Alt blir dyrare

Det kan bli ei utfordrande tid for mange framover. Renta er på veg opp, matvareprisane stig, drivstoffet er blitt svært dyrt og i delar av landet har straumprisen gått gjennom taket. Det blir kasta ut mange tankar om korleis vi skal svare på desse krisene. For oss i SV er det viktig å ha tre tankar i hovudet samstundes. Vi må hjelpe dei som slit samstundes som vi sikrar god fordeling og at vi framleis har framdrift på kampen mot klimaendringane.

Ida Wolden Bache er ny sentralbanksjef og har gjort det klart at det blir fleire renteaukingar framover. Foto: Tore Sætre/Wikimedia

SVs viktigaste tiltak er skattetlette for dei av oss som tener minst. SV gjekk i sitt alternative statsbudsjett inn for betydelege skattekutt for dei som tener under 600 000 kroner, samstundes med høgare skatt på store formuar og høge inntekter. Det vil vere omfordelande og gje folk meir pengar til å handtere høge prisar og aukande rente. SVs finanspolitiske talsperson, Kari Elisabeth Kaski sa til NRK den 13. mars i år:

«Vi er nødt til å få et mer omfordelende skattesystem og kutte skattene for folk flest langt mer enn det som har vært lagt til grunn så langt»

Med SVs opplegg ville ein person med ei inntekt på mellom 450 000 og 500 000 få omtrent 4000 kroner i skattelette. Dersom ein kombinerer dette med SVs forslag om gratis SFO og auka barnetrygd ville ein famile med med to vaksne og to barn i SFO og barnehagealder sitte igjen med nesten 25 000 kroner meir å rutte med.

Det vil vere betydningsfullt for mange familiar.

Heldigvis har ikkje straumprisane gått valdsamt til vêrs her nord, men i store delar av landet er prisen på straum blitt ei stor utfordring. SVs forslag der er at staten skal dekke 100% av kostnaden for straum over 50 øre per KWh for dei første 1000 kWh kvar månad og 80% for dei neste 2000 kiloweatttimane. Det vil vere eit tydeleg handslag til mange hushaldningar som slit med straumprisene samstundes som det vil vere eit insentiv til å spare på straumen.

Det er mange grunnar til at matvareprisen stig. Den grufulle krigen i Ukraina, mangel på kunstgjødsel med meir. I Noreg har vi ei tilleggsutfordring med store kjeder med stor marknadsmakt, og at desse konserna er både leverandør og distributør. SV foreslår derfor tiltak for å auke konkurransen i bransjen. I eit intervju med  SVs nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes skriv  Nettavisen:

«SV foreslår i Stortinget å regulere bransjen, med ønske om å øke konkurransen. De foreslår å begrense mulighetene til at et konsern kan være både leverandør og distributør. De ønsker også at enkeltaktører ikke skal kunne ha for store markedsandeler.»

For SV er det avgjerande viktig at vi klarer å fordele omkostningar og byrder på ein god måte, slik at det ikkje er dei som har minst som må bære den tyngste børa. Derfor vil vi gjere noko med skatetsystemet allereie i revidert statsbudsjett.

Har vi råd til ei grøn framtid?

Skal resten av verda kunne oppleve vekst, må kanskje vi ta oss råd til å betale ein prosent meir for nokre varer. Foto: http://www.flickr.com/people/photonquantique/

Svaret er ja, for å slå fast konklusjonen allereie i første setning i ingressen. Det er fleire grunnar til at vi kan slå fast dette. Ein grunn er Stern-raporten som seier at det vil koste verda mellom minus to prosent og tre prosent av BNP å få kontroll på drivhuseffekten. Ei billig forsikring mot noko som kan endre verda som vi kjenner ho. Med tanke på at verdas BNP veks med mellom to og fire prosent i året, betyr dette berre at vi blir rikare litt saktare.

Men BNP og makroøkonomi er kanskje ikkje det enklaste å halde seg til. Enklare er det kanskje å tenke på kva vil dette koste meg. New Scientist har rekna på dette. Denne utrekninga er rett nok basert på britiske tilhøve, men likevel relevant for oss. Dei hevdar at denne undersøkjinga er det grundigaste forsøket på å seie noko om framtidige prisar på varar til oss vanlege folk som er gjort nokon gong. Kva er så konklusjonen dei kom fram til? Dei seier at:

  • Matprisar vil måtte stige med ein prosent
  • Bilar vil bli ein prosent dyrare (basert på prisen på ein Toyota Prius i Storbritannia)
  • Tobakk vil stige med to prosent
  • Alkohol vil stige med to prosent
  • Klede vil bli ein prosent dyrare
  • Elektronikk vil måtte stige med to prosent
  • Elektrisitet vil bli 15 prosent dyrare
  • Kommunikasjon vil bli null prosent dyrare
  • Prisane på flyreiser vil stige med 140 prosent
  • Bensin vil stige med 32 prosent, men der vil det finnast alternativ
  • Vaskemaskinar og andre kvitevarar vil stige med to prosent

Denne lista er basert på at vi må redusere utsleppa av CO2 med åtti prosent samanlikna med nivået  i 1990. Studien er utført av Cambridge Econometrics og er på linje med studiar gjort i USA, mellom anna av PEW Center on Global Climate Change og studiar publisert i Energy Economics. Vi kan vel derfor tru at det er ganske nært sanninga. No er sjølvsagt dette framtidsscenariet bygd på ein del føresetnader. Desse seier at styresmaktene må sette ein pris på CO2 og at det vil bli investewrt hardt for å få fjerna kol brukt til oppvarming og å gjere det muleg med elektriske bilar.

Denne ekstrakostnaden skulle vel vi i den rike verda vere i stand til å bære, trur ikkje du det?

Kanskje greitt å avslutte med eit stykkje av Arne Garborg:

Um pengar

Pengar hev ikkje noko verd i seg sjølv. Du kann ikkje eta dei, ikkje drikka dei, ikkje klæda deg med dei. Du kunde hava lumma full av pengar, og svelta, tyrsta, frjosa i hel – um der ikkje var mat og drikka og klæde å få.

Pengar er langt ifrå det største gode, ikkje det næst største heller. Men dei er eit stort gode for den som brukar dei vitugt.

For pengar kann ein få alt, heiter det. – Nei, ein kann ikkje det.

Ein kann kjøpa seg
mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helsa,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje gleda,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje æra,
rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kann ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.

Exit mobile version