Moms på elektroniske tenester

I Twittersfæren er ein av dei store debattane i etterkant av framlegginga av statsbudsjettet blitt om moms på elektroniske tenester frå utlandet. Eg har hatt ei utveksling med @dagbnor om denne saka, og fann ut at eg hadde trong til å bruke litt meir enn 140 teikn på denne diskusjonen. På 140 teikn (som er grensa for ei twittermelding) vart eg alt for bastant kjente eg.

I denne saka har vi minst to motstridande behov. På den eine sida har vi eit behov og ønske om fri informasjons- og  kunnskapsutveksling. På den andre sida finn vi behovet for å finansiere den norske velferdsstaten og å likebehandle næringar.

Eg legg stor vekt på at vi i Noreg og i verda må ha størst muleg grad av informasjons- og kunnskapsutveksling. Det veks vi på som menneske, samfunn og økonomi. Kunnskap og informasjon er grunnlaget for den menneskelege sivilisasjonen.  For eigen del prøver eg å gjere mitt blant anna ved å vere aktiv på Wikipedia og eg har lagt ut ei av bøkene til far min til gratis nedlasting her på bloggen. Viktigare enn dette, er det likevel at vi har tilgang til internasjonal forsking, politiske idear, filosofi, musikk og litteratur.

Dersom eg skulle ta denne fråsegna på alvor ville det vel vore naturleg at eg og gjekk inn for at det ikkje burde vere skatt/moms på informasjon og kunnskap?

Eg er ikkje så heilt sikker på det.

Det er to grunnar til det. Sjølv om informasjon og kunnskap i vid forstand er ein viktig innsatsfaktor for næringslivet er den ikkje viktigare enn andre innsatsfaktorar. Vi har moms på papir, sjølv om det er ein viktig innsatsfaktor for å lage bøker. Vi skattlegg olje, sjølv om det er ein viktig innsatsfaktor. I tillegg er informasjon og kunnskap ein stadig større del av norsk og internasjonal økonomi. Produksjon av symbol (alt frå konsulentrapportar til musikk) er i ulik forstand er ein veksande del av økonomien. Dersom denne delen av økonomien skal vere unntatt skatt blir byrda på resten av økonomien desto større.

Eg meiner det er rett å dele byrda med å bere velferdsstaten – rekninga for skolen, sjukehusa og eldreomsorgen – på heile økonomien. Det har vi gjort i Noreg sidan momsen på tenester vart innført i 2001. Då er det vel naturleg at slike tenester – slike symbol – kjøpt frå utlandet skal ha det same skatetregime. Importerer du ein bruktbil frå Tyskland må du betale moms ved innførsel. Dersom vi ikkje gjer det slik vil det vere umuleg å leve av å produsere symbol i Noreg.

Så er eg sjølvsagt – reint personleg – ikkje glad for at e-bøkene eg kjøper frå Amazon eller elib.se blir dyrare, like lite som eg personleg liker at snusen blir dyrare.

Så er det ein annan diskusjon om det reint praktisk er muleg å få dette til, men det reknar eg med at finansdepartementet har tenkt på. Det vil sjølvsagt alltid vere muleg å omgå systemet – slik du i dag kan smugle både kjøtt og alkohol frå Sverige om du vil.

Eg tenkje og at dette er ein annan diskusjon, enn diskusjonen om moms på e-bøker. Det kan det vere ulike syn på, men skal det vere på norske må det og vere på utanlandske.

Eg klarer ikkje å sjå at momsen vil hindre fri utveksling av idear, informasjon og kunnskap.

VG skriv om saka her, og lenker til mange blogginnlegg.

Eirik Newth er som så ofte verd å lese. Det er og ein livleg debatt over hos Bekkelund.