I neste møte i Oppvekst- og utdanningsutvalet tar vi eit nytt steg i retning av ny ungdomsskole på Kvaløysletta. Då skal vi handsame detaljreguleringa for den nye skolen. Dersom alt går etter planen blir denne godkjent i kommunestyremøtet 27. april.
Eg har ikkje fått studert saksframlegget enno, men med første gjennomlesing så synst eg det ser veldig bra ut. Eg tar likevel gjerne mot innspel frå folk. Du kan lese saksframlegget her: https://innsyn.tromso.kommune.no/application/getMoteDokument?dokid=200982693
Men det er fleire interessante saker i utvalsmøtet. Vi skal og diskutere «Grab – utvikling av anlegg for egenorganisert aktivitet». Denne saka handlar om korleis vi kan utvikle den tidlegare svømmehallen på Stakkevollan til eit nytt anlegg for eigenorganisert aktivitet. Eigenorganisert aktivitet er viktig for svært mange ungdomar. Det å ha skikkelege arenaer for dette i Tromsø er viktig.
I saksframlegget står det:
«Mangfold i anlegg, aktiviteter og tidspunkter for å kunne trene på egne premisser, er et økende behov. Nasjonale og internasjonale forskere peker på en global trend hvor egenorganiserte aktiviteter vokser, spesielt hos unge voksne. Barn og unge ønsker i større grad enn tidligere å bestemme selv, når og hvordan de skal drive med fritidsaktiviteter, og de ønsker selv å tilrettelegge for sine egne aktiviteter. Dette står i motsetning til hvordan mange ordinære fritidsaktiviteter er lagt opp, og hvordan kommunens anlegg blir brukt i dag.»
Eigenorganisert aktivitet er så mangt og det betyr at vi treng mange og ulike arenaer for dette. Det mest aktuelle for svømmehallen på Stakkevollan er å lage ein arena for skateboard, parkour, tricking, gateidrett, ol.
Det er Kulturutvalet som tar endeleg beslutning i denne saka, men kom veldig gjerne med innspel og idear.
Kvalitets- og utviklingsmelding seksjon skole 2021 er eit viktig dokument. Det gjev god innsikt i kvalitet på undervisninga, korleis vi skal utvikle oss og korleis elevane har det i skolen vår. Det er tilrådd lesing for alle som er interessert i tromsøskolen. Det er mykje interessant i dokumentet. Ved første gjennomlesing så festa eg meg ved:
- Vi ligg litt over landssnittet på læringsutbytte og resultat på nasjonale prøvar
- Vi ligg ørlite over landet i talet på lærarar i høve til talet på elevar
- Vi bruker meir spesialundervinsning enn i resten av landet, og det er særleg gutane som får mykje spesialundervisning.
- Det er nokre tal eg synst manglar, kanskje spesielt elevfråver og tal på elevar som er mykje borte frå skolen
Læring handlar om svært mykje. Uteromma på skolane våre er ein viktig bestandel. I saka Orientering om prosjektet «Renovering skolegårder» fra oppstart 2018 til i dag samt fremtidige planer i perioden 2022 til 2025 får vi ein god gjennomgang av kva som er gjort og kva planane framover er. Her burde vi gjort meir, men det er godt å sjå at det skjer ein del ting.
TromsøROS 2022 – 2026, Helhetlig risiko- og sårbarhetsanalyse for Tromsø kommune 2022 – 2026 har eg ikkje rekt å lese alle vedlegga enno, men ser fram til denne saka. Saka er ein viktig gjennomgang av tromsøsamfunnet. Frå saksframlegget:
«En av oppgavene til Tromsø kommune er å ivareta befolkningens sikkerhet og trygghet. For å få til dette må hele organisasjonen jobbe systematisk, helhetlig og tverrfaglig med samfunnssikkerhet samt ha et bevisst forhold til risiko i vår kommune. TromsøROS skal danne et kunnskapsgrunnlag gjennom å identifisere risiko og sårbarhet i Tromsø kommune, og foreslå tiltak som kan redusere denne risikoen og sårbarheten ytterligere.»
Eg ser fram til innspel frå deg på sakene, anten her på bloggen eller i eit kommentarfelt nær deg. Tagg meg så får eg det med meg.