Odd Richard Olsen hadde onsdag 13. februar ein god kommentar om satsinga på jernbane i Nord-Noreg. Eg er svært glad for at Harstad Tidende nyttar dyrebar spalteplass på å sette trykk bak eit krav om alternative transportformar i nord. Det er ingen tvil om at vi i framtida ikkje kan basere oss på vegtransport på same måte som i dag.
Eg vil likevel knytte eit par kommentarar til det Olsen skriv, i og med at eg blir direkte utfordra. Eg sit no som fylkesråd og er er svært glad for at fylkeskommunen gjennom RDA-midla har tatt ansvar for å forsere arbeidet med ei planlegging av ein bane mellom Narvik og Tromsø med eventuelle sidebanar når staten dessverre ikkje har gjort det den burde.
Olsen kan vere trygg på at Troms SV bruker alle kanalar for å påverke våre representantar i denne saka. Men tilbake til det som skjer i Troms. Fylkeskommunen er no inne i eit samarbeid med Bardu kommune om ei konsevensutgreiing av ei baneløysing. Det er sett av åtte millionar til denne utgreiinga. Dette vil kunne bli eit beslutningsgrunnlag for regjeringa når dei skal ta stilling til den vidare utviklinga. Fylkesrådet vil og utfordre regjeringa til å gå saman med oss om denne utgreiinga. I tillegg har fylkestinget sagt at fylkeskommunen skal vere planstyresmakt for ei jernbaneutbygging.
Dette betyr at Troms fylkeskommune tar ansvaret for å halde oppe trykket på bygging av jernbane. Som fylkesråd for SV er eg svært godt nøgd med dette.