Eit OL i Oslo

Eg vil heller ha tog til Tromsø enn OL til Oslo. Dette toget gjekk til Olympic Park i London i 2012. Foto: Ed Webster/Wikimedia

Så kom prislappen på eit OL i Oslo. Herlegheita skal koste meir enn 30 milliardar, det meste skal vere offentlege pengar.

Eg meiner det kan vere ein god ide å arrangere OL i Noreg ein gong i blant. Vi kan ikkje alltid reise på besøk og aldri invitere tilbake. Men eg synst det er heilt vanvittig å skulle bruke 30 mrd i det største pressområdet i Noreg. I Oslo klagar det på trengsel over alt. Då kan vi bruke pengane andre stader og på andre ting.

Eg vil heller bygge jernbane til Tromsø. I 1992 rekna NSB ut at det vil koste 7,3 milliardar å bygge jernbane frå Narvik til Tromsø. Dersom vi tredoblar summen for å komme til dagens kostnadsnivå så er det framleis billigare enn eit OL i Oslo.

Dersom Noreg skal arrangere eit OL så bør vi ikkje gjere det på det sentrale Austlandsområdet. Det vil berre skape større problem. Eg skulle gjerne hatt eit OL i Nord-Noreg, men aller helst skulle eg hatt tog.

Ikkje OL i Tromsø

Det hadde vore artig med eit OL i Tromsø. Her frå Vancouver, men no er det på tide å la draumen vere ein draum. Foto: Iwona Erskine-Kellie

No er det på tide at vi bruker tida på noko anna enn å diskutere OL i Tromsø. I begge avisene i Tromsø er det i dag store oppslag om at skodda i Kollen gjer OL i Tromsø meir aktuelt. Eg meiner det ikkje er aktuelt å diskutere eit OL til Tromsø.

Tromsø har mange store utfordringar. Vi treng badeland og betre fasilitetar for mange idrettar. Då må vi konsentrere kreftene der, og ikkje bruke dei på ein fjern draum om OL ein gong i framtida.

Børre Lien seier til iTromsø (ikkje på nett) at:

— Det vi mangler er nordnorsk lederskap, vi har ikke det i Tromsø, vi har ikke det i Troms, ikke i Nordland, og ikke i Finnmark. Vi mangler en bjellesau.

Eg er usamd, vi treng eit politisk leiarskap som vil bruke tid på å utvikle byen og landsdelen på eigne premiss, ikkje gjennom å sleike nikkersadelen i Oslo opp etter ryggen. Husk, det er nokon som set bjølla på bjøllesauen og dei gjer det for i vite kvar sauen er til ei kvar tid.

Prosessen sist kosta i underkant av 60 millionar. Noko over tre millionar var kommunen sin andel. Desse utgiftene bør vi ikkje pådra oss ein gong til.

Men, dersom idrettsforbundet og regjeringa kjem og spør oss om Tromsø vil vere søkjarby til OL, ja så får vi ta debatten. Fram til då får den få lov til å ligge i ro.

iTromsø inviterer til debatt om saka her

Kva meiner du, er det på tide å la OL-saka ligge på hylla?

[poll id=»2″]

 

Realfag og OL

 

Kan idrett vere ein inngang til å få fleire interessert i realfaga? Foto: Terry Gaboury

Kunne OL vore brukt til å få fleire interessert i realfag? Det var i alle fall ein av ideane, eller kanskje heller hjartesukka som kom opp på møtet i Forum for realfag i går.

Regjeringa skal legge fram ein ny strategi for satsing på realfag. Dette er eit viktig dokument, sjølv om det ikkje kjem til å løyse alle utfordringane. Real- og teknologifaga kjem til å vere heilt sentrale for å løyse klimautfordringane framover, og for å at næringslivet i Noreg skal halde fram med å vere lønsamt. Dersom du er idealist er det realfag du bør studere. Det er ingeniørane (i brei forstand) som kjem til å skape den miljøvenlege framtida.

Startegien har blitt til i nært samarbeid mellom departement, næringsliv og utdanningsmiljø. Den kjem til å vere tilgjengeleg på Kunnskapsdepartementet sine nettsider om ikkje alt for lenge.

