Fem like

Ved universitetet i Arkangelsk var den einaste ordførardebatten i valet 2008Kva er det mest spesielle med det komande ordførarvalet i Arkangelsk? Jau, fem av kandidatane har det same namnet. Dei heiter alle Sergei Moiseev.

Ein kan sjølvsagt spekulere i korfor dette skjer, men ein av dei sterkaste kandidatane ved valet heiter nettopp Sergei Moiseev og er leiar for ein organiasjon som heiter «Folkets kontroll». Guvernøren sin kandidat heiter derimot Viktor Pavlenko og er fungerande ordførar. Kanskje er det eit poeng å splitte opposisjonen sine røyster. Pavlenko var forresten den einaste som ikkje stilte til den einaste debatten i ordførarvalet. Det var studentane ved universitetet som arrangerte debatten.

Den forrige ordføraren vart forresten arrestert. Mange meiner det var fordi han gav uttrykk for eit ønske om å stille til presidentvalet.

Russland sine to andlet

Morten Strand skriv i DagbladetDet russiske statsvåpnet, ørna med to hovud i dag om Russland sine to andlet. Han viser då til Putin og den nye presidenten Dmitrij Medvedev, men speler og på det russiske statsvåpnet som er ei ørn med to hovud.

Eit minst like interessant aspekt av dette er det fantastiske Russland på den eine sida og det brutale Russland på den andre sida. På den eine sida står det Russland som består av stor litteratur og kunst, framsynte idelogar, oppfinnarar og ingeniørar. Dei som har gjeve oss nokre av dei største undra verda har sett. Både romskip og litteratur. Dette er eit stolt, trygt og venleg Russland. På den andre sida står det landet som har gjeve oss brutaliteten i Tsjetsjenia, Gulag og redsel. Eg trur (dersom vi legg den gode, eller den onde vilja til) vi kan sjå litt av denne dualismen mellom Medvedev og Putin. Putins Russland var veikt og utrygt, etter kommunismens samanbrot.  Dette gav seg utslag i brutalitet og ei hevding av smale russiske interessar som til tider går på tvers av Russlands langsiktige interesser. På den andre sida kan vi håpe at Medvedevs Russland kan bli rikt, sterkt og trygt på seg sjølv. Eit slikt Russland kan på nytt skape storverk, utan at det må gå på bekostning av verken tsjetsjenarar eller georgiarar. Eit Russland som er trygt på seg sjølv kan bli ein faktor for det gode internasjonalt.

Russland, val og Weimar

Søndag er det val i Russland. Valet er ikkje særleg spanande. Det er klårt at Dimitrij Medvedev kjem til å bli valt til president.Dmitrij Medvedev, sannsynlegvis den neste presidenten i Russland

Russland har endra seg mykje dei åtte åra Vladimir Putin har vore president. Landet er enno ikkje rikt, men samanlikna med byrjinga av 90-talet har landet tatt stormsteg framover. Det er i hovudsak olja og andre naturressursar som har brakt Russland på fote igjen. Dei høge prisane har gjeve alvorleg fart på den russiske økonomien. Det er ikkje meir enn 10 år sidan den russiske økonomien var så dårleg at dei ikkje kunne betale utanlandsgjelda si, no er landet gjeldsfritt. I dag er BNP per innbyggar oppe på 9000 dollar mot 2000 dollar i 1998. Dette er likevel ikkje høgare enn det var i 1989. I den same perioden er gapet mellom dei rikaste og dei fattigaste auka monaleg, skriv den nyliberalistiske avisa The Economist .

Samstundes skjer det ting i Russland som ikkje er positive. Den estiske presidenten Toomas Hendrik Ilves samanliknar situasjonen i dagens Russland med Tyskland under Weimarrepublikken. I følgje Moscow Times seier Ilves: «There is a mentality of being stabbed in the back that reminds me of the Weimar republic. The Weimar mentality … is so similar that I really hope that we do not go off in the wrong direction»

Dette er skummelt om han har rett. Det er ingen tvil om at Russland viser ein del trekk som ikkje er positive, for å vere svært forsiktig i formuleringane. Krigen i Tsjetsjenia er sjølvsagt det verste eksemplet, men måten vernepliktige soldatar blir behandla er ille, den agressive nære utanrikspolitikken andsynes Georgia, og andre er og ille. Eller meir mundane ting som råkar folk i kvardagen. Transperancy International ranger Russland på 143 plass i verda når det kjem til korrupsjon (1 er minst korrupt) dårlegare enn land som Niger, Syria og Etiopia.

