Slå saman Raudt og SV?

Etter at både SV og Raudt gjorde dårlege val er det fleire som har tenkt tanken om at vi kanskje burde slå saman dei to partia, nokre meiner og at der er verd å ta med MDG i ein slik prosess.

Bakgrunnen er naturleg nok. Dei tre partia fekk til saman åtte mandat på Stortinget. Hadde dei vore eit parti som fekk dei same stemmene ville uttellinga vore 13 til 14 mandat.

Ei samanslåing av dei tre partia er på mange måtar ein fin tanke, men dessverre feil medisin.

Ein av dei som har tatt til orde for dette er Stein Ørnhøi. Han han skriv i Manifest tidsskrift :

Problemene er for store og truslene for alvorlige til at vi som hører til til venstre for det veletablerte Arbeiderpartiet skal fortsette å slåss hver for oss. Jeg har sterke personlige følelser knyttet til SV som parti. Men jeg ser at partiet ikke er politikkens egentlige mening. Svaret på hva som må gjøres, gjør jeg likevel veldig kort: Ved kommunevalget i 2015 bør SV, Miljøpartiet De Grønne og Rødt ha felleslister i de fleste norske kommuner. Ved stortingsvalget i 2017 bør det være bare ett parti til venstre for DNA, nemlig RGV – Rødgrønt Venstre

Sjølv så besnærande som dette kan høyrast ut, så er det feil bruk av tid. Ei samanslåing vil føre til uendelege diskusjonar om politiske vegval. Sjølv om vi til slutt skulle bli samde, vil ikkje alle bli med i eit nytt samla parti. Mange i MDG vil ikkje kalle seg sosialistar eller seie Nei til EU. Mange i Raudt vil ende opp med å meine at partiet ikkje blir radikalt nok. Vi kan fort ende opp med å bruke enorme mengdar tid og energi på å skape noko nytt som kanskje ikkje gjer det så mykje betre i val enn det SV gjer i dag.

Samstundes er den energien som har blitt brukt på ei samling, energi som ikkje blir brukt på å kjempe mot høgresida i politikken, som ikkje blir brukt på å kjempe for velferdsstaten eller for internasjonal solidaritet.

Eg tenkjer at det nok er nok med eit parti til venstre for Ap, men vil heller bruke energien min på samfunnskamp enn på intern partikamp.

Men eg har eit håp om at fleire i dag brukar energien sin i Raudt heller blir med i SV. Når Raudt ikkje kom inn på Stortinget i år etter at SV har vore i regjering i åtte år, og inngått kompromiss med Arbeidarpartiet som er ganske langt frå det vi eigentleg ønska, så er det lite truleg at Raudt vil klare det i overskueleg framtid.

Ei eventuell samanslåing må skje gjennom individuelle val og ikkje gjennom ein kollektiv prosess.

Sjå og Olav Sannes Vika sitt gode innlegg

De Grønne eller SV?

Eg er glad for at det kan sjå ut som miljø er blitt viktigare for norske veljarar. Dei grønne sin framgang er eit positivt teikn for miljøet. I SV set vi pris på dette og etter å ha lest gjennom programma er det stor grad av samanfall mellom SV og de grønne når det gjeld miljøpolitikken. Men det er ikkje alt som er likt.

kvalkjott
Dersom Dei grønne får bestemme blir det ikkje lenger mogleg å få tak i kvalkjøtt i norske butikkar. Foto: Harald Groven
  • Dei grønne seier at dei ikkje vil ta stilling til EU og EØS. Betyr det at de grønne er villige til å stemme for ein norsk EU-søknad i bytte mot noko? SV meiner at norsk medlemskap i EU og EØS er feil svar på miljøutfordringane.
  • Dei grønne er mot all kval- og selfangst. Det betyr så vidt eg kan skjønne at de grønne er mot ei økosystem basert forvaltning av norske havområde. SV meiner at ein del av fiskeriforvaltninga må og vere å forvalte kval og sel, så lenge det skjer på ein berekraftig måte. Motstanden mot kval- og selfangst kan og vere med på å sette i fare den breie alliansen mellom miljøbevegelsen og kystbefolkninga i nord mot oljeutvinning.
  • Dei grønne er for kontantstøtta. SV ønskjer å fjerne kontantstøtta, mellom anna fordi den gjev dårlege økonomiske rettar for foreldre som er heime med kontantstøtte. Dei fleste av desse er kvinner, spesielt innvandrarkvinner, og kontantstøtta bidrar derfor til å svekke likestilling og integrering, og gjer at mange kvinner vil tape framtidig pensjon og løn.
  • Dei grønne seier at de vil ha «et bedre samarbeid mellom skolemedisin og alternativ medisin». Kva betyr det i praksis. Skal det offentlege betale for behandling som all forsking viser ikkje fungerer? SV meiner at vi må satse på et godt offentlig helsevesen og kvalitetssikra behandlingsmetodar.
  • Dei grønne vil avslutte forskinga på CO2-fangst. SV meiner at CO2-fangst er eitt av fleire viktige tiltak for å stanse klimaendringane. Uansett kva vi meiner kjem olje, gass og koll til å vere viktige energikjelder framover, sjølv om utfasinga må starte no. Då blir det viktig å reinske utslepp av CO2.
  • Dei grønne seier at dei er blokkuavhengige og ikkje vil velje mellom regjeringsalternativa. Det betyr at ein stemme til dei grønne gjer at vi kan ende opp med Siv Jensen som finansminister og Per Willy Amundsen som integrering og likestillingsminister.

Dei åtte åra SV har vore i regjering har bevilgningane til miljøtiltak gått opp med 137 prosent, klimagassutsleppa har gått ned og natur tilsvarande Buskerud er verna. Bilparken er blitt meir miljøvenleg og investeringane i jernbane og fornybar energi er rekordhøge.

SV har gjennom åtte år i regjering vist at vi kan stoppe oljeboringa utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Det har skjedd gjennom at vi har bunde Ap til oss. Dersom Ap ikkje hadde samarbeid med SV ville det vore eit stort fleirtal på Stortinget for å opne opp for oljeboring i dei mest sårbare områda. Gjennom å ikkje samarbeide med Ap (eller H) slepp vi desse partia fri til å bruke fleirtalet sitt til å opne desse områda for oljeboring. Så lenge dei grønne skal vere blokkuavhengige kan ein stemme på de grønne føre til at det blir enklare for Ap, H og Frp å opne Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeboring.