Nordområdestrategien til regjeringa

I dag var eg å høyrde på at regjeringa la fram den nye nordområdestrategien sin. Eg fekk ikkje med meg alt, fordi eg er i pappaperm, og ho eg har ansvaret for fann det for godt å bæsje mitt under framlegget. Det var ikkje ein kommentar til strategien. Tvert i mot. Du kan som eg sjå framlegget her.

Kristin Halvorsen seier i pressemeldinga frå regjeringa:

– For meg er det avgjørende at miljø står i forgrunnen i nordområdesatsingen, og vekten på et kunnskapsløft for landsdelen er også helt i tråd med våre prioriteringer.

Dei tre partileiarane i den raud-grønne regjeringa la fram nordområdestrategien i Tromsø i dag. Foto: Bent Sønnvisen

Dette er eg glad for. Det er bra at miljø er ein samlande tråd gjennom strategien. Så er det sjølvsagt mykje eg kunne ønska meg frå regjeringa på miljøsida som ikkje kom denne gongen. Jernbanen til Tromsø skal utgreiast, ikkje byggast. Det vart heller ikkje sagt noko tydeleg om brems i oljeutvinninga i nord. Dette må likevel ikkje overskygge alle dei gode tinga i meldinga. Her er konkrete ting til forsking, veg, satsing på marin bioprospektering og utvikling av mange andre næringar i nord en  olje. Fleire bein å stå på er ein viktig føresetnad for å kunne stoppe oljemarerittet.

Heile meldinga frå regjeringa kan du laste ned i pdf her. Dei legg opp til sju hovudstrategiar i meldinga:

  1. Utvikle kunnskap om klima og miljø
  2. styrke overvaking, beredskap, og sjøtryggleik i dei nordlege havområda.
  3. Stimulere til bærekraftig utnytting av petroleumsressursane og fornybare ressursar til havs
  4. Fremje landbasert næringsutvikling i nord
  5. Vidareutvikle infrastrukturen i nord
  6. Oppretthalde fast suverenitetshevding og styrke samarbeidet over grensene i nord
  7. Trygge livsgrunnlaget og kulturen til urfolk

Dette er seks gode strategiar. Så får vi håpe at eit sterkt SV etter valet kan endre på strategi tre slik at ikkje olje blir hovudfokuset.

Noko som er svært viktig understrekar VG og i dag. Dei skriv:

Regjeringen ønsker også å videreutvikle kunnskapsmiljøene i Tromsø til et internasjonalt ledende senter for forskning på klima og miljø, og styrke overvåkingen av aktiviteten i Barentshavet.

Dette gler eg meg til.

Kva meiner du må inn i ein kraftfull nordområdestrategi?

Framtida til Tromsø maritime skole

Dei maritime næringane er viktige i Troms. I fylket vårt var det i 2005 1230 personar tilsatt innafor sjøfart, og dei 44 tromsbedriftene omsette for over ein milliard. Dette er viktige arbeidsplassar for fylket vårt og dette er viktige bedrifter i fylket vårt. Ei av dei viktigaste forutsetningane for vidare utvikling er tilgang til kompetent arbeidskraft. Derfor skal Troms fylkeskommune i overskueleg framtid drive maritim utdanning på Rambergan i Tromsø.

Tromsø maritime skole er den viktigaste institusjonen i Troms for å kunne skaffe denne arbeidskrafta. Derfor ønsker fylkeskommunen også i framtida å satse på skolen. Vi vil vere gode på sertifikatutdanningar og på å gje ei maritim opplæring som er tilpassa nordområda. Då vil vi kunne gje bedriftene våre eit viktig konkurransefortrinn i åra som kjem.

Troms fylkeskommune samarbeider no med Sparebanken Nord-Noreg og Pellerin om den vidare utviklinga av tomta på Rambergan og skolen. Dette prosjektet går ut på at vi saman søkjer kommunen om å få bygge ut tomta på Rambergan, og at Sparebanken saman med Pellering kjøper delar av den eksisterande bygningsmassen. Dette vil gje oss mulegheit til å drive ein skole i nært samarbeid med næringslivet. Men, fylkeskommunen skal sjølvsagt eige eigne lokal til å drive skole i. Vi skal ikkje og vil ikkje vere avhengige av leigde lokale og bygningar.

