Categories
Miljø

Bygg Nord-Noregbanen!

Den 28. januar er det høyring i Stortinget på forslaget frå Torgeir Knag Fylkesnes og Per Willy Amundsen som ber regjeringa om å starte bygginga av Nord-Noregbanen. Dette kan bli eit svært viktig forslag for saka. Dersom Ap og Sp støttar forslaget, og eg reknar med at MdG og Raudt gjer det er vi svært nær eit fleirtal i Stortinget for Nord-Noregbanen.

Det vil i så fall mangle berre tre stemmer på Stortinget. Då blir spørsmålet. Vil Høgres Kent Gudmundsen frå Troms stemme mot forslaget? Kva med Høgre sine andre representantar frå Nord-Noreg. Det er mogleg å få til eit forpliktande vedtak om Nord-Noregbanen denne gongen, om regjeringspartia sine representantar i nord tør representere den landsdelen dei er valt frå.

Men også Arbeidarpartiet og Senterpartiet må då vise at dei er for nord – ikkje berre i ord, men også i handling. Eg må innrømme at eg er spent.

Det er svært mange gode argument for å bygge ein bane frå Fauske til Tromsø, med ein arm til Harstad og klårgjort for vidare bygging nordover og austover. Vidare må dette sjølvsagt koplast med ei oppgradering av Nordlandsbanen.

For meg er dei viktigaste argumenta:

  • Det vil flytte mykje godstrafikk vekk frå vegane våre
  • Det vil skape heilt nye bu og arbeidsmarknadsregionar. Med ei reisetid på 45 minutt frå Tromsø til Narvik vil det bli heilt nye moglegheiter for samhandling, pendling og utvikling av regionen.
  • Det er stort potensiale for passasjertrafikk. Berre mellom Bodø og Tromsø reiser det 250 000 menneske med fly kvart år. Dersom toget tar litt meir enn to timar på denne traseen kan vi forvente at 75% av desse heller tar tog. Potensialet for passasjertrafikk på denne banen er sterkt underkommunisert.
  • Krav til klimahandling blir berre sterkare og sterkare. Eit Nord-Noreg utan alternativ til fly vil tape i framtida.
  • Ein moderne bane, bygd for fart rundt 300 km/t, slik det er i store delar av resten av Europa vil gje fantastiske moglegheiter for landsdelen vår.

Eg håper alle ny benyttar sjansen til å bli med på turen.

Foto: Krzysztof D. /https://www.flickr.com/photos/kd85/8435522385

Categories
Politikk Troms og Tromsø

Strøtankar om Listhaug og Nord-Noreg

No sit eg her og pustar ut etter eit langt kommunestyremøte. Eit møte der vi har løyvd pengar til bad, gymsal og skolar, medan tankane kretsar om kranglar, både store og små.

Eg tenkjer på at vi ikkje lenger har ein diskusjon om innvandring, integrering, asyl eller situasjonen for flyktningar i Noreg. Derimot har vi ein diskusjon om Listhaug og Joner, men mest om Listhaug. Det trur eg ingen andre enn Sylvi Listhaug og kanskje Frp tener på.

For så lenge diskusjonen handlar om Listhaug, så handlar ikkje diskusjonen om at ein familie Noreg har sendt tilbake til Afghanistan skada der i ei terrorbombe, eller at små barn blir sendt ut at landet, eller skjebnen til dei syriske flyktningane som no går ein utrygg vinter i møte i flyktningeleirar over heile Midt-Austen. Dersom vi som ønsker ein meir liberal asylpolitikk, vi som ønsker å ta eit ansvar for flyktningekatastrofen diskuterer Listhaug i staden for skjebnen til dei menneske dette gjeld så taper vi debatten. Eit hylekor mot Listhaug blir for meg uproduktivt. Vi må snakke om dei det gjeld.

Noko heilt anna er den underlege diskusjonen om ein nordnorsk region, eller mangelen på diskusjon og krangelen om grensar. Dette synst eg er ein grenselaust uproduktiv krangel. Eg trur ikkje livet til eit einaste menneske blir forandre til det betre anten grensa går i Tysfjorden eller ved Andfjorden. Eg trur ikkje livet til andre enn tilsette i fylkeskommunen blir endra i særleg grad anten vi har ein, to eller tre fylke i Nord-Noreg. Men, eg trur den krangelen vi har no gjer at Nord-Noreg får mindre gjennomslag i nasjonal politikk.

Det nye Nord-Norgeg? Kartet er basert på eit frå Wikipedia

Eg har lenge sagt at eg har mest tru på ein nordnorsk region, kanskje mest fordi eg langt bak har ein romantisk men håplaus ide om eit sjølvstendig Nord-Noreg, eller folkerepublikken Sapmi og Hålogaland! Men, eg har ikkje den minste tru på at dei “nye” regionane kjem til å få overført nye og viktige oppgåver frå sentralmakta – uansett kor store dei blir. La no fylka pusle med sitt og dersom vi absolutt skal gjere grenseendringar så foreslår eg at Troms blir delt mellom Nordland og Finnmark med Tromsø som ein fristad i midten. Det kunne no blitt litt artig om ikkje anna.

Tenk om vi kunne brukt all energien som er kasta bort på regiondiskusjon på å diskutert og jobba med eit nordnorsk jernbanekrav, på ein betre fiskeripolitikk, på å skaffe kapital til å utvikle landsdelen.

