Categories
Feature Politikk

Nytten av forskinga

Det tar tid, langsiktig satsing å finne kurar mot sjukdomar. Her er ei HIV-cellel. Foto: C. Goldsmith/Wikipedia Commons

På torsdag var eg invitert til å halde eit foredrag om nytta av forskinga for næringslivet. Her finn du ein litt redigert versjon av foredraget mitt. Eg vil gjerne ha kommentarar.

***

Det er ikkje så lenge sidan det var eit anna møte her i dette huset, og diskusjonane i etterkant av det forrige møte her på huset levnar liten tvil: desse seminara engasjerer.

Det er tydeleg at det kan varmt for seg når det skal diskuterast om forsking, prioritering av forskingsmidlar og nytta for samfunn og næringsliv.

Vi ser også ein tiltakende debatt i aviser og andre medium om forskingsprioriteringar og næringslivet i framtida.

Eg vil ikkje gå mykje inn på det ordskiftet som oppstod etter det forrige møtet – mellom rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen og sjefen min, Nærings- og handelsminister Trond Giske. (Ottersen bloggar her: https://blogg.uio.no/unidir/ottersen/blogs/ole-petter-ottersen)

Eg vil likevel nytte høvet til å kome med nokre presiseringar.

Ja, i departementet mitt lever vi i ei råvarebasert verd. Men vi må ikkje snakke om råvarar som om det var eit skjellsord.. Vi skal ikkje skamme oss over å ha råvarar og at vi forvaltar dei godt. Energiressursane våre varmar opp europeiske heimar. Norsk fisk og sjømat mettar mange magar i Russland, Frankrike og Kina. Minerala våre blir i aukande grad etterspurt av framveksande økonomiar.

Noreg er ein moderne, open økonomi som også har store råvareressursar.

Eg ønskjer også å nytte høvet til å kome med ei oppmoding: Vi må fri oss frå overskrifter av typen ”Frå ein svart oljeøkonomi til ein grøn kunnskapsøkonomi.” Noreg har ikkje ein kunnskapslaus og svart dinosaurøkonomi.

For det fyrste er det få sektorar som er så kunnskapsintensive som petroleumssektoren. Og det er ingen oljeøkonomiar som er mindre svarte enn den norske.

For det andre skal det heller ikkje vere tvil om at norsk næringsliv består av langt meir enn råvarene våre.

Gjennom utdanning og forsking har vi blant anna bygd opp ei stor IKT-næring i Noreg. I dag er IKT-næringa Noregs tredje største mål i omsetning.

Her finn vi Opera Software som i 1994 starta som eit forskingsprosjekt i Telenor. I mars i år blei norske Opera Software det fyrste selskapet til å bryte Apples nettlesarmonopol for iPhone-plattformen.

Andre eksempel finn vi innan bioteknologi.

Ny norsk forsking viser at det skjuler seg store rikdommar i arvestoffet til marine dyr, planter og bakteriar. Jakta på desse stoffa blir kalla marin bioprospektering, og det er seg store forventningar til kommersialiseringa av desse organismane. Ei råvarebasert kunnskapsnæring.

Innanfor same næring finn vi Oslo Cancer Cluster. I 2008 blei Oslo-regionen kåra til ein av dei 20 beste stadene i verda for bioteknologisk innovasjon av bladet Genome Technology. Eg fekk sjansen til å vere med å opne eit senter for innovasjon knytt til Universitetssjukehuset her i byen. Dette er eit godt eksempel på korleis vi kan kople kunnskapen ved offentlege kunnskapsbedrifter og skape mulegheit for næringsutvikling.

Uavhengig av næring. Desse eksempla fortel historia om eit kunnskapsbasert norsk næringsliv. Det fortel korleis norsk kompetanse vinn fram i den internasjonalen konkurransen.

Når vi no legg langsiktige strategiar for næringspolitikken må vi bygge vidare der vi allereie har fordel, der vi er kunnskapsrike og konkurransedyktige. Og det betyr at vi både må satse på olje, Opera og Oslo Cancer Cluster.

Når dei presiseringane er unnagjort vil eg samtidig hevde at debatten mellom Ottersen og Giske ikkje er utan relevans for dagens tema. Tvert i mot viser debatten den sterke koplinga mellom forsking på den eine sida, og på den andre sida: spørsmålet om kva vi skal leve av i framtida.

Denne koplinga er det avgjerande å ta med seg når vi i dag skal snakke om forskinga sin nytte og forskinga sin nytte for næringslivet.

I ein kronikk i Dagens Næringsliv på måndag fortalte professor ved Universitetet i Oslo, Helene Ulltveit-Moe om eit USA som slit.

Finanskrisa har bana veg for ei sjeldan grundig og smertefull strukturomstilling i USA. Den er særleg smertefull fordi krava som blir stilte innanfor dei næringane som skal sikre USA vokster i framtida overgår kompetansen til den arbeidsleitande.

Dette er urovekkjande med tanke på at USA for ein generasjon sidan rangerte på toppen internasjonalt når det gjeld delen av befolkninga med høgare utdanning. I dag finn vi USA på 12. plass. Samtidig slit dei med kvaliteten i den offentlege grunnskulen.

Dette er ikkje særeige for USA. Også i Noreg står vi overfor tilsvarande krav om omstilling.

I kronikken sin avsluttar derfor Ulltveit-Moe med følgjande oppfordring: ”Vi må satse på utdanning – ikke den dagen oljen tar slutt, men i dag!”

Eg kunne ikkje bli meir einig.

Då Kristin Halvorsen gjekk frå Finans- til Kunnskapsdepartementet sa ho at ho med denne overgangen gjekk frå å bruke pengar til å forvalte dei viktigaste ressursane våre.

Humankapitalen utgjer heile 70 prosent, mens olje og gass berre utgjer nærmare 12 prosent av den norske nasjonalformuen.

Det er kunnskap som har gjort oljen om til verdi og velstand. Det er arbeidskrafta som har gjeve oss 6000 milliardar petroleums-kronar i statskassa.

Vi lever av kvarandre sitt arbeid – hovuda våre og hendene våre – og det vil vi også gjere den dagen oljen tar slutt.

  • Derfor startar ein framtidsrette næringspolitikk allereie i seksårsalderen – når rundt 55.000 seksåringar kvart år entrar grunnskulen
  • Derfor har forsking og innovasjon ein høg prioritet når vi set rammene for Statsbudsjettet; og
  • Derfor oppfordrar vi norsk næringsliv til å auke forskingsinnsatsen gjennom brukarstyrde forskingsprogram.

Å bygge opp nye næringar tar tid.

Men i dei færraste tilfelle veks nye næringar fram frå ingenting.

Sjølv om tanken kanskje synest forlokkande for somme, er det lite truleg at norsk næringsliv er vesensforskjellig frå det gjeldande i framtida.

Næringslivet i 2020 vil stå på skuldrene til dagens bedrifter. Nye næringar veks fram frå det gjeldande.

  • Ta for eksempel Aker Verdals produksjon av understell til offshore vindmøller. Jacket-stålunderstella for oljeriggar er Verdals hovudprodukt i satsinga på offshore vind. Med lang erfaring med produksjon til krevjande kundar står dei klar til å entre ein ny marknad. Då General Electric tidlegare i år valte å etablere satsinga si på offshore vindkraft i Noreg og Trøndelag er dette ei stadfesting på at Aker Verdal er med.
  • Tilsvarande ser vi også korleis stadig meir utfordrande boreforhold har skapt nye høve for norske subsea-leverandørar. System løysingane, produkta og tenestene – baserte på tiår med erfaring og stadig vidareutvikling teknologiløysingar – set preget sitt på Subsea-utbygginga over heile verda. Og skulle vi no ende opp med sjøkabel i Hardanger vil vi nyttiggjere oss av subsea-teknologi – kunnskap og teknologi frå undervannskonstruksjoner til oljeindustrien.
  • Eit tredje eksempel har vi innan solenergi. Noreg har i utgangspunktet elendige føresetnader for solceller, det er dess ikkje noko særleg sol her. Men vi har materialteknologi og høgt kompetente kunnskapsmiljø som hjelper i utviklinga av energien frå ovan. Det var tilgangen til kunnskap, ikkje tilgangen til sol som gjorde denne satsinga muleg.