Det er sjølvsagt og riskikoar knytt til eit samarbeid med private aktørar. Fylkeskommunen som offentleg skoledrivar vil ikkje alltid ha same mål og ønsker som private selskap. Der vi først og fremst vil ha kvalitet i skolen, vil ein privat aktør først og fremst ha profitt på kortare eller lengre sikt. Vi meiner at vi i dette prosjektet ikkje har gjort oss avhengige av dei private aktørane, men gjort det muleg å i samspel med dei skape ein betre skole.

Fylkeskommunen ønsker å ha ein skole med nordområdefokus. Derfor vil vi i første omgang satse på maritime fag, og service og samferdsel. Saman vil desse faga kunne utvikle viktig kompetanse til både transport og reiselivsnæringa i nord. Vi trur at eit samspel med dei bedriftene som vil etablere seg på Rambergan vil gje eit løft til utdanningane der opp, samstundes som vi er så ubeskjedne at vi meiner at den kompetansen skolen sit på vil vere med å løfte næringslivet.

Nettverk og nettverksamarbeid er eit honnørord i mange samanhengar. Den nye maritime nordområdeskolen på Rambergan vil gje nytt innhald til desse orda. Elevane og fagskolestudentane vil få ei fantastisk mulegheit til å få gode kontaktar i næringslivet og lære av desse. Næringslivet og skolen vil saman kunne utveksle og bygge kompetanse som vi ikkje vil finne andre stader i landet. Vi håper og at Universitetet og Høgskolen skal vere interesserte i å etablere seg på Rambergan. Til saman vil det kunne bli dynamitt.

Dette er eit unikt skoleprosjekt, men det er og eit spennande næringslivsprosjekt. Prosjekt frigjer pengar for fylkeskommunen som vil vil bruke til å bygge om lokala våre slik at vi kan ha gode og tidsriktige skolelokalar for å gje elevar og lærarar eit godt arbeids- og undervisningsmiljø.

I framtida ser vi for oss at det skal vere plass rundt 500 elevar og fagskolestudentar på Tromsø maritime skole. Desse vil få nyoppussa og tildels nybygde lokale som gjev eit godt grunnlag for å vere ein spydspiss i nordområdesatsinga i Troms. Eg er ikkje av dei som roper hurra for oljeboring i Barentshavet, men eg innser at det er sannsynleg at vi vil få ei utvikling der som gjer at det vil bli behov for fleire folk i dei maritime næringane. Vi legg opp til at skal kunne fylle desse behova. Då blir det og ei kjempeutfordring for dei maritime næringane å gjere seg atraktive slik at ungdomen får lyst på desse arbeidsplassane. Den maritime næringa har sett i verk ein kampanje «Ikke for alle» som eg håper vil slå ut i betre søkning til desse tilboda. Tromsø maritime skole er i Tromsø, men dei maritime arbeidsplassane er over heile fylket og er viktige distriktsarbeidsplassar. Det gjer det og viktig at denne kompetansen skal finnast og byggast ut i fylket.

Tromsø maritime skole på Rambergan står på ei katedraltomt. Det er mi klåre oppfatning at skolane skal vere katedralar i samfunnet, men eit ørlite innslag av børs skadar ikkje. Samarbeidet med Sparebanken og Pellerin gjev oss mulegheit til at skolekatedralen på Rambergan kan stråle kraftigare enn før og gje nordnorsk ungdom ei fantastisk utdanning innafor service, samferdsel og maritime fag.

Nordområda!

I morgon kjem endeleg regjeringa si stortingsmelding om Nordområda – så seier i alle fall rykte. Tynt og lite visjonært seier dei same rykta – altså på linje med denne regjeringa sin politikk på alle andre område. Ikkje noko overrasking der. Flølg med her for kommentarar når meldinga kjem.

Exit mobile version