Desse sakene (spesielt krigen i Tsjetsjenia) gjer at ein godt kan stille seg spørsmålet: «Held vi USA til ein høgare moralsk standard enn andre?» Korleis ville demonstrasjonane sett ut om dei amerikanske overgrepa i Irak og Afghanistan var i nærleiken av å vere så store som dei russiske overgrepa i Tsjetsjenia? Det er vel ingen tvil om at det ikkje ville vore berre i SV vi diskuterte om Noreg skulle delta i krigen i Afghanistan. Men ein ekspansjonistisk og imperialistisk utanrikspolitikk er ikkje Russland og USA åleine om. Dagbladet skriv at: «NUPI-forsker Indra Øverland mener Jens Stoltenberg ikke framstår som noe mindre imperialistiske enn Russlands president Vladimir Putin.» På same måte som Russland plantar flagget sitt på nordpolen, prøver også Noreg å utvide land- og havområda sine, både i nord og sør. Er det verkeleg slik at det er storleiken som er den største skilnaden mellom Noreg, Russland og USA.

Murmansk og Jul

I tre dagar før jul var eg i Murmansk. Det er alltid spennande å besøke Russland. Det er artig å sjå den store økonomiske framgangen som er i landet. I alle fall i byane, og det er fortvilande å sjå kor sakte det går før alle er på eit leveleg nivå. Samstundes er det tungt ikkje å kunne i særleg grad påverke landet sin glidebane til ein styreform som blir meir autoritært og korporativt.

Russland har fått eit tydeleg autoritært styresett. Økonomien blir korporativ i større grad med ein stat som opererer meir eller mindre utanfor loven – eller over loven. Men samstundes skal vi vere klåre over at Russland har gått gjennom ei stor omveltning. Ei omveltning som ikkje har gjort det lett å skape eit liberalt demokrati, utan korrupsjon med like mulegheiter for alle. Kanskje er ein sterk stat styrt frå sentrum naudsynt i ein periode? Sjølv om det er uråd å akseptere dei overgrepa og den terroren som har skjedd i Tsjetsjenia.

Det som likevel varmar er det gode samarbeidet i Nordområda. Det at eit norsk redningshelikopter kan redde russiske sjømenn i Russland er fantastisk og eit godt bilete på kor langt vi er komen frå tida med den kalde krigen. Det er ikkje meir enn 20 år sidan opninga tok til.

Enno er ikkje alt på plass i Murmansk, men økonomisk går det rett vegNo skal vi samarbeide med fylkesstyresmaktene i Murmansk om å opprette ein russisk-norsk vidaregåande skole i Murmansk (og det er artig å bli intervjua på russisk TV ).Ein skole som skal vere med på å gje grunnlag for eit enno betre samarbeid både om næringsliv og kultur. Hovudfokus på skolen skal vere entreprenørskap og klima. To svært viktige tema i samarbeidet i nordområda. I tillegg trur eg vi kan ha ein del å lære av russisk pedagogikk – kanskje spesielt knytt til realfaga. Vi sit no og ser på læreplanane for å prøve å sameine norske og russiske læreplanar. Det viser tydeleg at landa vektlegg ulike tema i undervisninga. Det blir spennande å sjå dette i samanheng.

Forøvrig, God jul alle saman.

Fiskevernsona og gråsona etter "Elektron"

Den siste norske grensa til lands vart trekt i 1826, mellom Noreg-Sverige og Russland. Den siste hendinga med trålaren ?Elektron? viser tydeleg at ikkje alle grensespørsmål er avklarte. I Barentshavet er det to omstridte område – der norsk handheving av fiskerireglar og rett til olje- og gassressursar er uavklart. Det eine spørsmålet er vernesona rundt Svalbard, det andre er grensa mellom Noreg og Russland i Barentshavet. Desse to sakene må sjåast i samanheng.

Det omstridde grenseområdet i Barentshavet dekker 155000 kvadratkilometer hav med viktige fiskeressursar og med potensiale for utvinning av olje og gass. Det står med andre ord store økonomiske verdiar på spel i forhandlingane mellom Noreg og Russland. Både Noreg og Russland innførte 200 mils økonomisk sone i 1976. Noreg meinte den gongen at grensa mellom dei to sonene skulle følgje midtlinjeprinsippet, altså ei linje som går midt mellom territoriet til dei to statane. Russland meinte at skiljelinja skulle følgje sektorprinsippet, altså ei linje trekt frå grensa i Varangerfjorden og rett til polen. I 1978 vart Noreg og Russland samde om ein ?gråsoneavtale? for å kunne ha kontroll med fisket i det omstridde området. Gråsona ligg i den sørlege enden av det omstridde området og dekkjer 67 000 kvadratkilometer. Gråsona dekkjer berre ein liten del av det omstridde området, og i tillegg ligg 22000 kvadratkilometer (tilsvarer Oppland fylke) av gråsona på det som er uomstridt norsk områda, medan gråsona berre dekker ørlite (3000 km2) av det som er uomtvista russisk område. Gråsoneavtalen gjeld berre for eit år om gongen.

Havrettstraktatens artikkel 15 og Genevekonvensjonen av 1958 fastslår at midtlinjeprinsippet skal vere det normale når ein skal strekke grenser til sjøs. Ut frå dette står det norske kravet på trygg folkerettsleg grunn. Det er i traktatane opna for at det kan gjerast unntak frå dette prinsippet om spesielle omsyn talar for det. Usemja mellom Noreg og Russland handlar om kor vidt det finst spesielle omsyn. Russland viser til at dette er i polområda og at Russland allereie i 1926 gjorde krav på øyer i havet nord for Russland ut frå sektorprinsippet. Det er dermed ikkje eit opportunistisk krav lage i denne samanhengen. Også Canada legg tilsvarande prinsipp til grunn i si forståing av grensene i nord. Det kan og vere verd å peike på at krava i Antarktisk (med unntak av det norske) blir avgrensa av rette sektorlinjer trekt mot polen. Det kan og leggast vekt på at det bur fleire på russisk side av grensa enn på norsk side. Dette understrekar behovet for å halde oppe folketalet i Nord-Noreg og Finnmark spesielt.

Det har frå norsk side vore eit sterkt ønske om å oppnå semje med Russland om grensa til sjøs. Det blir sett på som tryggare med klart definerte grenser mot den store naboen vår. Frå Russland har ikkje dette ønsket vore like sterkt. Det heng sjølvsagt saman med at Gråsona går langt inn i norsk område, men også ei langsiktig haldning frå russisk side med ønske om fellesstyre i nord. Dette er spesielt i høve til Svalbard, men gjev seg nok og utslag med omsyn til Gråsona.

Det er vanskeleg å sjå striden om gråsona avskilt frå den andre store betente saka i nord. Striden om fiskevernsona rundt Svalbard og i kor stor grad Noreg har rett til å forvalte fiskeressursane og eventuelle oljeressursar i denne sona.

Noreg fekk suverenitet over Svalbard i 1925 gjennom Svalbardtraktaten. Traktaten gjev alle like rettar til å utnytte ressursane på øygruppa og norsk skattelegging må avgrensast til det kostar å administrere øygruppa. Den avgåtte regjeringa foreslo ein skattesats på 10 prosent for næringsverksemd på øygruppa.

Traktaten gjeld landområda og territorialfarvatnet rundt Svalbard. Frå norsk side har det vore hevda at traktaten derimot ikkje gjeld på kontinentalsokkelen og i den økonomiske sona rundt Svalbard. Noreg har fått liten aksept for dette synspunktet internasjonalt. Frå norsk side blir det hevda at norsk suverenitet gjeld uavgrensa der det ikkje er sett konkrete sperrar mot dette i traktaten og at internasjonal rett har utvikla seg mot at kyststaten skal få større suverenitet og kontroll over hava og at det ville vere urimeleg at ikkje den same utviklinga skulle gjelde på Svalbard. Noreg har valt ikkje å sette desse spørsmåla på spissen. Vi har ikkje oppretta ei vanleg økonomisk sone rundt Svalbard, men heller valt ei ikkjediskriminerande fiskevernsone. I denne sona blir reglane handheva utan sideblikk til nasjonalitet.

Eventuelle konfliktar i sona går i hovudsak stå mellom Noreg og Russland, men også Island, Grønland og EU har interesser. Russland har i praksis akseptert norsk forvaltning av fiskerireglane i sona, men Noreg har vore svært forsiktig i sine inspeksjonar av russiske skip i sona. Med få unntak arresterer ikkje norsk kystvakt utanlandske farty i vernesona, men nøyer seg med å gje advarslar.

I nyare tid er det nokre heilt få unnatak frå dette. I 1994 arresterte den norske kystvakta ein islandsk eigd trålar som var registrert under flagget til Belize. Grunnen til arrestasjonen var at Belize ikkje har kvote i Barentshavet og heller ingen historiske rettar. I 1998 vart ein russisk trålar oppbrakt for ikkje å ha akseptert forbod mot fiske i eit område med for stor innblanding av småfisk. Trålaren vart slept fri av kystvakta etter diplomatiske samtalar på høgt nivå. Også i 2001 arresterte kystvakta ein russisk trålar. Dette førte til brot i fiskerirelasjonane mellom Noreg og Russland. Etter 2001 har det ikkje vore liknande situasjonar i vernesona før den dagsatuelle saka med Elektron.

Det vil vere naturleg å sjå for seg at vi vil få fleire situasjonar som Elektron i framtida. Det er sannsynleg at russiske reiarlag i større og større grad vil skjele til pengeboka, og dermed bli tøffare, og utfordre Noreg i vernesona. Dette stiler Noreg overfor store utfordringar. Vi må vurdere om norsk kystvakt i større grad fysisk skal gripe inn og ha ei mindre lempeleg handsaming av slike saker som dette. Problemet er at dette kan sette saka på spissen og gjere at vi blir trekt inn for internasjonale domstolar – ei slik rettssak kan ikkje Noreg vere sikker på å vinne. Likevel er det på tide at saka blir avgjort, konsekvensen for fiskeressursane av at det ikkje er avklart kven som fastsett reglane og handhever desse er for store til at vi kan leve med det.

Korleis kan motsetnadene mellom Noreg og Russland om gråsona og fiskevernsona løysast? Det er sjølvsagt ikkje noko enkelt svar på dette, då ville sakene vore ute av verden for lenge sidan. Det er heller ikkje blitt mindre utfordrande etter som det er blitt tydelegare at det er snakk om store verdiar i form av olje og gass i området i tillegg til fiskeressursane. Eg meiner at det kan vere naudsynt å sjå sakene i samanheng. Kanskje vil det vere fornuftig av Noreg å akseptere ei løysning der grensa mellom Noreg og Russland blir mindre fordelaktig for å samstundes få til russisk aksept av den norske forståinga av Svalbard og fiskervernsona. Dette sit nok langt inne, men med det svartfisket som no foregår i Barentshavet må vi vere villige til å sjå på alternative løysningsmodellar.

Det er og slik at det ikkje er uvanleg internasjonalt med ulike løysningar for grensene mellom økonomiske soner og grenser mellom kontinentalsoklane. For Noreg er det avgjerande å få aksept ikkje berre for den norske forståinga av fiskevernsona, men også at kontinentalsokkelen rundt Svalbard er ein del av den generelle norske kontinentalsokkelen og ikkje underlagt Svalbardtraktaten. Dersom det ikkje skjer må eventulle olje og gassressursar på kontinentalsokkelen rundt Svalbard forvaltast etter Svalbardtraktaten. Det vil då bli svært vanskeleg å avgrense utvinninga der av miljømessige grunnar, eller å skattlegge denne utvinninga på eit fornuftig nivå.