Realfag og OL

 

Kan idrett vere ein inngang til å få fleire interessert i realfaga? Foto: Terry Gaboury

Kunne OL vore brukt til å få fleire interessert i realfag? Det var i alle fall ein av ideane, eller kanskje heller hjartesukka som kom opp på møtet i Forum for realfag i går.

Regjeringa skal legge fram ein ny strategi for satsing på realfag. Dette er eit viktig dokument, sjølv om det ikkje kjem til å løyse alle utfordringane. Real- og teknologifaga kjem til å vere heilt sentrale for å løyse klimautfordringane framover, og for å at næringslivet i Noreg skal halde fram med å vere lønsamt. Dersom du er idealist er det realfag du bør studere. Det er ingeniørane (i brei forstand) som kjem til å skape den miljøvenlege framtida.

Startegien har blitt til i nært samarbeid mellom departement, næringsliv og utdanningsmiljø. Den kjem til å vere tilgjengeleg på Kunnskapsdepartementet sine nettsider om ikkje alt for lenge.

Men, kva har realfag med Ol å gjere? Det var Carla Botten Verboven frå NHO som kom med hjartesukket under møtet. Ho sa noko slikt som dette: ”Kunne dei ikkje heller enn alt dette tørrpratet under OL nytta sjansen til å fortalt oss noko om korleis salting av løypene verkar, korfor skihopparane hoppar lengst med motvind, korfor nokre måtar å gå svingane i skøyter er raskare enn andre?”

Eg synst spørsmålet er godt, og utfordringa går til NRK og kanskje Newton. Ein viktig del av å rekruttere fleire til realfaga er å vise korleis det betyr noko i kvardagen til folk.

Og kanskje er det mangel på teknologar som gjer at det er så mange tabbar i OL?