Opprør langs kysten

Det er opprør langs kysten. Det har starta i Finnmark, i Mehamn og andre stader. No er det chartra eit fly (jagarfly) for å ta opprøret til Oslo. Kva er det vi er så opprørte over? 

Det er denne karen striden står om. Torsken er verdfull for trålar og industri. Men kven skal ha retten til han? Foto Norsk Havbrukssenter – Flickr

Det som er grunnlaget er ein lang prosess der fisken sakte er blitt omgjort frå ein ressurs for folk langs kysten til eit verdipapir for folk som er langt borte. Dette er eksemplifisert gjennom Røkkes Aker Seafood. Dei fekk lov til å kjøpe rett til å fiske torsk mot at dei påtok seg ein samfunnskontrakt. Kontrakten var i korte trekk. Røkke fekk lov til å fiske og hauste av vår felles ressurs mot at han leverte fisken til anlegg langs kysten å sørge for aktivitet på land. Det at Røkke er i ferd med å bryte denne kontrakten er det som har utløyst dette opprøret.

Den operasjonen Røkke har gjennomført etter at han fekk retten til å fisk er at han har skilt fangstsida frå landsida. Då får han eit reknestykke som viser at han tener pengar på å fange fiske, men taper pengar på fabrikkane. Då han fekk overta var poenget at ein skulle sjå land- og sjøsida i samanheng. Det eine skulle vere avhengig av det andre. Det er ikkje situasjonen slik den er no. Samstundes skal eg glatt innrømme at eg er veldig glad for at Stamsund, der eg er frå, er ein av plassane som Røkke sine selskap har valt å satse på.

Kva må vi gjere no?

Det er fleire utfordringar i fiskeria no. Den eine er låge prisar, noko som gjer at folk må fiske hardare. Den andre er at torskefiskeria er sesongfiskeri, mesteparten av fisken kjem på land mellom desember og april. Det skaper problem i marknadene. Supermarknadene vil gjerne ha stabil leveranse heile året. Det tredje er at frysing av fisken om bord fører til at vi i produksjonen av fisken må konkurrere med lønene i Kina og andre lågkostland.

Det er sjølvsagt ikkje noko enkel løysning på desse problema, men eg er ganske sikker på at vi må søke ei løysning langs desse linjene:

  1. Leveringsplikten til trålarane må handhevast. Konsekvensen av brot må vere at ein mistar konsesjonen.
  2. Deltaraloven må innskjerpast, og omsettinga av fiskerettar må reduserast og over tid må fiskerettane bli uomsettelege både i namnet og gavnet.
  3. Det må satsast stort på forsking på automatisering og robotifisering av fiskeindustrien. Det krev forsking, men skal vi konkurrere med løner andre stader må vi bruke meir maskinar og mindre folk.
  4. Levandelagring av fisk må bli ein norm for å få spreidd fisken utover heile året. Også her krevst meir forsking. Då kan industrien vere heilårsarbeidsplassar og marknadsarbeidet blir enklare. Sannsynlegvis kan vi og hente ut høgare prisar i marknaden.

Kva trur du, kva meir må vi få til for å sørgje for at verdiskapinga frå fiskeria blir langs kysten vår?

 

Kystfiskeutvalet

I dag har eg vore på høyringa Troms fylkeskommune arrangerte om kystfiskeutvalet si innstilling. Det fulle namnet er «NOU 2008:5 Retten til fiske i havet utenfor Finnmark«. Innstillinga går i korte trekk ut på å anerkjenne finnmarkingane og sjøsamane i Finnmark sin rett til fiske i fjordane og kystnære farvatn utanfor Finnmark. Dette er ei god og spennande innstillinga.

Utvalet foreslår å begrense kapitalen si kontroll over fiskeria langs kysten

Innstillinga seier at basert på hevdvunne rettar og dei folkerettslege pliktene Noreg har, så får urfolka rett til fiske i fjordane og langs kysten av Finnmark. Det fantastiske er at denne retten og vil gjelde alle som bur i Finnmark, ikkje berre samane.

Denne retten vil vere personleg, uomsetteleg og knytt til at ein bur nær fiskeplassen. Dette er musikk i mine øyre (då reint bortsett frå at eg ikkje er så veldig glad i musikk – men eg er altså glad for dette). Eg har kjempa for ein slik fiskeripolitikk så lenge eg har vore politisk aktiv. Det er viktig å rett at kystfolket har rett til å fiske. At denne retten ikkje skal omsettast på ein børs og at det skal vere råd å komme inn i fiskeria utan å måtte bruke store summar på å kjøpe seg kvotar.

Det er fleire grunnar til at dette er rett. Når ein ikkje må kjøpe kvote minkar presset på fiskebestanden, fordi ein ikkje må fiske til banken før ein kan starte å fiske til seg sjølv. I tillegg må desse nye kvotane takast frå ein plass. Det er sannsynleg at desse kvotane vil komme gjennom at staten kjøper ut kvote frå havfiskeflåten. Dette vil vere med å minke presset på bestandane og redusere energiforbruket og dermed CO2-utsleppa frå næringa.

Eg håper Stortinget no vedtar denne innstillinga, og at vi kan utvide denne ordninga til å gjelde heile den nordnorske kysten. Det vil vere ein siger for verdiskaping, miljø, kystkultur og ikkje minst vere med å ta vare på den sjøsamiske kulturen.

Det er godt å kjenne seg oppglødd ein fredags ettermiddag.

Spanande demokratisering

To lovforslag er ute til diskusjon for tida. Begge har potensiale i seg til å verke demokratiserande i Noreg. Kystfiskeutvalet har konkludert med at finnmarkingane har rett til å fiske i eiga hav, og skal få styre noko av dette sjølv. Forvaltning av dei som bur nære ressursane er eg jamt over for. Tidlegare er det foreslått at staten ikkje lenger skal styre dei store utmarksområda i Nordland og Troms, men at vi som bur her skal få rå over desse områda. Det skal skje gjennom skipinga av ein Hålogalandseigedom som Troms, Nordland og Sametinget skal styre i fellesskap.

Felles for desse to forslaga er at dei kjem på bakgrunn av at storsamfunnet erkjenner samiske rettar og at dei flytter makt frå departement og direktorat i Oslo og nærmare folk. Det er ein god ide. Så må eg ta eit atterhald, eg har enno ikkje lest kvart eit komma i desse utgreiingane. Det er sikkert ting som ikkje er så bra og, men hovudprinsippa er flotte.

Her kan du laste ned kystfiskeutvalet sin rapport i PDF-format.

Exit mobile version