Nok mat i Noreg og verda?

Det er brot i landbruksforhandlingane. Eg er vel ein av dei mange som ikkje skjønner alle detaljane i landbruksavtalen, men eg skjønner godt at om bøndene ikkje tener pengar på det dei held på med så vil dei slutte med det.

Samstundes var det ein notis i dagens Nordlys og at Noreg importerer meir korn enn nokon gong før:

Norge må i år importere 275.000 tonn matkorn og 423.000 tonn fôrkorn. Dette er det høyeste nivået siden den nye markedsordningen ble innført i 2001.

Til sammen ble det produsert til sammen 962.000 tonn korn og 11.000 tonn erter og oljefrø her i landet i fjor. Det vil si at 17 prosent av matkorn og 71 prosent av korndelen av kraftfôr kommer fra norske produsenter.

Det dette viser er at Noreg er eit sårbart land. Vi har låg sjølvforsyning på sentrale matvarer. Dette skjer samstundes med at matproduksjonen er under stort press internasjonalt. Denne grafen frå FAO – FNs matvareorganisasjon fortel både at prisane er på veg opp og at dei varierer ganske valdsamt:

Kjelde: http://www.fao.org/worldfoodsituation/wfs-home/foodpricesindex/en/

Vi veit og at folketalet i verd veks kraftig, og at vi skal bli ni milliardar om ikkje så alt for mange år.

Eg synst det er skummelt at vi har fjerna dei strategiske matvarelagra i Noreg, og enno skumlare er det dersom matproduksjonen blir redusert i Noreg.

Vi må uansett basere oss på å importere ein god del mat, men vi kan vere sikre på at i takt med foletalsveksten, og rikdomsveksten vil matbehovet i verda auke. Då kan vi vere ganske sikre på at ein så stor sjøvbergingsgrad som mogleg og eit strategisk matvare/kornlager gjev oss større tryggleik enn nye jagarfly.

Var det opp til meg vill eg redusert kjøpet av jagarfly og heller gjeve bøndene eit godt økonomisk oppgjer.

Det ville skapt større tryggleik for Noreg. I tillegg til levande bygder.

[poll id=»17″]

Ny arbeidsplassar i nord

Harstad 5.aug 2009 009_skalert
Førstekandidatane til SV i Nord-Noreg var i Harstad 5. august og besøkte Hydra Tidal. Samde om ei stor satsing på fornybar energi. Frå venstre Krisrsti Bergstø, Lena Jensen og Geir Ketil Hanssen. Foto: Hogne wikeland

Oljenæringa er ei solnedgangsnæring og kan ikkje bære Noreg framover. Sakte men sikkert vil andre næringar måtte ta over. Då er det viktig for Nord-Noreg å vere i første rekke i dei nye næringane, der dei nye arbeidsplassane blir skapt. Vi har ofte mykje å lære av Vestlendingane om å satse framtidsretta og langsiktig.

Det minner meg om ei lita historie las i Rubicon av Agnar Mykle ein gong. Før motoren si tid var vist møringane dei beste til å ro. Dei einaste som kunne slå dei i roing var nordlendingane, men berre over eit kort stykkje og om det sto kvinnfolk i fjæra og såg. Den nordnorske trua på at oljenæringa skal skape tusenvis av arbeidsplassar er den moderne versjonen av denne historia.

No, når oljetida går mot slutten skal vi satse og gire næringslivet mot noko som snart er over. Då nyttar det ikkje om kvinnfolka vinkar aldri så mykje – vi må bli betre på den langsiktige satsinga. Nokre tal kan underbygge dette. I troms jobbar det 519 personar i petroleumsnæringa, i Finnmark er talet 260. I perioden frå 2000 til 2007 auka Rogaland sin andel av dei tilsette i petroleumsnæringane (tal frå SSB, Rapporter 2009/7). Dette skjedde samstundes med utbygginga av Snøhvit. Oljenæringa er ikkje på veg nordover.

