det at vi skulle kjøpe attende ein fiskerett frå Røkke blir å gje Røkke ei gåvepakke. Grunnen til at denne diskusjonen i det heile tatt er komen opp er jo at Røkke sine trålarar ikkje lenger oppfyller vilkåra som gjev dei rett til å fisk. Då er det einaste logiske å ta frå Røkke retten til å fiske. Det å skulle kjøpe kvotene tilbake frå han blir som å kjøpe ein ny å betre bil til ein råkøyrar så ho kan køyre for fort på ein tryggare måte.

Roger Ingebrigtsen seier i følgje NRK Nordnytt:

Statssekretær Roger Ingebrigtsen er kritisk til Kjell Inge Røkke og Aker Seafoods i nord og ønsker å opprette et statlig ressursselskap som har midler til å kjøpe tilbake trålkvoter.

Dersom vi skulle følgje opp dette to gonger. Først vart kystbefolkninga røva, så blir vi røva for pengar for å kjøpe tilbake den same fisken.

Dersom Røkke ikkje oppfyller vilkåra i konsesjonane om å levere fisk til landanlegga må han miste konsesjonane. Men, vi bør og gjer enoko med trålflåten i det heile. Kystflåten er no blitt så god at han klarer å levere fisk heile året. Då er det ikkje lenger grunnlag for å halde oss med ein kapitalintensiv trålflåte. Kystflåten legg i større grad igjen pengar i kystsamfunna enn trålflåten, medan trålflåten i større grad legg igjen pengar i bankane. I dag har trålflåten ca 30% av kvitfisken medan konvensjonell flåte/kystflåten har 70%. Vi bør sette oss eit mål om å endre dette til 90/10 i løpet av ein tiårsperiode. Det vil Nord-Noreg vinne på.

Og vi slepp å kjøpe ut Røkke.

Exit mobile version