Til stadigheit blir vi minna på korfor Nord-Noregbanen må byggast

Utklipp frå Nord24 den 11.01.24 Lenke til saka er: https://www.nord24.no/nye-eu-regler-kan-bli-kostnadsbombe-dramatisk/s/5-32-194099

I dag skriv Nordlys ein artikkel om at det vil bli dyrt å frakte fisk på trailer i framtida.

Hovudinnhaldet er at EU kjem til å stille krav om mindre utslepp av CO2 i transport i EU, og som vi veit går svært mykje av norsk fisk til EU, og din går mykje med trailer.

Frå artikkelen:

Fossil-trailere står for en svært stor andel av CO₂-utslippene i EU.

Det foreslås derfor nye EU-regler som vil gjøre det svært kostbart å fortsette transporten med fossildrevne trailere.

Det legges opp til en storstilt omlegging til hydrogen og elektrisitet, alternativt biogass, ifølge rapporten

Dette er ikkje eigentleg noko nytt. Vi har visst lenge at desse krava ville komme. Vi kan og vere ganske sikre på at det er ei stund til vi anten har batterielektriske eller hydrogendrivne trailerar med ei rekkevidde som gjer dei til ein effektiv måte å transportere varer til og frå EU.

Konsekvensen av desse krav kan bli svært alvorlege om vi ikkje har anna og alternativ transport. Det alternativet er jernbanen. Vi må forsterke og halde oppe kravet om at ein moderne bane med høg fart må byggast nordover, og det må skje no.

Vi må bygge heile banen

Tog ved Katterat stasjon

Eg er veldig glad for at Høgres Stortingsrepresentant Kent Gudmundsen er så positiv til jernbane frå Narvik til Tromsø i sitt innlegg i iTromsø 28. august. Eg er samd med han i mange av tankane han gjer seg – særleg fokuset på oppgradering av Ofotbanen. Det at både Høgre og Ap no kjem med positive signal om banebygging betyr at eg er meir optimistisk enn på lenge.

Eg er likevel usamd med Gudmundsen at vi kan sjå Tromsbanen isolert frå strekninga Fauske til Narvik. Det å bygge heile banen frå Fauske til Tromsø og planlagt for forlenging nordover og austover vil gje samla best samfunnsnytte. Det er tre hovudgrunnar til dette:

  1. Ein bane frå Fauske til Tromsø vil binde landsdelen saman og kople dei nordlegaste delane på eit nasjonalt jernbanesystem. Denne samanbindinga vil gje sterke vekstimpulsar både til Bodø, Tromsø og Harstad/Narvik-regionen. Det treng vi.
  2. Ein bane frå Fauske til Tromsø vil ha betydeleg større potensiale for passasjertrafikk enn Narvik- Tromsø med påkopling til det svenske nettet. Det reiser svært mange passasjerar med fly på strekninga Bodø-Tromsø. Ein bane bygd for 300 kmt vil ta store delar av passasjertrafikken. Fleire passasjerar totalt betyr hyppigare avgangar og større nytte også mellom Narvik og Tromsø.
  3. Ein ny høgfartsbane mellom Fauske og Tromsø vil styrke Nordlandsbanen og auke presset på å få oppdatert denne banen til ein moderne jernbane med større fart og høgare kapasitet.
  4. Ein bane gjennom Noreg vil ha betydeleg kortare fraktavstand til kontinentet enn ein bane gjennom Sverige. Frå Narvik vil det vere ca 250 km kortare gjennom Noreg enn gjennom Sverige.

Full nytte av ein bane får vi ikkje før den blir ein del av det nasjonale jernbanenettet. Det er ingen tvil om at ein bane frå Fauske vil gje større fordelar og større samfunnsnytte – spesielt på passasjersida. For ein del gods vil ein bane frå Narvik til Tromsø vere tilstrekkeleg, men skal vi først bygge nytt er det ikkje nok at det er tilstrekkeleg. Det kan godt vere rett å starte bygginga på delstrekninga frå Narvik til Tromsø og med sidearm til Harstad , men det målet må vere å bygge heile banen.

Foto: Wikimedia Commons/https://no.m.wikipedia.org/wiki/Fil:Bm68_Ofotbanen.jpg

Jernbane er eit nasjonalt prosjekt

Jernbane til Tromsø har vore ei av dei viktigaste sakene for meg så lenge eg kan huske. Som unge sat eg på rommet mitt og teikna trasear i ein gamal atlas til Tromsø, Kirkenes og ja til Lofoten. Det er fantastisk gledeleg å sjå den støtta prosjektet har frå folk og politikarar i Tromsø og resten av landsdelen.

Kjem toget snart?

Lokalpolitikarane køyrer facebookannonsar med støtte til prosjektet. Det er heilt vidunderleg gledeleg. Det gjev tru på at jernbanen kan bli noko av. Samstundes er det viktig å minnest at dei fleste av desse politikarane har ein stor jobb å gjere i eigne parti for å få gjennomslag. Enno har vi ikkje sett same entusiasmen frå leiande folk på Storting og i regjering. Så vidt eg veit er det berre SV som har programfesta bygging av jernbane til Tromsø og til Kirkenes (frå Rovaniemi). MdG er dei som kjem nærmast. Dei har programfesta ei konskvensutgreiing av jernbane til Tromsø. (Her gjorde eg ein feil. Eg er blitt gjort klar over at Raudt og har jernbane i programmet – beklager)

I SV heiar vi på alle som jobbar for Nord-Noregbanen, og eg håper verkeleg at alle dei som roper høgt haleluja no vil stå på i eigne parti. Der må kampen vinnast om vi skal få realisert prosjektet.