Det kan bli ein liten sysselsettingsvekst i nord knytt til petroleumsnæringa, men å tru at dette er framtidsnæringa er feil. Til samanlikning jobbar det nesten sju gonger fleire i fiskerinæringa i Troms enn med olje, ni gonger fleire med turisme og det er tre gonger fleire bønder i Troms enn personar som jobbar i petroleumsnæringa. Erna Solberg seier til oilinfo.no at det er viktig for arbeidsplassane på Vestlandet at det blir oljeboring utanfor Lofoten Vesterålen.

Men Vestlendingane har skjønt at framtida ligg andre plassar enn i oljen. Dei store vestlandske kraftselskap har samla seg i selskapet Vestavind Offshore as for å satse på vindkraft. Kraftnytt.no rapporterer at:

«Rune Birkeland, administrerende direktør i Grieg Logistics, tror offshore vindkraft kan gi store positive ringvirkninger for næringslivet på Vestlandet.

– Vi har blitt eksperter på offshore virksomhet gjennom erfaringen fra oljevirksomheten. Kobler vi vår ekspertise med utenlandsk kompetanse på vindturbiner, kan vi skape mange arbeidsplasser, sier Birkeland, som også er styremedlem i Norwind, et selskap som fokuserer på offshore vindkraft.»

Vi har ikkje tid til å gå omvegen om oljenæringa for å skaffe oss kompetanse på dei nye energiformane. Vi må hoppe bukk over olja for å vere med på det nye. Satsar vi på olje no blir vi sittande i fjæra medan verda går vidare.

Kva skal vi satse på?

Eit godt eksempel på kva Eg og vi i SV vil satse på er den utviklinga av tidevasskraft som skjer i Harstad. Toppkandidatane til SV i Nordland, Troms og Finnmark besøkte Hydra Tidal no i august. Lena Jensen, SVs førstekandidat i Troms uttalte den gongen til NRK:

– På syttitallet bygget Norge opp oljeindustrien og fikk pengene hit. På samme måte ønsker SV nå å bygge opp fornybar energiindustri, og vi vil satse spesielt i Nord-Norge.

– Da er det viktig at vi sikrer at Hydra Tidal, som ligger fremst i verden på tidevannskraft, får de pengene de trenger. For det er akkurat her den nye industrien og de nye massive arbeidsplassene skal komme i Nord-Norge i framtida, og ikke innenfor olje.

Dette er SVs satsing. Les gjerne meir om SVs næringssatsing i Arbeidsprogrammet vårt, du finn det her.

EU og agurkar

Agurkane skal likevel ikkje få bli så kromme som dei vil. Foto: Wikipedia/Muu-karhu
Agurkane skal likevel ikkje få bli så krumme som dei vil. Foto: Wikipedia/Muu-karhu

Ein ikkje så veldig viktig, men artig del av EU-debatten i Noreg var den store agurkdebatten. Det var eit «viktig» argument mot EU-medlemskap at EU dreiv å regulerte bøyen på agurkane. Saka er i alle fall viktig nok til at Europabevegelsen bruker tid på å motbevise dette. Men no er det slutt, EU sine agurkar skal få ha akkurat den bøyen dei vil ha i framtida om landbrukskommisjonær  Mariann Fischer Boel får det som ho vil. The EUobserver skriv:

«I can’t stand it any longer to be confronted with the curved cucumbers. I want to end this debate, that the EU is regulating everything into the details,» Ms Fischer Boel explained.

Eg må likevel innrømme at eg framleis er mot norsk EU-medlemskap. Det hjelp heller ikkje at framlegget frå Fischer Boel ikkje fekk fleirtal i følgje Jyllandsposten:

Den danske landbrugskommissær Mariann Fischer Boels initaitv til at annullere de fleste af de i alt 36 EU-normer for frugt og grønt har lidt skibbrud. Forslaget er overraskende blevet afvist af et flertal af medlemslandene, meddelte EU-talsmand Johannes Laitenberger mandag i Bruxelles ifølge det østrigske dagblad Kronenzeitung.

Det er det EU vi kjenner

Oppdatert, så kan agurkane likevel bli skeive og skakke