Det er uansvarleg, på grensa til umoralsk å opne Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeboring.
Slik vil eg vende orda til spaltist Per Lars Tonstad som i Nordlys hevdar at det er umoralsk å ikkje opne opp for oljeboring mot han. Argumentasjonen til Tonstad heng dessverre ikkje på greip, og han overser glatt det viktigaste moralske argumentet: Vi kan ikkje øydelegge denne kloden for dei som kjem etter oss.
Han bruker som argument at olje og gass er verdas viktigaste handelsvare. Ja det kan godt stemme. Det er likevel ikkje eit argument for å opne opp for meir oljeutvinning. Narkotika og våpen er og store viktige handelsvarar, ingen ville vel finne på å bruke det som argument for at vi skal produsere meir av det?
Tonstad argumenterer for at olje og gass er uunnverleg i industriproduksjon, og til transport. Her skal eg gje han delvis rett. Komplekse hydrokarbonar treng vi i industriproduksjon, men det er eit argument for at det er uansvarleg av oss å pumpe opp all olja no for å brenne ho opp i motorar.
Tonstad skriv at energiforbruket skal doblast i perioden 1990 til 2025. Det kan sikkert vere rett, men det er ingen grunn til at vi skal ta denne veksten med olje og gass når sol, vind og andre kjelder snart er like billige og betydeleg betre for miljøet.
Tonstad skriv at olje og gass er viktig for norsk økonomi. Ja, det er det ingen tvil om. Derfor har ingen seriøst foreslått at vi skal skru av oljeproduksjonen over natta, men at vi no må starte ein langsiktig overgang til anna produksjon. Det gjer vi gjennom å ikkje opne stadig nye olje og gassfelt. Dei siste åra har vist oss at det ikkje er bra for ein nasjon å vere så avhengig av ei næring som Noreg er i dag.
Tonstad hevdar at norsk produksjon er best i klassa når det gjeld utslepp av CO2 i produksjonen av olja. Det er ei sanning med modifikasjonar. Fleire felt på norsk sokkel har høgare utslepp enn oljesandproduksjonen i Canada. Andre felt har låge utslepp. Uansett er det bruken av olja som er hovudproblemet, ikkje produksjonen.
Diskusjonen om å opne opp for oljeboring i nord handlar sjølvsagt om faren for utslepp, faren for fiskebestandane og faren for sjøfuglane. Så er det riktig at norsk oljeindustri og dei som arbeider der er svært dyktige, at det er høge HMS-stadardar og at faren for alvorlege uhell er liten. Faren er likevel til stades. Kanskje kunne det likevel vore rett å akseptert den faren dersom vi skulle produsere noko som gav store inntekter og ikkej påverka miljøet.
Men, det er snakk om å produsere den viktigaste drivaren bak klimaendringane. Forbrenning av olje og gass er den viktigaste grunnen til klimaendringane. Desse endringane blir tydelegare og tydelegare. Konsekvensane blir ikkje størst i Noreg. Konsekvensane blir størst i fattige land. På øystatar som blir oversvømt, for millionar av folk i Bangladesh som må flykte frå stigande havnivå i deltaet, for folk i Afrika som opplever mindre matproduksjon. Alt dette vil føre til store flyktningestraumar, ufred, krig og naud. Mange vil seie at klimaendringane var ein av grunnane til at avlingane svikta i Syria og skapte grunnlaget for den krigen vi ser no. Tenk deg krisa i Syria ganga med ti, eller ganga med 100.
Då spør eg, er det framleis umoralsk å vere mot å opne nye område i Norge for den industrien som leier fram til dette?
Det er ingen tvil om at oljeindustrien har vore ei lykke for Noreg. Dei som arbeider i denne industrien har vore svært viktig i oppbygginga av den norske velferdsstaten. Det har dessverre kosta store offer for dei som jobba i industrien for at vi saman skulle kunne bygge det norske velferdssamfunnet. La oss anerkjenne kor viktig olja har vore for oss, og bruke den rikdomen det har skaffa oss til å omstille oss til nye tider.
Det vil vere eit moralsk val og, trur eg, eit økonomisk lurt val for Noreg.
Olja si tid er snart forbi, la oss ikkje sitte fast i fortida.