Byvåpen og omdømme

Ei eldre utgåve av Tromsø kommune sitt byvåpen. Reinen har vore bruk som symbol for byen frå ca 1870. Bilete henta frå Wikipedia Commons

Det raser ein debatt om byvåpenet til Tromsø kommune. Nokon vil ha nordlyset andre vil ta i bruk Tromsøysund sitt gamle våpen (sjå til dømes denne facebookgruppa ). Eg tenkjer at denne debatten og den omdømmedebatten vi hadde tidlegare liknar mykje på kvarandre. Det er enklare å ta tak i symbol enn det som er dei verkelege utfordringa.

Er det ikkje slik at det eigentleg ikkje er så viktig korleis byvåpenet vårt ser ut? Det viktige er ikkje symbolet i seg sjølv, men kva innhald som ligg i symbolet. Innhaldet meiner eg blir bestemt av kva Tromsø er og korleis innbyggarane i Tromsø trivst i byen. Likeins meiner eg det blir rart å skulle diskutere Tromsø sitt omdømme, framfor å diskutere kva Tromsø skal vere.

Eg meiner Tromsø har svært mange gode sider og ein del utfordringar. Dei gode sidene er det som gjer at eg liker byen og gjerne vil halde fram med å bu der.

For meg er nokre av dei gode sidene:
• Folka i byen og kommunen
• Naturen
• At det er mange med initiativ og innovasjonsevne
• At det er lett å skape entusiasme for nye idear og prosjekt
• At trafikken er overkomeleg
• Og mange fleire ting, kom gjerne med di liste i kommentarfeltet

Men det er og mange utfordringar. Eg trur ei av hovudutfordringane i byen er at vi ikkje konsentrerer oss nok om ein del av dei grunnleggande tinga. Vi burde diskutere skolen og eldreomsorga meir, og mindre om gullegg.

Vi burde diskutere tilgang til næringsareal og transport meir enn grandiose framtidsplanar basert på olje.

Vi burde vere meir opptatt av korleis vi utviklar distrikta i Tromsø og rundt Tromsø enn om Tromsø er ein viktig stad i Noreg.

Dersom vi gjer det trur eg Tromsø blir og forblir ein viktig stad i Noreg og verda. Då trur eg vi vil halde fram med å kunne løfte store visjonære prosjekt som Mandelakonserten og då trur eg vi skal få på plass eit badeanlegg slik at ungane våre kan lære å symje og kan kose seg i vatnet saman med foreldra.

Kva skal til for at du blir nøgd med byen vår?

Exit mobile version