Moske i Tromsø?

Moskear kan vere vakre bygg, men dei er og sentralar for misjon og tru. Skal vi ha ein ny stor moske i Tromsø må storleiken tilpassast bybiletet ellers. Denne moskeen er frå Jeddah i Saudi-Arabia. Foto: Wikipedia Commons/User:Laitche

Eg er ateist. Eg har lite bruk for gudshus, anten det er kyrkjer, moskear, tempel eller synagogar. Derimot har eg bruk for ytringsfridom og trusfridom. Eg meiner folk har rett til å organisere seg for å uttrykke trua si i fellesskap.

Dei siste dagane har Nordlys avslørt at saudiarabiske interesser skal vere med å finansiere ein ny moske i Tromsø. Dette er eit godt arbeid frå Nordlys si side og har gjeve viktig og vektig informasjon og argumentar inn i den offentlege debatten. Desse interessene som hostar opp pengane for ein moske i Tromsø skal vere nært knytt til wahabismen i følgje Nordlys.

Wahhabisme er i følgje Wikipedia:

 … ei svært streng fundamentalistisk retning innan sunniislam, grunnlagd av Muhammad ibn Abd al Wahhab på Den arabiske halvøya på 1700-talet. Tilhengarane strevar etter å følgje Koranen og sunna slik profeten Muhammed og dei første generasjonane av muslimar etter han gjorde. Dei brukar for å oppnå dette dei forklaringane som al Wahhab skreiv om Koranen i boka Kitab al-Tawhid («Boka om monoteismen»), som inneheld ei svært detaljert tolking av koss religionen skal praktiserast. Boka fordømmer blant anna musikk, spel og annan moro, og kjem med reglar for klede og åtferd. Læra er sterkt kritisk til alle andre retningar og tolkingar, særleg sjiaislam, som blir sedd som ei kjettersk sekt. Wahhab gjekk i allianse med Muhammed ibn Saud, forfar til dagens herskarar i Saudi-Arabia, og læra hans vart innførd i dei områda ibn Saud erobra. Da huset Saud tok makta på mest heile halvøya, vart retninga med det statsreligion i Saudi-Arabia. I dag blir wahhabismen støtta av statane Saudi-Arabia og Qatar, men wahhabistisk misjon har spreidd læra langt utom grensene for desse landa.

Eg ønskjer meg ikkje wahhabisme til Tromsø. Eg meiner ei tru basert på denne ideologien undergrev det som gjer livet godt. Eg ønskjer meg ikkje religiøse hus finansiert frå utlandet i Tromsø. På same viset liker eg ikkje at norsk misjon bygger kyrkjer i u-land, eller at amerikanske konservative kristne rørsler spreier seg utover verda. Men enno mindre ønskjer eg å bu i eit land som forbyr folk å praktisere trua si, som prøver å nekte folk å misjonere for trua si, som nektar eit trusfellesskap å motta støtte frå trusfellar i andre land.

Det vi treng i Noreg og i Tromsø er ein skarpare religionskritikk, og meir offentleg debatt om tru og religion. Både kristen tru og muslimsk tru. Berre dersom desse debattane kan bli tatt i opent lende kan vi som ikkje trur og dei som trur bryne seg mot kvarandre og skape ei forståing av korleis det religiøse og det sekulære kan sameksistere.

Og, eg trur at dette vil føre til at tru som tar gleda frå folk vil forsvinne.

Og så, så må sjølvsagt sjølve byggeprosjektet for ein ny moske i Tromsø vurderast etter plan- og bygningsloven på same måte som eit kvart nybygg i Tromsø.

Exit mobile version