Noreg er eit lite land, men innanfor enkelte næringar er vi også store i verda.

  • Innanfor olje- og gass industrien
  • Dei maritime og marine næringar.

Her er vi ikkje berre verdsleiande når det kjem til storleik. Her er vi også i front når det gjeld kunnskap og teknologi. Det skal vi bygge vidare på.

  • Vi skal satse der vi har særskild kompetanse
  • Der vi har særskilde føresetnader, og ikkje minst
  • Der vi har sterke næringsklynger som vi kan bygge vidare på.

Men vi skal også sjå vidare!

  • Derfor vil regjeringa lage den første heilskaplege strategien for miljøteknologi. Vi skal vere med i eit av dei største teknologikappløpa som er i vår tid. Der stiller USA, EU, Kina med fleire på startstreken. Vi kan ikkje vinne i alle øvelsane, men det finast langrenn innafor miljøteknologi og.
  • Derfor skal vi lage ein heilt ny strategi for nanoteknologi.
  • Vi skal satse på rein energi, ikkje minst vere med på det som no skjer på vindkraft.

Vi er avhengige av at mange dreg i same retning for å nå dei måla vi har sat oss. Næringsutvikling er ei felles sak og involverer:

  • Styresmakter på alle nivå
  • Akademia: UH-sektoren og institutta, og ikkje minst
  • Næringslivet sjølv.

Alle må vere med.

Det betyr også at det er tilsvarande mange som må vere med når vi no diskuterer forskinga og nytten av forskinga.

I løpet av dei komande fire årene vil dei store ungdomskulla føre til ein rikeleg vokster i talet på studentar.

Oppmodinga om å velje seg ut – til utanlandske universitet og høgskuler – er gjeld også for desse studentane. Oppmodinga er ikkje noko som har kome med veksten i talet på studentar, men noko vi har stått fast på. Fordi internasjonal utveksling av studentar og forskarar handlar om å kome i kontakt med verda og kunnskapsmiljø ute. Vi bør søke ut på same måte som at vi oppmodar studentar og forskarar til å kome til oss.

Paul Chaffey har skrive på bloggen sin :

”I en moderne kunnskapsøkonomi er næringslivet mye mer avhengig av gode universiteter og forskningsmiljøer enn før. Og ikke et hvilket som helst forskningsmiljø, det må være både veldig godt kvalitetsmessig og det man gjør må være relevant for bedriften, ellers finner man samarbeid et annet sted”.

Eg observerer med glede at sektoren sine eigne ønsker om dialog om korleis potensialet til universitets- og til høgskulesektoren best kan utnyttast for å sikre den norske velferdsstaten.

På tilsvarande måte må også den politiske leiinga i Nærings- og handelsdepartementet vere opne for å stille spørsmål til om gjeldande organisering av forskingsmidlane våre er optimalt innretta. Om Nærings- og handelsdepartementet gjer gode prioriteringar. Om verkemidla våre er treffsikre.

Målet for næringsdepartementet sine forskingsretta verkemiddel er å utløyse meir forsking i næringslivet.

Ikkje fordi forsking i næringslivet er eit mål i seg sjølv.

Målet er å hjelpe til auka produktivitet, nye næringsområde og effektivisering.

Når vi i dag investerer i utdanning og forsking, gjer vi det med ei klar forventning om framtidige resultat.

