Gratis, men berre om vi betaler

Det er flott med alt det fine gratisinnhaldet som finst på nett. Flinke folk brukar timar, engasjement, kunnskap og kreativitet for å skape gratis glede og lærdom til oss. Men, det er sjølvsagt ingen gratis lønsj der ute. Utan inntekter er det ingen som i lengda kan bruke tid og engasjement for å underhalde meg, eller lære meg nye ting. Derfor har eg lenge tenkt at det er på tide å betale litt for seg – i alle all for det eg verkeleg set pris på på nettet, og i dag gjorde eg det. Eg tok fram kredittkortet mitt og sendte ei lita gåve til nokre av dei eg gjerne vil skal halde fram med å skape på nett. Dei som fekk ei gåve hos meg i dag var:

  • Teikneserien «Stand Still Stay Silent» stod øvst på lista, men Minna tar ikkje mot donasjonar. Eg tenkte å kjøpe ein plakat for å støtte. 15 dollar kosta det. Greitt nok, men 15 dollar i porto vart i overkant. Får vente til ho ordnar ein måte å donere på. Det er ein vakker nettserie om verda 90 år etter ein pest nesten har utrydda menneskeslekta.
  • Podcasten «This American Life» er stor og får sikkert mykje støtte, men dei treng alltid meir. Daglegdagse og ikkje fult så daglegdagse historier frå USA (for det meste).
  • «Radiolab» er ein annan fantastisk podcast som lærer meg mykje. Historier i grenselandet mellom vitskap og kultur.
  • Open Democracy er ein nettstad som søker å vere ein digital allemenning. Gode artiklar om mange ulike tema.

Korfor skriv eg dette, jau fordi eg trur vi alle må bli flinkare til å betale litt for innhaldet på nett for at det framleis skal vere «gratis» og for at fleire skal få lyst til å skape til glede for oss alle.

Dessutan vil eg gjerne at du skal dele med oss nokre av dei gratistinga du bruker på nett og som fleire burde få glede av.

Exit mobile version