Organiserer vi regjeringa rett?

Kanskje bør Jens Stoltenberg organisere si tredje regjering på ein ny måte? Foto: Policy Networks (user:Flickr)/Wikimedia

Kor ofte er du i stand til å få 20 menneske til å samlast om ei felles retning og felles prioriteringar, når dei same 20 menneska slåss om dei same ressursane til sine svært ulike område? Er du i stand til å få desse 20 til å bli samde om ei retning, sjølv når det går ut over statusen til fleire av dei?

Det blir litt vanskeleg seier du? Ja, det trur eg og, men det er slik landet vårt blir styrt. Regjeringa består av 20 dyktige personar, som alle slåss beinhardt for den sektoren dei styrer. Eg er ikkje trygg på at det er ein god måte å organisere ting på for å få fatta beslutningar og få gjennomført vedtak. Eg trur vi treng ein debatt og denne organisasjonsforma.

I dag består regjeringsapparatet av 20 statsrådar, 43 statssekretærar og 21 politiske rådgjevarar (om eg har talt rett). Desse 84 personane utgjer den politiske leiinga for den utøvande makta i Noreg.

Statsrådane er dei som er ansvarlege for alle beslutningane, anten kvar for seg eller som kollegium (regjeringa). Statssekretærane og rådgjevarane opererer med delegert myndigheit frå kvar einskild statsråd. Det varierer nok litt frå statsråds til statsråd kor mykje som blir delegert.

Utan at eg skal vere skråsikker på kva som har rett, trur eg det er verd å tenke nøye gjennom om ikkje det vil vere lurt å redusere regjeringa til mellom sju og ni personar. Ei slik mindre gruppe er det enklare å få til å dra i same retning, kanskje enklare å få gjort vedtak og sett dei i verk. Eit slikt mindre tal på statsrådar betyr og at alle ville komme ut som vinnarar i statsbudsjettet og i andre samanhengar på minst eit felt. Kanskje kunne vi då fått til tydelegare prioriteringar og mindre klatting?

Skulle ein gjere dette måtte ein og gjere noko med statssekretærane. Med sju statsrådar ville ansvarsområda bli svært store. Det kan då vere naturleg at statssekretærane vart oppjustert til å ha sjølvstendig ansvar for politikkområde under “oppsyn” av den ansvarlege statsråden. Det ville då og vere naturleg å kunne la statssekretærane svare for seg i Stortinget.

Kanskje går det an å sjå for seg noko slikt som dette, med to eksempeldepartement

  • Næringsminister
    • Statsekretær med ansvar for:
      • Olje
      • Energi
      • Fiskeri
      • Landbruk
      • Eigarskapsutøving
      • etc
  • Miljøminister
    • Statsekretær med ansvar for:
      • Naturvern
      • Integrering
      • Bustadbygging
      • Samiske saker
      • Arbeid
      • Kultur
      • etc

Det er lenge sidan vi har hatt ein grundig debatt om korleis vi politisk skal styre den utøvande makta. Dette er eit innspel, eit innspel som godt kan vere feil. Men eg trur vi treng å ta den debatten

 

 

 

Finanskrisa – vi treng styring av marknaden

Kristin Halvorsen har saman med regjeringa styrt økonomien på ein god måte. Foto: Wikipedia

Finanskrisa har vist oss fleire ting. Den viktigaste lærdomen frå krisa så langt er at skal marknaden fungere så må han styrast, til tider med hard hand. Ein frislept marknad er ustabil og vil føre til kriser med jamne mellomrom. Eg er godt nøgd med korleis denne regjeringa har styrt Noreg. Vi har brukt litt mindre pengar i oppgangstider slik at det er rom for å satse i nedgangstider. Kudos til Kristin, Jens og dei andre i regjeringsapparatet, og veljarane er samde, skriv Dagbladet og VG

Eg har tidlegare skrive litt om finanskrisa her

Eg er svært spent på den krisepakka som Regjeringa har sagt skal komme i månadsskiftet januar/februar. Denne pakka kan bli avgjerade både for korleis krisa blir i Noreg, og korleis det kjem tilå gå ved valet til hausten. Mulegheita i denne krisa er at vi kan satse stort på å legge om til miljøvenleg teknologi og på å oppgradere offentlege bygnader og infrastruktur. Det vil skape ringverknader i økonomien og gje oss eit betre samfunn på sikt.