  • Vi forventar at universitet og høgskular utdannar studentar som har kunnskap som norsk nærings- og samfunnsliv treng og etterspør.
  • Vi forventar at forsking vil gi ny kunnskap, nye produkt og tenester.
  • Vi forventar at forskingsinvesteringar materialiserer seg i framtidig verdiskaping – det vi skal leve av i framtida.

I 2010 går nærmare 700 millionar kronar av Nærings- og budsjettet til handelsdepartementet til innovasjonsprosjekt og kompetanseprosjekt i norsk næringsliv. Av dette går 345 millionar, eller rundt halvparten, til programmet BIA [Brukerstyrt Innovasjonsarena].

BIA er ein open konkurransearena. Prosjekter frå ulike område konkurrerer om å få støtte på grunnlag av forskingskvalitet, innovasjonsgrad og verdiskapningspotensial. Prosjekta er initierte av næringslivet, og drivkrafta ligg i dei eigne strategiane og behova til bedriftene.

Resultata såg langt tyder på at dette er eit verkemiddel som treff.

  • Vi ser at innovasjonsprosjekta utløyser forskingsinvesteringar i næringslivet
  • BIA fører til konkurranse på tvers av bransjar og teknologiområde; og
  • Programmet gjev oss prosjekt med høg kvalitet og stort verdiskapingspotensial.

Det offentlege hjelper i gjennomsnitt med litt over tretti prosent av investeringa i BIA-prosjekta. Det er selskapa sjølv som bidrar med størstedelen av investeringa.

Og det gjer dei fordi dei har ei forventning om at investeringa vil gje framtidige gevinstar. Nytten vil dekke for kostnaden. Dersom ikkje ville investeringa uteblitt.

Det forteljar oss korleis næringslivet sjølv – særleg i dette tilfellet – er den beste til å vurdere kva som er nyttig forsking for næringslivet.

Det har skjedd store ting i verda sidan den gongen eg blei fødd – på begynninga av 70-talla ein gong.

År for år, litt etter litt, har velstanden auka.

Resultatet er at generasjonen min – reint økonomisk- er langt betre stilt enn den foreldregenerasjonen ein gong var.

Men det er ikkje dei rikaste landa som har vakse mest i løpet av dei siste femti årene vi har lagt bak oss. Drivarane for voksteren er dei nye framveksande økonomiane. Mens voksteren her har vore opp mot 5 prosent, har snitta blant OECD-landa vore på 2,6 prosent.

Ein annan nokså påfallande utviklingstrekk for livstida mi – og som kanskje i størst grad har gjort seg gjeldande i dei siste årene – er veksten i medlemsmassen i Miljøbevegelsen.

Enno finst det dei som forfektar det opplagde, men medvitet omkring omfang og verknadene av menneskeskapte klimaforandringar er skjerpte.

Få er villige til å forsake velferdsgode eller velstand for å konkurrere internasjonalt. For å forsvare det norske lønnsnivået og samtidig vere konkurransedyktige må vi derfor halde arbeidsproduktiviteten oppe – vi må produsere mykje på få arbeidstimar.

For å finne løysingar på den globale klimautfordringa må vi utvikle nye energikjelder, vi må produsere meir energieffektivt og med mindre utslepp.

”Det er mye vi ikke vet om framtiden, men vi vet at vi vil trenge kunnskap.” sa Statsministeren i nyttårstalen sin.

Når vi i dag diskuterer forsking og nytten til og av forskinga er det eit uttrykk for eit felles ønske om å stå sterkare rusta i møtet med framtida.

Det er derfor med glede å registrere eit brennende engasjement – i næringslivet, blant universiteta og høgskulane, instituttsektoren og politikarar. Det lover godt for debatten.

