Ein liten augenblink så trudde eg at verda ikkje stod til påska, det vil seie, eg trudde at ho kunne komme til å stå til påske og lenger enn det. Ein liten augneblink trudde eg at Arbeidarpartiet hadde tatt inn over seg klimakrisa og ville gjere noko med Noreg sitt største bidrag til klimaendringane er utvinninga av olje. Eg tok sjølvsagt feil.
Leiaren i Arbeidarpartiet har laga nokre lydar, lydar soim tilsa at han og kanskje resten av Ap skulle ta på alvor at storparten av den olje, gassen og kolet som ligg i bakken må bli liggande der om vi skal unngå store klimaendringar. Men, det viser seg at det Støre faktisk meiner er at alle andre skal la si olje, sitt kol og sin gass bli liggande medan vi priviligerte skal pumpe opp alt vi har. Støre skriv:
Norge har alle forutsetninger for å klare omstillingen som ligger foran oss. Arbeiderpartiet vil videreføre 40 års politikk ved å legge til rette for et stabilt og høyt aktivitetsnivå på sokkelen, samtidig som vi stiller krav til at vi gir kraftfulle bidrag til å redde verdens klima. (Aftenposten)
Altså, vi skal ingenting gjere. Alle andre skal gjere, medan vi held fram med å skumme fløyten. Ap sin stortingsrepresentant frå Troms, Martin Henriksen har vist ikkje lest partileiaren sin kronikk i Aftenposten. For i iTromsø skjeller han ut Høgre for å ikkje ta på alvor klimaendringane:
Henriksen sier han er overrasket hvis det er slik at Høyre ikke tar advarslene fra FNs klimapanel alvorlig.
– Det er ganske alvorlig om vi har to partier i regjering som ikke lytter til klimaforskningen. Det Støre har sagt er at vi må lytte til IEAs råd og at vi ikke kan være uberørt av disse. (iTromsø)
Då er det i grunnen trist at Ap heller ikkje vil lytte til råda frå dei fremste fagfolka på området. Eg utfordra derfor Martin Henriksen på dette på twitter i dag:
Så vil Ap la 2/3 av den gjenverande norske olja og gassen forbli i bakken? @MartinHenriksen @kentgudmundsen http://t.co/09ZbCaDCRx
— Pål Julius Skogholt (@palskogholt) 21. august 2014
Alf Holmelid tok del i samtalen og sa:
@palskogholt Men @jonasgahrstore vil ikkje la noko norsk olje ligge i følgje Aftenposten og VG @MartinHenriksen @kentgudmundsen
— Alf Holmelid (@alfholme) 21. august 2014
Martin Henriksen svarte på utfordringa:
@alfholme @palskogholt Siden dere begge har lest nyhetene vet dere at ingen av de to versjonene stemmer @jonasgahrstore @kentgudmundsen
— Martin Henriksen (@MartinHenriksen) 21. august 2014
Då tenkte eg eg skulle prøve å få eit klårt svar og utfordra han slik:
@MartinHenriksen så det betyr at dokker ikkje vil ta omsyn til IEA sine rapportar i motsetnad til det du seier til @iTromso ? @alfholme
— Pål Julius Skogholt (@palskogholt) 21. august 2014
Den utfordringa traff nok ein plass der det gjorde litt vondt, for svaret kom kjapt:
@palskogholt Herregud. Nei, vi må lytte til FNs klimapanel/IEA. Men sette prosenttall på hvor mye som skal opp går ikke. @iTromso @alfholme
— Martin Henriksen (@MartinHenriksen) 21. august 2014
Den lærdomen frå dette er at Ap skal lytte, kanskje skal det vere litt dialog, men til sjuande og sist skal vi halde fram som før