Berggrunnen og havrommet

Eit utsnitt av det over 60 år gamle slepebassenget på Marintek. Er det på tide å bygge eit nytt?

I dag har eg hatt ein fin dag i Trondheim. Så er nok nokre som vil hevde at alle dagar er fine berre ein er i Trondheim, men den diskusjonen får vi ta ein annan gong. Trondheim er fin på mange måtar, noko av det eg har opplevd i dag er knytt til all den kunnskapen og forskinga som finst i byen.

Dagen starta med eit besøk på Marintek der dei presenterte planane for eit nytt senter for forsking på havrommet gjennom det dei kallar Ocean Space Center (fint og på engelsk skal det vere i Trondheim og). Sentret skal erstatte dei aldrande fasilitetane for å forske på hav, havstraumar og bølgjer. Det eldste bassenget dei nyttar er bygd i 1939. Dette laaaange bassenget er framleis eit av dei beste i verda, men skal vi unngå å bli forbigått og framleis vere leiande på forsking knytta til hav og spesielt det som skjer på store havdjup må det nye fasilitetar til. Eg trur det kan vere rett og riktig, men gratis blir det ikkje. 10 milliardar er ikkje akkurat lommerusk. Kan vi får meir og betre forsking ved å bruke slike summar på anna vis? Eg veit ikkje, umiddelbart kjenner eg at eg har tru på prosjektet, men vil gjerne høyre motførestillingane.

Andre del av programmet var ikkje mindre interessant. Vi var på NGU og samtalte om framtida for bergverk i Noreg og behovet for metallar i framtida. Der ligg det mange interessante og viktige poeng å diskutere. Visste du at Europa produserer tre prosent av mineralane i verda, men nyttar tjuge prosent? Det er interessant med tanke på at andre land no på strategisk vis skaffar seg tilgang på mineralar ol. rundt i heile verda for å trygge tilgangen til eigen industri. Dette kan bli ei utfordring internasjonalt, men er og ei mulegheit for Noreg som sit på store uutnytta mineralressursar. Så er kontrollspørsmålet, klarer vi å utnytte desse resursane på ein miljømessig forsvarleg måte? Det må vere ein føresetnad. Dette er spesielt viktig for distrikta og for Nord-Noreg. Eg er derfor veldig glad for at eit av oppdraga vi har gjeve NGU er å starte på ei geofysisk kartlegging i nord. Det kan gje gode resultat. Øystein Rushfeldt i Nussir asa meiner bergverk kan bli større enn olje i nord.

Det einaste som er heilt sikkert er at vi kjem til å trenge mineralar i framtida og at dei må utvinnast ein eller annan plass av nokon.

Du kan lese meir om Ocean Space Center i Teknisk Ukeblad eller på bloggen til Tore Sandvik.

Exit mobile version