Categories
Feature Miljø

Eit grønare næringsliv – eit betre Noreg

Energiproduksjon er ein viktig del av det å gjere næringslivet grønare. Foto: Jeremy Levine Design / Flickr

Det blir at sagt at då Pearl Harbour vart bomba tok det berre 20 timar før Ford la om frå bilproduksjon til produksjon av krigsmateriell. Omstillingen skjedde umiddelbart som svar på det nye trusselbiletet. Dette viser at menneske, føretak og samfunn er i stand til å mobilisere, når faren truer.

Bakom dei store overskriftene om Mongstad og biodiesel får alt det fantastiske arbeidet som skjer i norske bedrifter og norske forskingsinstitusjonar med å utvikle nye grøne teknologiske løysningar alt for lite merksemd. Ganske i det stille og i samarbeid mellom det offentlege verkemiddelapparatet, forskingsinstitusjonar og private bedrifter veks det fram innovative og lønsame grøne bedrifter.

Miljøteknologi er eit av dei raskast veksande teknologimarknadene i verda. Norske bedrifter vist at dei har kunnskapen og kompetansen til å vere ein viktig del av denne marknaden. Vi finn i overkant av 700 føretak innanfor fornybar energi og miljøteknologi berre på Austlandet. I 2008 omsette desse for 100 milliardar kroner, like mykje som den maritime næringa på landsbasis. Næringa på Austlandet sysselsette 12 000 menneske og har hatt ein omsetningsvekst på 150 prosent dei siste åtte åra.

Vi kjenner alle historia om REC, solcelle-produsenten som gjekk mot straumen og vart ein stor produsent av wafarar til solceller. No vil REC minske tjukkleiken på solcelleskivene dei brukar i produksjonen til det halve. Det er REC ScanWafer AS Herøya Plant som saman med Forskningsrådet finansierar dette, og dei arbeider i lag med SINTEF og fleire norske og utanlandske verksemder. Om dei får det til, vil REC kunne senke prisen på solceller igjen. Då stig både REC sin del og det totale salet av solceller, og det tener det globale miljøet på.

Men utvikling av nye og forbetra produkt gjennom å blanda gammal og ny kunnskap ser vi og andre stader. Dei maritime næringane tar miljøteknologi på alvor. Fellowship-prosjektet, med Veritas som prosjektansvarleg, har fått tilskot på meir enn 30 millionar kroner frå Forskingsrådet. Wärtsila og annan industri er involvert, og pilotinstallasjon allereie gjort i eit gassdrive skip. Resultata frå forskinga inneber ikkje berre bruk av eit meir miljøvenleg drivstoff (LNG), men og ei ny brenselcelle som kan halvere utsleppet av CO2 per kwh.

Noreg har sett seg ambisiøse mål om å redusere klimautsleppa fram til 2020. Dersom vi skal nå desse måla er vi avhengige av eit tett samarbeid mellom det offentlege og bedriftene. Vi stiller opp frå styresmaktene si side. Vi bruker i overkant av 800 millionar kroner over NHDs budsjett i år på støtte til miljøprosjekt gjennom Forskingsrådet og Innovasjon Norge. Samla blir det nytta 2,4 milliardar til miljørelaterte prosjekt. Denne satsinga skal vi halde fram med. Næringsdepartementet har trappa opp sitt engasjement kraftig dei siste åra. På områda fornybar energi, energieffektivisering og karbonfangst og lagring har regjeringa auka FoU-innsatsen frå 2008 til 2010 med heile 600 millionar kroner. Inga anna norsk regjering kan skilte med ei tilsvarande satsing på næringsretta forsking. Men det er lite samanlikna med kva næringslivet sjølv har mulegheit til å mobilisere, noko eksemplet frå Ford etter Pearl Harbour viser. Styresmaktene sin jobb skal i hovudsak vere å legge til rette for denne mobiliseringa.

Ved å vere i forkant av nasjonale og internasjonale miljøreguleringar, kan norske føretak redusere kostnader og etablere eit strategisk godt utgangspunkt for nye marknadsmulegheiter over heile verda den dagen eit internasjonalt regelverk kjem på plass.

