Oljenæringa er ei solnedgangsnæring og kan ikkje bære Noreg framover. Sakte men sikkert vil andre næringar måtte ta over. Då er det viktig for Nord-Noreg å vere i første rekke i dei nye næringane, der dei nye arbeidsplassane blir skapt. Vi har ofte mykje å lære av Vestlendingane om å satse framtidsretta og langsiktig.
Det minner meg om ei lita historie las i Rubicon av Agnar Mykle ein gong. Før motoren si tid var vist møringane dei beste til å ro. Dei einaste som kunne slå dei i roing var nordlendingane, men berre over eit kort stykkje og om det sto kvinnfolk i fjæra og såg. Den nordnorske trua på at oljenæringa skal skape tusenvis av arbeidsplassar er den moderne versjonen av denne historia.
No, når oljetida går mot slutten skal vi satse og gire næringslivet mot noko som snart er over. Då nyttar det ikkje om kvinnfolka vinkar aldri så mykje – vi må bli betre på den langsiktige satsinga. Nokre tal kan underbygge dette. I troms jobbar det 519 personar i petroleumsnæringa, i Finnmark er talet 260. I perioden frå 2000 til 2007 auka Rogaland sin andel av dei tilsette i petroleumsnæringane (tal frå SSB, Rapporter 2009/7). Dette skjedde samstundes med utbygginga av Snøhvit. Oljenæringa er ikkje på veg nordover.
Det kan bli ein liten sysselsettingsvekst i nord knytt til petroleumsnæringa, men å tru at dette er framtidsnæringa er feil. Til samanlikning jobbar det nesten sju gonger fleire i fiskerinæringa i Troms enn med olje, ni gonger fleire med turisme og det er tre gonger fleire bønder i Troms enn personar som jobbar i petroleumsnæringa. Erna Solberg seier til oilinfo.no at det er viktig for arbeidsplassane på Vestlandet at det blir oljeboring utanfor Lofoten Vesterålen.
Men Vestlendingane har skjønt at framtida ligg andre plassar enn i oljen. Dei store vestlandske kraftselskap har samla seg i selskapet Vestavind Offshore as for å satse på vindkraft. Kraftnytt.no rapporterer at:
«Rune Birkeland, administrerende direktør i Grieg Logistics, tror offshore vindkraft kan gi store positive ringvirkninger for næringslivet på Vestlandet.
– Vi har blitt eksperter på offshore virksomhet gjennom erfaringen fra oljevirksomheten. Kobler vi vår ekspertise med utenlandsk kompetanse på vindturbiner, kan vi skape mange arbeidsplasser, sier Birkeland, som også er styremedlem i Norwind, et selskap som fokuserer på offshore vindkraft.»
Vi har ikkje tid til å gå omvegen om oljenæringa for å skaffe oss kompetanse på dei nye energiformane. Vi må hoppe bukk over olja for å vere med på det nye. Satsar vi på olje no blir vi sittande i fjæra medan verda går vidare.
Kva skal vi satse på?
Eit godt eksempel på kva Eg og vi i SV vil satse på er den utviklinga av tidevasskraft som skjer i Harstad. Toppkandidatane til SV i Nordland, Troms og Finnmark besøkte Hydra Tidal no i august. Lena Jensen, SVs førstekandidat i Troms uttalte den gongen til NRK:
– På syttitallet bygget Norge opp oljeindustrien og fikk pengene hit. På samme måte ønsker SV nå å bygge opp fornybar energiindustri, og vi vil satse spesielt i Nord-Norge.
– Da er det viktig at vi sikrer at Hydra Tidal, som ligger fremst i verden på tidevannskraft, får de pengene de trenger. For det er akkurat her den nye industrien og de nye massive arbeidsplassene skal komme i Nord-Norge i framtida, og ikke innenfor olje.
Dette er SVs satsing. Les gjerne meir om SVs næringssatsing i Arbeidsprogrammet vårt, du finn det her.