10 spørsmål til rektorteama

Eg har saman med Torgeir Knag Fylkesnes utforma nokre spørsmål til dei som stiller til val som rektorar ved Universitetet i Tromsø. Vi publiserer dei same spørsmåla på bloggane våre og håper på å utvide diskusjonen litt. Vi meiner nok at Universitetet er så viktig for byen og landsdelen at dei delane av Universitetet si verksemd fortener å bli diskutert meir.

Eit sentralt formål med etableringa av Universitetet i Tromsø var å utdanne folk til jobbane i landsdelen. Ingen av rektorteama seier noko spesielt i valplattformane sine om kva for ei rolle universitetet skal ha for dette i årane framover.

  1. UiT har satsa stort på petroleumsrelaterte utdanningar dei siste åra. Ifølgje kunnskapsinnhentinga til Oljedirektoratet vil berre ein stad mellom 3-5% av arbeidsplassane i petroleumsnæringa hamne i nord. Er ikkje då den store petroleumssatsingen ein subsidie av Vestlandet, og ikkje ei satsing på jobbane til framtida i landsdelen?
  2. Kva for grep vil rektorteama ta for å utvikle utdanningane innan reiseliv, IKT, fiskeri, alternativ energi og andre framtidsnæringar?

Nordområdesatsingen har prega utviklinga av høgare utdanning og forsking i nord dei seinaste åra. Forskningsprofilen i nordområdesatsingen har i stor grad vore prega av real- og helsefaglege tilnærmingar.

  1. Kva for ei rolle meiner rektorteama at UiT skal ha i denne satsinga?
  2. Kva vil rektorteama gjere for å styrkja den samfunnsvitenskapelige og humanistiske tilnærminga til nordområdene?

I universitetsverda internasjonalt skjer det ei formidabel satsing på opne studiet gjennom nye media (MIT, Stanford, osb). Det tyder at studentane i Noreg har tilgjenge på det beste av det beste frå heile verda utan å vere innom eit norsk universitet. Samstundes finst det store mengder kunnskap på UiT som aldri kjem seg utanfor veggene i Breivika. Dette seiane rektorteamene lite om.

  1. Korleis sikre at UiT blir det naturlege valet for vaksne folk som vil ha tilgang til kunnskap utan å reise til Tromsø?
  2. Når skal UiT tilby kunnskapen sin og kursa sine utanfor Campus og til alle?

Bodø er betre enn Tromsø på minst éin ting – eit tett og strategisk samarbeid mellom by og høgskule/universitet. ”Team Bodø” har ført til at byen har fått sentrale rollar i nasjonale satsingar. I Tromsø er historia ein annan.

  1. Korleis vil rektorteama jobbe for eit tettare samarbeid mellom byen og universitetet? På kva for område?
  2. Korleis skape tettare band mellom Breivika og byen?

Med kunnskapen sin og mandat sitt har forskarar ein svært viktig rolle som deltakarar i samfunnsdebatten. Med over tusen forskarar i Breivika, med kunnskap om nær alle samfunnsområder, burde alt liggje til rette for ei sterk deltaking i offentlegheita. Men slik er det ikkje.

  1. Kva for rolle bør forskarane ha i den offentlege debatten?
  2. Kva vil rektorteamene gjere for at forskarar kan delta meir i det offentlege ordskiftet?

[poll id=»20″]

Exit mobile version