I Noreg må vi satse på dei områda der vi allereie er gode. Når solcelleindustrien har blitt stor i Noreg er det ikkje fordi vi har mykje sol, men fordi vi gjennom prosessindustrien har bygd opp ein stor kompetanse innafor materialteknologi som gav grunnlaget for solcelleindustrien. Tilsvarande har vi gode springbrett inn i miljøteknologiske løysningar innafor maritim sektor, marine produkt og fleire andre område.

I revidert nasjonalbudsjett varsla regjeringa at vi i 2011 vil trappe opp satsinga på grøne teknologiar. Det blir sett av ein halv milliard fram til 2013 for å utvikle miljøteknologiane vidare. Vi er no i fullt arbeid med å finne ut korleis vi best skal innrette bruken av desse pengane for at vi saman med bedriftene og forskingsinstitusjonane mobiliserer så omfattande ressursar som råd for å utvikle nye produkt som kan skape inntekter for bedriftene, gode arbeidsplassar og skatteinntekter for landet.

Parallelt med dette arbeider vi med ein strategi for miljøteknologi. Saman med andre reguleringar meiner vi at dette vil vere med på å mobilisere for ei omlegging av norsk næringsliv i ei stadig grønare retning. Eg må og få understreka at norsk industri har tatt store steg i miljøvenleg retning dei siste tretti åra. Målet må vere å halde fast med den retninga, men forsøke å auke farta.

På nettstaden www.samarbeidforarbeid.no inviterer regjeringa alle i Noreg til å vere med på ei mobilisering for å få fram dei gode ideane. I Næringsdepartementet er vi spesielt interessert i korleis vi saman med bedriftene kan legge betre  til rette for ei mobilisering for eit enno meir miljøvenleg næringsliv. Vi vil gjerne ha dine innspel og idear.

Det er ingen tvil om at klimaendringane er ein stor fare som trugar oss. Frå regjeringa legg vi opp til den naudsynte mobiliseringa saman med næringslivet.

Categories
Feature SV

SVs arbeidsprogram: En framtidsrettet næringspolitikk

Eg har kanskje sagt det før, eg er imponert over det arbeidet arbeidsprogramkomiteen har utført. Forslaget til nytt arbeidsprogram er bra. Så også dette kapitlet. SV har i ein del samanhengar blitt beskyldt for å mangle ein næringspolitikk. Det har ikkje stemt, og stemmer i alle fall ikkje lenger. Her er det mykje god politikk.

Innleiinga til kapitlet sett ein rett og viktig tone for arbeidet med næringspolitikk:

SV arbeider for en aktiv, framtidsrettet næringspolitikk, hvor det offentlige spiller en viktig rolle i utviklingen av nye næringer og i å legge til rette for sysselsetting og verdiskaping. SV vil ikke støtte en næringsnøytral politikk som overlater avgjørende veivalg for samfunnet vårt til markedskreftene.

Dette er eit godt utgangspunkt for vidare debatt. Kanskje det viktigaste premisset for næringspolitikken må vere å skape eit næringsliv som kan gje oss inntekt og arbeid utan å øydelegge miljøet og bidra til aukande klimaendringar. Dette er og omtalt i kapitlet om klima og miljø. Då må vi satse og bruke dei store pengane på investeringar i andre sektorar enn olje og gass. Her kunne eg ønska meg at programmet var enno tydelegare på at vi må vri om på investeringane. Dei store investeringane inna petroleum gjer kapital for anna investering dyrare og vanskelegare tilgjengeleg.