Malapropos alt dette så er det ein liten situasjon frå kommunestyremøtet i dag eg vil trekke fram. Etter initiativ frå meg i SV, Vanja Terentieff frå Høgre og Olga Goldfain frå Ap hadde vi ei sak om innovatve innkjøp i Tromsø kommune til diskusjon i dag. Innovative inkjøp er ein måte å utfordre både kommunen og næringsliv  til å tenke nytt på korleis vi skal gjere ting på ein smartare måte. Men Høgre sin gruppeleiar skremte meg i debatten. Han klarte altså å få seg til å seie at det ikkje foregår innovasjon i det offentlege, og at all innovasjon foregår i det private (sic!). Det er ganske så vanvittig med tanke at det foregår innovasjon i offentleg verksemd kvar dag, at det offentlege betaler for det meste av grunnforskinga osb. Det vitnar om ein mistillit til det arbeidet som blir gjort i norske kommunar kvar einaste dag av dyktige medarbeidarar.

Jaja, det får vere mange nok strøtankar i dag.

Categories
Olje Økonomi

Øydelegge for å skape?

Det vart ikkje noko oljenirvana i nord. Det ser ikkje ut til at vi skal kunne ruse oss i oljedamp medan naturen blir øydelagt rundt oss. Dette er fantastisk gode nyheiter. Det som ikkje er fantastisk er korleis NHO reagerer på dette.

Tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, no regiondirektør for NHO i Nordland, Ivar Kristiansen seier til Nord24:

Regiondirektøren legger ikke skjul på at han er redd for å bli oppfattet som en festbrems, men han mener det ikke lenger er riktig å snakke om at Nord-Norge vil få en fantastisk vekst. For i troen på vekst som følge av petroleumsnæringen kommer nordover, er mulighetene i andre sektorer glemt.

Fortel meg, går det ikkje an å forestille seg anna næring enn olje?

– Skal vi få arbeidsplasser må vi nok godta flere inngrep og sår i landskapet. Vi må tåle å se spor etter gruvedrift eller oppdrettsanlegg i flere kystmiljø, sier han.

Kor tar dei dette frå, at vi ikkje skal kunne skape noko nytt utan å øydelegge ting rundt oss? Dette må vere eit av dei beste eksempla på manglande kreativitet eg har sett.

Går det ikkje an å tenkje tanken at framtida vår er basert på at vi tar vare på naturen rundt oss, at vi tar vare på og utnyttar dei ressursane som ikkje blir borte? Først og fremst fisken, men kva turisme vil vi få i ein øydelagt natur?

Basisen for det som skal skje her nord må vere bærekrafta til naturen vår. På det grunnlaget kan vi hauste fisk frå havet, vind til straum og godt betalande turistar.

Men, eg trur vi kan bygge oss ei framtid der vi tar i bruk nye teknologiar og bygger nye industriar utan å øydelegge. Vi står framfor ein ny industriell revolusjon. Denne gongen blir det ikkje store fabrikkar, men mindre desentraliserte og distribuerte produksjonsstader basert på 3D-printing av ulikemateriale.

I ei slik framtida kjem pengane til å sitte ikkje i å produsere, men i å skape. Der er vi i Nord-Noreg like sentralt plassert som alle andre. Vi kan hive oss på denne nye industrielle revolusjonen eller vi kan basere oss på å øydelegge naturen rundt oss.

Det er ditt val.

Categories
Økonomi Politikk Troms og Tromsø

Arbeidsgjevaravgifta, eit bedrag frå fleire enn regjeringa

Aps Kristin Røymo går i Nordlys kraftig ut mot høgreregjeringa sitt knefall for EU. Ho kritiserer med full rett at regjeringa ikkje har gjort nok for å forhindre den store auken i arbeidsgjevaravgift for næringslivet i nord.

Røymo seier til Nordlys: «- Dette er historiens største politiske bedrageri.» Dessverre er Røymos utspel like mykje bedrageri som det høgreregjeringa driv med. Det er ikkje berre Høgre og Frp som elskar Brüssel meir enn Nord-Noreg, også Arbeidarpartiet har konsekvent prioritert Brüssel og EØS-avtalen høgare enn kva som er best for landsdelen vår og menneska i Noreg. Derfor er det ikkje berre litt dobbeltmoral som kjem til uttrykk i utspelet frå gruppeleiaren i Arbeidarpartiet.

Ja, høgreregjeringa kunne gjort meir. Men til grunn for desse avgiftsaukene ligg marknadstvangen i EUs fire «fridomar». Desse fridomane, som seier at kapitalen skal bevege seg fritt er det som gjer at vi får denne avgiftsauken.

Derfor, ikkje før Arbeidarpartiet støttar SV i at vi i det minste skal greie grundig ut kva som er alternativa til EØS-avtalen kan dei kritisere regjeringa i denne saka utan ein flau smak på tunga.

Categories
Olje Politikk Video

Olja – framtidsdraumen som fell i grus

Ein videoblogg om oljedraumen i nord og kva vi faktisk får ut av å tappe ressursane våre. Vi må nok heller stole på eigne krefter og skape noko med våre eigne hender

Bilete brukt i videoen

Bent Høie
http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Bent_H%C3%B8ie_2009.JPG
Foto: Jarle Vines 2009

Statfjord
http://commons.wikimedia.org/wiki/File:StatfjordA(Jarvin1982).jpg
Foto: Jarle Vines

Exit mobile version