Slutt på boka

Denne artige vesle filmsnutten fann eg på IKT i læring. Den er verd å bruke nokre minutt på. Sjølv om eg må innrømme at norsk bokbransje sitt forhold til e-bøker irriterer meg. I går fann eg ei bok eg hadde lyst til å lese. Eg søkte ho opp på nettet og var klar til å bruke eit par hundrelappar for å laste ho ned på mobilen min for å lese. Det var ikkje muleg.

Kjem eg til å gå på biblioteket eller på bokhandelen for å kjøpe/låne boka? Eg tviler.

Tapt sal for eit norsk forlag og ein norsk forfattar.

Vel her er filmen:

Telefon eller lesebrett

Er dette det nye lesebrettet? Foto: SpeednutDave/http://www.flickr.com/photos/speednutdave/4169880384/

Eg er i ferd med å lese mi andre e-bok. Den første eg leste, las eg på datamaskina mi. Denne gongen les eg på telefonen. Telefonen er ein fantastisk liten dings som heiter Nokia N900. Eg har aldri brukt iPhone, så eg kan ikkje samanlike, men denne gjer alt eg vil. Litt få program enno, men eg har stor tru på at dei kjem til denne vesle linuxdingsen.

Men dette skulle ikkje først og fremst handle om telefonen min. Det kunne vore kva slag som helst telefon med litt storvoren god skjerm. Desse er gode å lese på, du har den med deg alltid og over alt. Ingen andre dingsar kan konkurere med det.

Det store spørsmålet blir då, kjem eg til å kjøpe meg eit lesebrett i tillegg, eller kjem telefonen til å gjere nytta? Det er nok heilt sikkert slik, at det er hakket meir behageleg å lese på eit lesebrett og dermed går kanskje og lesinga raskare. Men er kostnaden verd det? Då tenkjer eg ikkje først og fremst på kostnaden i pengar, men i form av: hugsar eg å ta med lesebrettet, orkar eg vekta og har eg plass i lomma? For telefonen er svaret ja på alle dei spørsmåla.

Så her er spådomen min. Lesebrettet tar ikkje heilt av, og telefonen kjem til å bli det fremste leseverktyet framover.

Kva trur du, tar eg feil og korfor?

Boka er forøvrig kul og heier «Maker» og er skriven av Cory Doctorow. Du kan laste ned boka her

Exit mobile version