Først vil vi understreke at ei pakke ikkje må vere ei lånepakke, eller ei pakke som set store krav til eigendel frå kommunane. Dette vil gjere det vanskeleg for mange å benytte pakka. Kommunane har i stor grad allereie for stor gjeld, og gjeld vil på eit eller anna tidspunkt slå inn på driftsbudsjettet anten det er rente eller avdragsfritt i ein periode.

Overordna meiner eg at det er viktig å benytte krisa til å satse på miljøløysningar. Spesielt innan energi, men og når det gjeld trafikk. Ei pakke bør legge opp til ei satsing på enøk, nye energiformer – spesielt vind og bioenergi samt gang-sykkelvegar og busstrasear. Dette vil vere med på å vise ei retning som SV (men og AP og SP bør vere interessert i dette?) kan stå på.

Eg ønsker meg og ei satsing på kultur, både bygg, kulturminne og drift. Det gjev arbeidsplassar direkte og indirekte. Eg vil likevel understreke at pengar som evt. er tenkt til kommunal drift må vere varige og utanfor ramma av dei vanlege kommuneoppgjera. Viss ikkje vil det bli ei avveging mellom eldreomsorg, skole og alle andre gode tiltak.

Utover dette er eg opptatt av vedlikehald og nybygging av skolar og ei satsing på fylkesvegar og øvrige riksvegar. Skolebygningar treng vi ikkje utbrodere, men når det gjeld vegar er det standardheving, rassikring og framkommelegheit som er det viktigaste. Eg vil heller ikkje unnlate å nemne jernbane frå Narvik til Tromsø som eit viktig prosjekt, sjølv om prosjektet ikkje er spadeklart.

Dette er mi ønskeliste. Krisa er ei mulegheit til å flytte forbruk frå den private økonomien til den offentlege. Det vil gje eit betre samfunn for alle. Skolar må ha same kvalitet som private hus. Det har ikkje alle i dag.

200 000 fleire i arbeid

Det viktigaste den raud-grønne regjeringa har fått til er at det er skapt 200 000 nye arbeidsplassar i Noreg. Aldri har fleire vore i arbeid, og vi må meir enn 20 år tilbake i tid for å finne lågare arbeidsløyse.

I følgje LO sitert i Dagbladet, er det «regjeringens forslag til revidert nasjonalbudsjett sikrer grunnlaget for norske arbeidsplasser«.

Regjeringa skal sjølvsagt ikkje ha æra åleine, dei internasjonale konjunkturane har og spela ei viktig rolle. Men det hadde ikkje vore vanskeleg å forspelt denne historiske sjansen til å få folk i arbeid. Når folk er i arbeid minkar skilnadene, fleire får eit godt sosialt nettverk. Lykkeindeksen stig rett og slett. Det betyr ikkje at alt er rosenraudt. Dei rettleiande satsane for sosialhjelp har auka for dei aller fattigaste, men framleis er det folk som står utan sterke nok rettar om dei blir utan inntekt i dette landet. Eg har skrive litt om det tidlegare, her.  Men langsiktig og strukturelt er det gjort to svært viktige grep for å redusere fattigdomen i Noreg.

Barnehageløftet vil vere med å løfte mange ut av ein framtidig fattigdom. Saman med minkande arbeidsløyse og ei satsing på skolen vil vi få resultat. Det neste store løftet må vere å få gjort noko med den sosiale bustadbygginga.

Kommenter gjerne kva du meiner skal til for å få redusert fattigdomen enno meir

Exit mobile version