For ein nordnoregbane er ikkje distriktspolitikk. Det er ikkje ein politikk for Nord-Noreg. Det er eit nasjonalt prosjekt for binde landet saman og for å utvikle landet. Ein ny jernbane vil gje lettare tilgang til internasjonale marknadar for nordnorske bedriftar.

Men det vil og utvikle landsdelen. Ei reisetid på halvanna time frå Tromsø til Narvik og 3,5 tima Tromsø til Bodø vil skape ein heilt ny region og nye lokale marknader, bu- og arbeidsregionar. Det vil binde oss saman. Til samanlikning tar det 3,5 tima å køyre til Narvik og over åtte timar til Bodø. Ein jernbane vil gjere Bodø, Narvik, Harstad og Tromsø større, men vil og gje alle stadane rundt byane ein større arbeidsmarknad og legge grunnlaget for ny vekst.

For SV er nordnoregbanen eit nasjonalt prosjekt, for å styrke Nord-Noreg og heile landet.

Alternativ til fly

Det er alltid godt å ha alternativ – i desse dagar er det godt å ha alternativ til fly. Ville berre nemne at vi manglar tog til Tromsø. Kanskje på tide med eit alternativ?

Nordområdestrategien til regjeringa

I dag var eg å høyrde på at regjeringa la fram den nye nordområdestrategien sin. Eg fekk ikkje med meg alt, fordi eg er i pappaperm, og ho eg har ansvaret for fann det for godt å bæsje mitt under framlegget. Det var ikkje ein kommentar til strategien. Tvert i mot. Du kan som eg sjå framlegget her.

Kristin Halvorsen seier i pressemeldinga frå regjeringa:

– For meg er det avgjørende at miljø står i forgrunnen i nordområdesatsingen, og vekten på et kunnskapsløft for landsdelen er også helt i tråd med våre prioriteringer.

Dei tre partileiarane i den raud-grønne regjeringa la fram nordområdestrategien i Tromsø i dag. Foto: Bent Sønnvisen
Dei tre partileiarane i den raud-grønne regjeringa la fram nordområdestrategien i Tromsø i dag. Foto: Bent Sønnvisen

Dette er eg glad for. Det er bra at miljø er ein samlande tråd gjennom strategien. Så er det sjølvsagt mykje eg kunne ønska meg frå regjeringa på miljøsida som ikkje kom denne gongen. Jernbanen til Tromsø skal utgreiast, ikkje byggast. Det vart heller ikkje sagt noko tydeleg om brems i oljeutvinninga i nord. Dette må likevel ikkje overskygge alle dei gode tinga i meldinga. Her er konkrete ting til forsking, veg, satsing på marin bioprospektering og utvikling av mange andre næringar i nord en  olje. Fleire bein å stå på er ein viktig føresetnad for å kunne stoppe oljemarerittet.

Heile meldinga frå regjeringa kan du laste ned i pdf her. Dei legg opp til sju hovudstrategiar i meldinga:

  1. Utvikle kunnskap om klima og miljø
  2. styrke overvaking, beredskap, og sjøtryggleik i dei nordlege havområda.
  3. Stimulere til bærekraftig utnytting av petroleumsressursane og fornybare ressursar til havs
  4. Fremje landbasert næringsutvikling i nord
  5. Vidareutvikle infrastrukturen i nord
  6. Oppretthalde fast suverenitetshevding og styrke samarbeidet over grensene i nord
  7. Trygge livsgrunnlaget og kulturen til urfolk

Dette er seks gode strategiar. Så får vi håpe at eit sterkt SV etter valet kan endre på strategi tre slik at ikkje olje blir hovudfokuset.

Noko som er svært viktig understrekar VG og i dag. Dei skriv:

Regjeringen ønsker også å videreutvikle kunnskapsmiljøene i Tromsø til et internasjonalt ledende senter for forskning på klima og miljø, og styrke overvåkingen av aktiviteten i Barentshavet.

Dette gler eg meg til.

Kva meiner du må inn i ein kraftfull nordområdestrategi?

Stort trykk bak jernbaneutbygging

Odd Richard Olsen hadde onsdag 13. februar ein god kommentar om satsinga på jernbane i Nord-Noreg. Eg er svært glad for at Harstad Tidende nyttar dyrebar spalteplass på å sette trykk bak eit krav om alternative transportformar i nord. Det er ingen tvil om at vi i framtida ikkje kan basere oss på vegtransport på same måte som i dag.

Eg vil likevel knytte eit par kommentarar til det Olsen skriv, i og med at eg blir direkte utfordra. Eg sit no som fylkesråd og er er svært glad for at fylkeskommunen gjennom RDA-midla har tatt ansvar for å forsere arbeidet med ei planlegging av ein bane mellom Narvik og Tromsø med eventuelle sidebanar når staten dessverre ikkje har gjort det den burde.

Olsen kan vere trygg på at Troms SV bruker alle kanalar for å påverke våre representantar i denne saka. Men tilbake til det som skjer i Troms. Fylkeskommunen er no inne i eit samarbeid med Bardu kommune om ei konsevensutgreiing av ei baneløysing. Det er sett av åtte millionar til denne utgreiinga. Dette vil kunne bli eit beslutningsgrunnlag for regjeringa når dei skal ta stilling til den vidare utviklinga. Fylkesrådet vil og utfordre regjeringa til å gå saman med oss om denne utgreiinga. I tillegg har fylkestinget sagt at fylkeskommunen skal vere planstyresmakt for ei jernbaneutbygging.

Dette betyr at Troms fylkeskommune tar ansvaret for å halde oppe trykket på bygging av jernbane. Som fylkesråd for SV er eg svært godt nøgd med dette.