Inntektar til kommunen frå laksen – utan fleire anlegg

Ja, eg meiner at oppdrettsnæringa skal betale for å bruke areala i Tromsø kommune. Det håper eg Raudt er samd med meg i. I eit innlegg i iTromsø 22. januar kritiserer dei meg fordi eg har sagt at eg meiner næringa bør betale ein skatt til Tromsø kommune på 20-30 millionar kvart år. Dei hevdar at dette vil krevje ei valdsam utviding av lakseoppdrett i Tromsø.

Det stemmer ikkje.

I saksframlegget til formannskapet så står det:

Tromsø Kommune ser for seg en skattelegging av havbruksnæring gjennom en tredelt modell med en grunnrente beskatning på arealleie 50 % og en arealavgift for tildeling av nye arealer på 25 % samt en  utvidelse av dagens ordning med en produksjonsavgift på kapasitetsvekst på 25 % (salg av konsesjoner). Målet er at dette skal gi kommunen stabile og forutsigbare inntekter på 32 millioner årlig.

Når eg seier til NRK at eg ser for meg ei inntekt på 20-30 millionar er det nettopp fordi eg ikkje ser for meg noko vekst i oppdrettsnæringa i Tromsø utan at næringa klarer å levere anlegg utan forspill eller utslepp av skit, utan påslag av lakselus og utan rømming av laks.

Dersom tala i saksframlegget frå kommune er rett skulle inntekta gjennom denne løysninga utan eit einaste nytt oppdrettsanlegg i Tromsø bli 24 millionar.

Så håper eg sjølvsagt at næringa løyser dei miljø- og dyrehelseutfordringane dei har slik at det faktisk kan bli fleire anlegg i Tromsø.  Men, før det er på sin plass vil i alle fall ikkje eg gå inn for nye anlegg.

Dessutan 24 millionar vil komme svært godt med for Tromsø kommune

Foto: Thomas Bjørkan/ https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Fish_cages.jpg

Laksekonsesjonslotteriet

Fiskemerder. Foto Thomas Bjørkan

Vi har sett det innafor fiskeria lenge. Dei som har vore så heldige å få ein rett frå staten til å utnytte dei felles ressursane våre har kunne seld denne og blitt rike. Ein rikdom dei har fått frå fellesskapen. Den siste tida har VG og Dagbladet hatt fleire reportasjar om det same innafor oppdrettsnæringa. Nokre har fått ein rett til å bruke vårt felles hav til å drette opp fisk. Denne retten har dei kunne selje og bli rike.

Eg unner alle som gjennom hardt arbeid blir rike alle dei pengane dei har. Eg har litt meir probblem med dei som blir rike gjennom å ha fått utlevert eit verdipapir frå staten (så skal det sjølvsagt nemnast at det som oftast må arbeidast hardt for å fylle papiret med verdi).

Ein rett til å tene pengar

Når samfunnet vel å gje nokre få av oss rett til å utnytte ein felles ressurs så skjer det ei verdioverføring frå samfunnet til den heldige. Dersom eg fekk ein rett (altså ein konsesjon) til å drive med oppdrett, så får eg og ein rett til å tene pengar som ikkje alle andre har. Slik må det nesten vere, det er ikkje rom for at vi kan ha oppdrettsanlegg i alle fjordane. Tilgangen må avgrensast på eit eller anna vis. Så lenge eg tener pengar på å bruke konsesjonen til det han var tenkt til, altså produsere oppdrettsfisk er eigentleg alt greitt. Det er arbeidet som skaper verdiar. Problemet oppstår den dagen eg vel å selje konsesjonen min.

La oss seie at eg måtte betale fem millionar for å få ein konsesjon frå staten, og sel den same konsesjonen vidare til nokon annan for 20 millionar, så tener eg 15 millionar. Men kvar kjem desse 15 millionane frå? Desse 15 millionane er ein verdi av ein konsesjon som er gjeve frå fellesskapet til den einskilde. I nokre samanhengar kan det kanskje vere greitt å dele ut 15 millionar kroner frå staten til einskildpersonar, men eg trur dei fleste av oss ville reagere om staten tok til å sende 15 millionar av våre skattepengar til einskildpersonar rundt i landet. Likevel aksepterer vi dette når det gjeld retten til å fiske eller til å drive oppdrett. Det finn eg litt underleg.

Problemet er at konsesjonane er omsettelege

Hovudproblemet her er at konsesjonane er omsettelege og at staten ikkje tar full pris for konsesjonen skal delast ut.

Løysninga er like enkel som problemet. Vi må forby all omsetting av slike konsesjonar. Dersom du vil slutte med oppdrett eller fiske kan du sjølvsagt fritt selje mærdene dine, kompetansen din eller båten din, men du kan ikkje selje konsesjonen. Konsesjonen må falle tilbake til fellesskapet. Så kan det godt tenkast at konsesjonen skal delast ut igjen. Eller det kan tenkast at vi av miljøgrunnar eller med tanke på kapasiteten i ei næring ikkje skal dele ut konsesjonen på nytt. Det blir ei avgjerd som vi må ta politisk etter debatt og diskusjon.

Det andre alternativet er at staten tar full marknadspris for ein konsesjon. Då tilfell heile verdien av konsesjonen til samfunnet, og drivaren vil kunne ha lov til å omsette konsesjonen vidare. Marknadspris vil ein kunne oppnå gjennom å auksjonere ut retten til å drive oppdrett eller fiske.

Det kan ikkje vere noko tvil om at uomsettelege konsesjonar bør vere den rette løysninga når vi gjev folk eller selskap rett til å utnytte ein felles og avgrensa ressurs. Ein slik ressurs er nettopp felles, og bør ikkje kunne spekulerast med av nokre få av oss. Ei auksjonsordning vil fungere som dagens ordning. Retten til å utnytte fellesressursane blir samla på færre og færre hender. Verdiane som burde vere våre i fellesskap skaper rikdom for nokre få og ikkje for oss alle.

Foto: Thomas Bjørkan / http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Fish_cages.jpg