I kveld har eg vore på eit møte for å diskutere parlamentarismen i Tromsø. Dette trollet av eit system som vi får håpe sprekk i møtet med veljarane om halvanna år.
Noko av utgangspunktet for diskusjonen var ein ny rapport frå Universitetet i Nordland på oppdrag frå kommunaldepartementet. Rapporten skulle mellom anna analysere korleis parlamentarismen funger i kommunar og fylkeskommunar i dag. Som tromsøværing er rapporten sjokkerande lesing:
Var det grunnlag for denne skarpe kritikken fra representantene tilhørende opposisjonspartiene i Tromsø? Sammenlignet med det vi har sett for Oslo, vil svaret bli ja. Hos byrådet i Tromsø finner vi ikke den raushet som karakteriserer byrådet i Oslo. Rådet må sies å være stort, med seks byråder, en mer enn man ble enige om i planen for innføring av parlamentarisme. Hvert byråd har også en politisk rådgiver, slik at det til sammen er 12 politiske stillinger tilknyttet byrådet. Ordføreren tilhører Høyre og har også en politisk rådgiver. Dette gir en formidabel kapasitet sammenlignet med politikerne i opposisjonspartiene i kommunestyret. Med innføring av parlamentarisme i en polarisert politisk kultur risikerer man, som i Tromsø kommune, at posisjonen utnytter sitt flertall til å sikre seg ressurser og kapasitet som gjør det mulig å nærmest eliminere opposisjonen. På sikt gir dette ingen god politikk, fordi det bare blir byrådssidens ideer og standpunkter som får gjennomslag. Med breiere flertall og mer åpenhet i debatten ville vedtakene bli bedre. (side 50)
…
En sammenligning av byrådenes formelle politiske kapasitet i Bergen og Tromsø kan tjene som en avsluttende illustrasjon. I Bergen er det 14 heltidsstillinger tilknyttet byrådet, i Tromsø 12. Når vi vet at Bergen november 2013 har 270.000 innbyggere, og Tromsø 70.000, så illustrerer dette hvor kraftig majoritetsstyringa er i Tromsø, og ikke minst hvor dyrt det politiske styringssystemet der er blitt. (side 56-7)
Det er både politiske og praktiske grunnar til at eg meiner det er feil med parlamentarisme i Tromsø. Det praktiske er i hovudsak knytt til to ting. Det viktigaste er informasjonsulikheita mellom opposisjon og posisjon. Dei som sit med makta vil ha ha mykje større tilgang til informasjon enn opposisjonen. Denne mangelen på likevekt gjer at arbeidsforholda for opposisjonen blir vanskelege. Ein kunne kanskje kompensert for dette ved å la fleire i opposisjonen vere heiltidspolitikarar. Men dette tar meg til det andre punktet. Kostnaden. Allereie i dag kostar det parlamentariske systemet i Tromsø i overkant av 15 millionar kroner ekstra kvart år. Skulle vi reelt gjeve opposisjonen moglegheit til lik tilgang til informasjon og dermed moglegheit til å kontrollere byrådet ville kostnaden auka med mange millionar. Eg trur ikkje ein eventuell gevinst med parlamentarisme er verd så mange millionar. Då vil eg heller bruke pengane på skole og eldreomsorg.
Det politiske poenget heng saman med korleis fleirtalet i Tromsø forvaltar makta si. Eg er ikkje forundra over at når høgresida vinn eit val så vil dei privatisere og konkurranseutsette. Det er greitt. Det som ikkje er greitt er at beslutningane blir flytta vekk frå kommunestyret og inn i lukka organ som byrådet. I Tromsø har kommunestyret delegert til byrådet å konkurranseutsette all kommunal verksemd. Då er saka plutseleg unntatt debatt og informasjonsulikheita mellom posisjon og opposisjon blir stor. Ei slik delegering kunne ikkje skjedd i ein formannskapsmodell.
Eg har rett og slett vanskar med å sjå kva vi skal med den parlamentariske styringsmodellen i Tromsø