Alle kan søke generell studiekompetanse

Det har blitt ein del styr etter at Utdanningsforbundet i Harstad hadde eit utspel i Harstad Tidende den 11. juni, der dei påstår at vi nektar dei siste Reform 94-elevane å ta påbygging til generell studiekompetanse.

Dette er ikkje korrekt.

Det som er riktig er at vi legg ned det gamle 20-timerskurset for reform 94-elevane som vi hadde i Tromsø og Harstad. Det betyr ikkje at desse elevane står utan eit tilbod. Det betyr at vi vil gjere det same i Harstad og Tromsø som vi har gjort i resten av fylket i lengre tid. Vi vil køyre desse elevane saman, med tilpassingar for reform 94-elevane.

For å få studiekompetanse skal desse elevane ha faga norsk, historie, naturfag, engelsk og matematikk.  Men det må gjerast tilpasningar i matematikk, anten ved å lage eit tilpassa totimarskurs, eller at dei følgjer det vanlege 5-timarskurset. Det siste ville vere best, fordi dette er faget dei fleste av desse elevane slit med (ikkje hatt matte sidan 1.år i vidaregåande, dvs for tre år sidan). Vil derfor rå desse elevane til å følgje heile kurset i matematikk. I denne modellen får vi med andre ord eit betre tilbod for elevane i dette faget!

Reform 94-elevane som har fullført fagbrevet må då konkurrere om dei plassane vi har på lik linje som før. Vi vil og som før prioritere elevane med rett. Til hausten har vi ein kapasitet på 400 plassar påbygging i fylket. Tidlegare års erfaring med at mange ikkje tar plassen eller ikkje møter opp ved skolestart tilseier at vi vil få plass til dei aller fleste med denne kapasiteten, også dei som blir ståande på venteliste etter første inntak.

Det er rimeleg å tru. Men samstundes usikkert om til dømes finanskrisa kan ha verka inn på elevane sine valg mellom utdanning og jobb. Ingen som ikkje har rett er garantert inntak, men slik har det alltid vore. Dette er ikkje ein skolepolitisk skandale, men ei av dei minst smertefulle tilpassingane vi må gjere til ein for tran økonomi i dei vidaregåande skolane i Troms.