Feitare politikarar – slankare elevar

Øyvind Hilmarsen har lagt fram eit budsjett der det blir kutta hardast i tilbod til dei svakaste. Foto: Høyre

Overskrifta lyg sjølvsagt, gjer ikkje alltid overskrifter det? Om politikarane blir feitare veit eg lite om, men eg veit det blir fleire og dyrare politikarar i Tromsø, medan det blir mindre pengar til skolane og elevane. Dette er kanskje hovudinntrykket etter å ha lest høgrebyrådet sitt framlegg til budsjett for 2012. I tillegg er det ein drøss små og smålege kutt. Det er dei svakaste som blir ramma.

Så skal eg ile til å innrømme byrådet ein ting før eg går vidare. Dei har sjølvsagt ikkje hatt ein overflod å bruke av, men dei kunne likevel prioritert annleis.

Byrådet (H, Frp og V) foreslår å kutte 14,67 millionar til skolane i Tromsø. Dei vil fjerne leirskoletilbodet, dei reduserer driftstilskottet per elev frå 3000 til 2000 kroner og 1,25% kutt i lærarstillingar. Samstundes veit vi at kostnaden med å innføre parlamentarisme er over 16 millionar kroner. 13,5 fleire stillingar til politikarane i kommunen er altså viktigare enn å sørge for nok lærarar, at elevane kan besøke bibliotek eller reise på ekskursjonar eller at elevane våre skal få eit leirskoletilbod. Eg klarer ikkje å skjønne det, klarer du?

Det kan vere verd å ta med byrådet sin eigen tekst om temaet:

Herunder foreslår byrådet å redusere undervisningsressursen for alle skoler med 1,25 %, et tiltak som utløser en besparelse på 1 752 000 kroner (halvårseffekt) i 2012. Ved å redusere driftsrammen per elev fra 3.000 til 2.000 kroner frigjøres 8,9 millioner kroner. Videre frigis ytterligere 1,2 millioner kroner ved å flytte ansvaret for vakthold i forbindelse med utleie av rom og gymsaler over til leietaker. Ved å øke antall elever per kontaktlærer fra 15 til 16 reduseres driftskostnadene med en halvårseffekt på 229.167 kroner i 2012. Voksenopplæringa og PPT får redusert sine rammer med 230.000 kroner hver i 2012. Avslutningsvis fjernes ekstratilskuddet, på 1 million kroner, til innkjøp av nye skolebøker og 2,236 millioner kroner spares ved å fjerne det ikke-lovpålagte tilskuddet til leirskoler. (side 14)

Driftsramma foreslås redusert fra 3 000 kr til 2 000 kr per elev. Driftsramma brukes blant annet til lærebøker, læremidler, utstyr, inventar, ekskursjoner, skolebibliotek, IKT-utstyr, kompetanseheving, osv. Totalt betyr dette en reduksjon av driftsramma på 8,9 mill (side 58)

Altså elevane skal ikkje få den erfaringa ein leiskole er, dei skal ikkje få pengar til undervisning utanfor skolen, det skal bli dårlegare utstyr, inventar og mindre kompetanseheving. Dette kjem altså frå Høgre. Neste gong dei vågar snakke om kvalitet i skolen er det nok mange som må halde seg for nasen. Det dei derimot skal bruke skolen sine dyrebare ressursar til er testar av alle elevane i andre klasse! Alt dette for å få råd til å innføre parlamentarisme. Eg blir nesten flau.

Alt er heldigvis ikkje heilsvart (berre mørkegrått). Byrådet går inn for å opprette ein ressurskole for infantil autisme og at alle skolane i Tromsø skal delta i Ny Giv. Ny Giv er ei prosjekt for å få ned fråfallet i vidaregåande skole.

Men det er ikkje berre skoleelevane som får det verre. Det skal og kuttast 6,5 millionar i barnehagane i Tromsø. I tillegg kuttar byrådet 1,5 millionar til barnevernet. Det er pengar som går til reiser og fritidsaktiviteter for barn. Rett nok skriv byrådet at dei meiner NAV bør betale for dette, men eg er ganske sikker på at dette betyr eit dårlegare tilbod til barnevernsbarn i Tromsø.

Byrådet er heller ikkje snaue når det gjeld OPS og konkurranseutsetting. Dei skriv:

Byrådet vil se på muligheter for å inngå offentlig-privat samarbeid (OPS) i forbindelse med nye byggeprosjekter. Her er det flere varianter å velge av. Byrådet ser for seg at eksempelvis helse- og omsorgsprosjektet Otium kan bygges og eies av private, mens kommunen kan drive tilbudet. Det viktige for byrådet er at det er kommunen som er bestiller, og derigjennom definerer kvaliteten på tilbudet. Det er også kommunen som har kvalitetskontrollen

Dette er dessverre eit luftslott frå høgresida. All erfaring tilseier at slike modeller blir dyre for kommunen. Er du interessert kan du lese meir om OPS her og her.

Meir konkurranseutsetting

Byrådet vil derfor åpne for konkurranseutsetting, og at både frivillige og ideelle organisasjoner samt private helsebedrifter kan være tilbydere. Kommunen skal ha ansvar for tildeling av tjenester, finansiering og kvalitetssikring, men alle gode krefter i samfunnet skal slippes til for å møte fremtidens omsorgsutfordringer

I tillegg skal dei anbudsutsette drifta av kjøkken og kafe på Heracleum. Drifta der kostar kommunen 1,8 millionar. Byrådet reknar med at dei kan få ideelle organisasjonar til å gjere det for 300 000,- Nok eit luftslott.

Andre kutt

  • Byrådet vil vurdere å kutte medlemskapet i friluftsrådet for å spare 700 000 kroner.
  • Dei aukare eigenbetalinga for barn og ungdom i kultur og idrettstilbod utover prisveksten.
  • Dei reduserer støtta til gatejuristen med 70 000 kroner. Det er vel omtrent månadsløna til ein byråd?
  • Det blir auka eigenbetaling for eldre på dagsenter.
  • Fontenehuset eit tilbod for psykisk sjuke blir kutta med 450 000 kroner
  • Innfører eigenbetaling på 50 kroner for funksjonshemma som skal delta i aktivitetane på dagsenter

Jamt over er dette eit budsjett som rammar dei svakaste og minste i samfunnet hardast. Men ingen grunn til å vere overraska, det er dette som er høgrepolitikk.

Så til slutt eit kutt som ikkje rammar dei svakaste, men er litt trist likevel. Dei set Sjakk-OL i fare ved å redusere tilskottet frå ein til to millionar. Både fylket og Sparebanken sine tilskott er basert på at kommunen tar del. No forsvinn kanskje dette kjempearrangementet frå byen. Kva seier no næringslivet til det?

Kva meiner du om dette budsjettet? Skriv gjerne i kommentarfeltet, og abonner gjerne på nye innlegg på denne bloggen ved å skrive inn e-postadressa di i margen til høgre.