Eg trur det er fint eg er politikar og ikkje filmskapar! Men her er uansett ei oppsummering av korfor SV i Tromsø meiner det er så viktig å ta vare på nærnaturen, dei grønne lungene og det vi har igjen av naturfjære.
Lage bjørkesevjesirup
Heilt sidan eg som 10-12 åring leste «Det lille huset i skogen» så har eg hatt lyst til å prøve å lage sirup. Det er ei fantastisk scene i denne boka om korleis dei tømmer varm lønnesirup rett på snøen slik at det blir sukkertøy av det. (Det er i alle fall slik eg hugsar det, det treng ikkej å stemme med boka). Uansett, eg innsåg tidleg at det er lite lønn å tappe sirup av både i Lofoten og i Tromsø, men på eit eller anna tidspunkt gjekk det opp for meg at det skal gå an å lage sirup av bjørkesevje. Det har tatt nokre år, men i år har eg endeleg prøvd meg.
Prosessen er ganske enkel. Du borar eit hol i ei bjørk, stikk noko inn for å tappe sevja. Tar sevja inn og koker til det har blitt sirup.
Eg brukte ein 10mm bor, bora ca to cm inn i treet og stakk inn heverten min.
Eg hadde tidlegare bora eit tilsvarande hol i korka til ei halvannaliters brusflaske slik at eg kunne stikke den andre enden av heverten inn der.
I løpet av eit drøyt døgn hadde eg skaffa meg litt over tre liter bjørkesevje.
I følgje det store internettet kan ein tappe fem liter av ei stor bjørk utan å skade treet. Dette fordelte eg på to ganske store tre så det burde ikkje vere noko fare for trea. Det er viktig å plugge hola i trea når du er ferdig å tappe slik at dei ikkje held fram med å blø.
Så er det å koke sevja. Igjen, i følgje internett og google skal bjørkesevje innehalde ca 13 gram sukker per liter. Sirup er som vi veit ganske mykje søtare enn som så, så sevja må kokast lenge. Veldig lenge. 20 liter sevje skal visstnok bli ein halv liter sirup. Eg kokte mine drøye tre liter inn til omtrent 1,5 desiliter. Då såg det slik ut.
Vart det godt. Ja det synst eg. Sirupen var blitt søt, men ikkje særleg klissete. Eg trur eigentleg eg burde kokt den inn enno litt meir. Smaken var søt med ein tøtsj av bjørkeskott. Absolutt verd å prøve seg på, men kanskje ikkje noko eg kjem til å gjere veldig mange gonger.