Mellomvegen 100 – som planlagt

Kristoffer Kanestrøm har i avisene kommentert nedlegginga av Mellomvegen 100. Han veit sjølvsagt at Mellomvegen 100 vart etablert som ei korttidsavdeling for å ta i mot utskrivningsklåre pasientar frå UNN i påvente av at Helsehuset skulle bli ferdig. No er Helsehuset med sine 69 korttidsplassar i full drift, og Mellomvegen 100 blir derfor lagt ned. Det burde ikkje overraske Kanestrøm.

Alle pasientane er godt ivaretatt og alle tilsette har fått tilbod om nye jobbar anten ved Helsehuset eller nokre av de andre sjukeheimane i kommunen.

Det var alltid meininga at Mellomvegen 100 skulle vere ei midlertidig løysing i påvente av opninga av Helsehuset. Derfor hadde dei som vart tilsett i Mellomvegen 100 i arbeidskontraktane sine ein fortrinnsrett til arbeid ved Helsehuset.

I 2018 brukte vi 32 millionar kroner på overtid og innleige av vikarar på Helsehuset. Ved å legge ned dagens drift av Mellomvegen 100 og tilby alle dei tilsette jobb på Helsehuset og Otium får vi ned utgiftene på Helsehuset. Vi får ei mykje betre drift ved Helsehuset når vi kan drive med eigne dyktige tilsette enn vi hadde gjennom å leige inn personell. Eigne tilsette vil skape større kontinuitet, kvalitet og større effektivitet på Helsehuset.

Samtidig viser tala at vi ikkje får fleire som ligg utskrivingsklare på UNN etter nedlegginga enn vi hadde før nedlegginga. Ved å kombinere kreftene klarer vi å drive betre, meir effektivt og med eit like godt, om ikkje betre, tilbod til pasientane.

Bygninga på Mellomvegen vart i si tid kjøpt av kommunen for å dekke behov kommunen har innafor helse og omsorg. Til no har det altså vore brukt som korttidsavdeling for rehabilitering av utskrivningsklare pasientar. Kva det skal brukast til framover blir diskutert. Bygget har begrensningar i og med at det er bygd som ein institusjon, men det har allereie komen inn fleire gode forslag. Behova er mange og varierte.

Eg meiner derfor at dette er ei god løysing

Exit mobile version