Men, kva har realfag med Ol å gjere? Det var Carla Botten Verboven frå NHO som kom med hjartesukket under møtet. Ho sa noko slikt som dette: ”Kunne dei ikkje heller enn alt dette tørrpratet under OL nytta sjansen til å fortalt oss noko om korleis salting av løypene verkar, korfor skihopparane hoppar lengst med motvind, korfor nokre måtar å gå svingane i skøyter er raskare enn andre?”

Eg synst spørsmålet er godt, og utfordringa går til NRK og kanskje Newton. Ein viktig del av å rekruttere fleire til realfaga er å vise korleis det betyr noko i kvardagen til folk.

Og kanskje er det mangel på teknologar som gjer at det er så mange tabbar i OL?

OL, Tromsø og Noreg

Eg må innrømme at eg er litt tvisynt når det gjeld eit eventuelt OL i Noreg i 2018. På den eine sida trur eg det ville betydd svært mykje for Noreg, og Nord-Noreg spesielt med eit norsk OL-arrangement i Tromsø i 2018. Det ville betydd ei oppgradering av infrastruktur, ei profesjonalisering av reiselivet og marknadsføring av landsdelen som har stort potensiale.

Òg, ikkje minst. det ville blitt ustyrteleg artig. Eg veit ikkje heilt kor det er med deg, men eg liker å gå på fest av og til. Eg set pris på å bli invitert på middag. Då er det vanleg at ein inviterer tilbake. Liker ein å danse, så må ein by opp til dans ein gong i blant. Det meiner eg at Noreg skal gjere.

Esten O. Sæther kommenterer saka i Dagbladet i dag. Han skriv:

Den gjelder å se anlegg, idrettsutvikling og nasjonal helse under ett, der skillelinjene ikke går ved ja eller nei til en ishockeyhall i Tromsø og ellers har lite å gjøre med hvor vi bor i landet.

Det triste er at å sjå under eitt så alt for ofte er kode for å sjå det sentrale Austlandsområdet.

Men, det er dyrt, eg innser det. Eg kjenner på meg at det ikkje er med lett hjarte eg argumenterer for eit arrangement som vil koste 30 milliardar, med ein nettokostnad for samfunnet på 20 milliardar, 10 milliardar om ein reknar med materielle fordelar. Så det er kostnaden då for ein idrettsfest, for å bygge ut viktige idrettsarenaer i Nord-Noreg, for å marknadsføre landsdelen, for å samle idrettsnoreg. 10 milliardar. Det er mykje pengar, men det skal fordelast på 10 år, altså ein milliard i året. Er det mykje? Tja, 47 i staden for 48 jagerfly – omtrent. Ein avrundingsfeil på statsbudsjettet – omtrent.

Det kan ikkje vere pengane som avgjer dette. I alle fall ikkje pengane for staten. Dei finst, det handlar berre om vilje.

Eg er meir bekymra for Tromsø kommune sine kostnadar i ein periode fram til IOC avgjer kven som skal få leikane. Det kostar mykje pengar å søkje. Det er pengar Tromsø kommune ikkje har. Dei pengane er viktige i debatten. Dei 10 milliardane er ikkje det.

Viktigare i debatten er kanskje ein diskusjon om miljøkostnadane med eit OL i Tromsø. Transportøkonomisk institutt har laga ein interessant rapport om dette. Det spørsmålet eg ikkje synst dei svarer på er om eit OL i Tromsø vil føre til meir eller mindre utslepp enn eit OL andre stader.

Det vil avgjere mitt endelege standpunkt i saka. No er eg framleis for OL i Noreg, arrangert i Tromsø. Eg er inderleg forbanna på det sentrale Oslo-miljøet både i politikk og idrett som undergrev dette prosjektet, som dei undergrev så mykje anna satsing i Nord-Noreg.

Oppdatert:

Dagbladet skriv litt om saka her, spesielt om at idrettstyret blir sett under hardt press

Oppdatert to:

Så har idrettsstyret sagt nei. Det er kanskje greitt å få ei avklaring, sjølv om det var ei feil avklaring?

Exit mobile version