Gründarar er ein føresetnad for å utvikle nytt næringsliv. Gründarar kan starte eiga bedrift, slik vi ofte tenkjer, men vel så viktig er det å ha gründarar i allereie eksisterande bedrifter som kan vere med på å utvikle ei bedrift. Men, den første gruppa av gründarar bør vere godt nøgd med følgjand eforslag i programmet:

For å gjøre det enklere å starte bedrift må det offentlige kunne tilby god rådgivning. SV mener bedrifter med bare én ansatt i en oppstartsfase bør tilbys å få regnskap og revisjon utført via en offentlig myndighet til selvkost.

Dette vil vere eit godt handslag.  Då er ein sikker på at ein oppfyller lover og reglar og det blir billig.

Eg er derimot skuffa over manglande entusiasme for å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Eg synst det er trist at den einaste som har fått til noko når det gjeld utflytting av statlege arbeidsplassar er ein høgremann. Formuleringa i programmet slik det ligg no er alt for defensiv. Partiet må ta eit aktivt val for utflytting av arbeidsplassar.

Eg er glad for at komiteen har sett samanhengen mellom gode vegar og næringsutvikling. I programmet står det:

I dag er store deler av veinettet i distriktene preget av dårlig veistandard, som smale veier, dårlig kurvatur, flaskehalser og aksellastbegrensninger. SV vil prioritere opprustning av veinettet i distriktene gjennom mer penger til standardheving, fjerning av flaskehalser, rassikring og god vinterregularitet, samt satse på gang- og sykkelveier.

Det blir ein del sitering i dette innlegget. Det er vel fordi det står mykje bra. Ein av dei mange bra tinga er at SV tydeleg går inn for ein digital delingskultur i det offentlege. Komiteen skriv:

SV ønsker en delingskultur i det offentlige Norge. SV mener at programvare som er utviklet i offentlig regi skal tilgjengeliggjøres som fri programvare, slik at programvaren kan videreutvikles i samarbeid og at hvem som helst kan ta den i bruk. SV mener at offentlig sektor skal bruke åpne standarder i sin kommunikasjon med innbyggere og næringsliv og at åpne standarder stilles som krav ved innkjøp av programvare. SV vil arbeide aktivt nasjonalt og internasjonalt for å hindre at Norge blir omfattet av lovverk som gir mulighet til å patentere programvare.

Dette er spennande og gjev store mulegheiter for eit godt samspel mellom staten og næringslivet. Ein slik statleg delingskultur vil kunne gje grunnlag for mange spennande tenester og bedrifter. Washington DC har vist vegen meiner eg. Første steg bør kanskje vere å gjere offentlege kartdata gratis tilgjengeleg.

Eg saknar vel at vi kunne vor elitt tydelegare på framtida til den kraftkrevande industrien i Noreg. Vi burde flagga tydelegare støtte til konsortiemodellen eller tilsvarande løysning. Vi kjem til å trenge stål, sement og aluminium også i framtida. Då må vi sørgje for at norsk industri overlever, held fram med å vere verdsledande innafor miljø – og vi må støtte gode prosjekt som for eksempel tankane til Finnfjord smelteverk.

I framtida skal vi framleis tene pengar på fisk heller enn olje. Har vi innsett dette? Foto: Jørgen Schyberg/http://www.flickr.com/photos/mrjorgen/27753041/

Temaskifte: Fiskeri. Eg er samd i at vi må fjerne drivstoffsubsidiane for fiskeflåten, men det er viktig at dette blir kompensert gjennom ein auke av fiskarfradraget slik at den tortale avgiftsbelastninga for sektoren ikkje aukar. Innafor havbruk finn vi den einaste dissensen i kapitlet. Eit mindretal meiner vi skal gå inn for å forby oppdrett av torsk i Lofoten. Eg er samd i at vi skal vere nøye med kor vi legg oppdrettsanlegg for å ikkje spreie sjukdom. Men forbud er ikkje retninga å gå i. Vi skal ikkje ha olje- og gassutvinning i nord, men ein plass må også vi tene pengane våre. Oppdrett er ein av desse plassane.

Og, kanskje, berre kanskje, er det enno litt for lite fokus på inntektssida.