NRKSUPER og Superia – supert av NRK

Utsyn over spelelandet Superia
Utsyn over spelelandet Superia

Begge gutane mine er hekta på eit dataspel som heiter Superia. Dette er eit spel ein kan laste ned frå NRK. Eg trur dette, og mykje anna NRK gjer på NRKsuper.no kan vere ein genistrek av allmennkringkastaren.

Med dette spelet har NRK fått til eit samspel mellom tre plattformar på ein svært god måte. Du kan laste ned og spele Superia, du kan diskutere Superia på NRK sine sider og på søndagane kan du sjå på TV og lære nytt om Superia – og ikkje minst – få omtale på TV om du har vore flink i spelet. Dette kan vere eit viktig steg for NRK for å halde på barn og ungdom, og ein måte å vere allmennkringkastar i ein ny digital kvardag. NRK har og klart å utnytte gode sider ved ulike kanalar. I spelet kan du lage teikningar, animasjonar og musikk som du sender inn til NRK og kanskje få vist på TV. Samspelet mellom ulike kanalar er bra.

I tillegg er Superia artig for oss foreldre. Inni spelet dukkar det opp småspel som mange av oss vil huske frå eigen barndom, variantar av Boulder Dash, Jetpack og Space Invaders og Donkey Kong gjer det heile til ei god retrooppleving.

Så kan ein godt stille spørsmålet; vil eg at ungane mine i ein alder av fem år skal bruke mykje tid på dataspel? Eg har ikkje svaret, det er ingen tvil om at dei synst det er artig, at det er god trening i finmotorikk og tildels tvinger dei til å tenke, men fysisk aktivt er det jo ikkje.

Har du tankar om dataspel og ungar? Kor mykje tid bør dei bruke på det?

Ei ny nordnorsk avis?

nordnytt
Felles TV-sendingar frå nord er det viktigaste vi kan gjere for å skape ei nordnorsk offentlegheit. Foto: Skjermdump frå NRK sine nettsider

Arne O. Holm i Arktisk tenketank og Landsdelsutvalet har lansert tanken om ei ny avis i Nord-Noreg. LU er tydeleg på nettsidene sine om at dei ikkje skal eige avisa, men at det er viktig å tenkje høgt om problemstillinga.  Er har valdsamt sansen for tanken om og behovet for ei felles nordnorsk offentlegheit, men tviler på at ei ny avis er vegen å gå.

Eg trur det er to vegar å gå for å skape denne offentlegheita. Det aller viktigaste er at vi på nytt kan få felles TV-sendingar for dei tre nordnorske fylka. Eg meiner det var ein katastrofe for Nord-Noreg at Nordland insisterte på eigne nyheitssendingar. For det første får vi ikkje den kunnskapen vi treng om andre delar av landsdelen, og for det andre synst eg sakene som kjem fram ofte er mindre interessante enn det vi kunne fått i ei felles sending.

Eg har og lenge vore forundra over at A-pressen med avisar i alle område av landsdelen ikkje har fått til større grad av samarbeid om nyheiter og analyser. Ei side i Avisa Nordland, Nordlys, Helgeland Arbeiderblad, Finnmar Dagblad osb om nordnorske nyheiter trur eg er det nærmaste vi kjem ei felles nordnorsk avis. Eit slikt samarbeid er det og godt grunnlag for i Polaris media. Harstad Tidende Gruppa har bevege seg litt i den retninga på nettsidene sine. Men det kan utviklast vidare. Eit nordnorsk telegrambyrå hadde kanskje vore vegen å gå.

Realiteten er at vi har hatt ei nordnorsk avis berre ein gong. Det var medan Lofotposten var på sitt største. Vi kjem nok ikkje dit igjen.

Dersom ein absolutt skal starte noko nytt trur eg det einaste som kan fungere er eit vekemagasin med fokus på analyse, kombinert med nyhende på nettet. Utfordringa er at gode analyser og folk med kunnskap til å skrive desse til ei betaling som eit slikt magasin hadde råd til ikkje veks på tre.

Kven skal drive Sameradioen

Eg har ei stund tenkt at eg burde skrive noko om utspelet frå Sametingsrådet om NRK Sameradioen. Dei skriv i institusjonsmeldinga si at:  «Sametingsrådet ser det som prinsipielt mest riktig at Sámi Radio i fremtiden organisatorisk og finansielt tilknyttes Sametinget». (Sametinget: http://samediggi.no/kunde/filer/Melding%20om%20samisk%20institusjonsutvikling.pdf side 33)

Eg kjente umiddelbart at dette likte eg ikkje. Så tenkte eg at dette måtte eg tenkje litt på før eg skreiv, men i dag oppdaga eg at Pål Hivand har skrive om dette i bloggen sin på ein god måte. Det einaste eg har å tilføye er at det vil alltid vere ei utfordring å fine ut korleis offentlege styresmakter kan eige media utan å komme i konflikt med «objektivitet», saklegheit og ei viss grad av rettferd i den forstand at alle slepp til.

Eg trur ein viktig føresetnad for at dette skal skje på ein fornuftig måte er at det finst alternative mediar i den same offentlegheita. Då kan media kontrollere kvarandre, og delvis rette opp feilskjer. Det gjev og dei som ikkje slepp til mulegheit til å nytte andre kanalar. På samisk er det vel i hovudsak berre eit alternativ, Avvir. Eg trur ikkje det er nok til at vi kan seie at det reelt sett finst alternative kanalar. Utan at eg veit det har eg og ein mistanke om at Avvir ikkje når eller blir lest av noko i nærleiken av heile den samiske offentlegheita.