Kulturskole og milde gåver

Hålogaland Teater treng meir pengar for å skape gode teateropplevingar og stor kunst, men kven skal betale for det? Foto: Kongharald/Flickr.com

Det er sjølvsagt alltid fint for ein kommune når staten kjem med milde gåver. Det er likevel slik at mange av gåvene til spesielt eit departement stort sett alltid kjem med ein bismak. Det er gåver frå Kulturdepartementet.

Når kulturdepartementet gjev ei gåve eller ei løyving til ein institusjon som treng meir pengar, som Hålogaland Teater, eller Nordnorsk symfoniorkestar og mange andre institusjonar er det nesten alltid eit vilkår. Kommune og fylket må stille opp med matchingspengar, viss ikkje blir gåva trekt tilbake. Desse matchingspengane må kommunen og fylket ta frå sine eigne frie midlar. På den måten får institusjonane meir pengar, men kommunane og fylka blir fråtatt retten til å sjølv prioritere kva pengane skal brukast til. Dei er i ein tvangssituasjon.

Vi ser dette tydeleg i Tromsø, der rådmannen foreslår å auke foreldrebetalinga i kulturskolen for at kommunen skal ha råd til å stille med dei pengane som skal til for å få den milde gåva frå staten. I Troms må fylket stille med rundt fire millionar for å utløyse gåvene.

Ivar Johansen skriv på sin blogg om ein rapport om deltaking i kulturskolane. Denne viser i følgje Johansen at det er dei velbeslåtte som deltar. Han skriv:

Forklaringen på at fattigdomsutsatte barn og unge i mindre grad enn andre barn og unge ser ut til å delta i kulturskoletilbudet, er flerdelt. Prisnivået ser ut til å være en sentral forklaring. Moderasjonsordninger og friplassordninger fører til øket deltagelse. Bredde i tilbudet ser ut til å virke svært positivt på deltagelse fra ulike grupper i samfunnet.

Eg synst dette er ein fullstendig urimeleg praksis av staten. Staten må prioritere pengane slik staten meiner er fornuftig, og dte er fornuftig å auke løyvingane til HT og andre. Men staten bør ikkje stille kommunane og fylka i ein slik tvangssituasjon. Dersom staten og departementa faktisk meiner ta dei kommunale pengane skal brukast på denne måten får dei stå for det og heller redusere dei statlege løyvingane til kommunane og fylka tilsvarande heller enn å tvinge kommunane på denne måten.

Eg vil på det sterkaste oppfordre kommunen, dersom valet står mellom kulturskole og institusjonar for vaksne å seie nei til kulturdepartementet sine milde gåver. Så får staten ta valet. Skal vi stryke løyvingane eller ikkje?

Eg synst dette er spesielt ille fordi mange av dei institusjonane som ligg i Oslo ikkje er behefta med slik samfinansiering. Kanskje fordi Oslo er så fattig?

Exit mobile version