Sluttar sommaren i morgon? Då kan vi studere digitalt

I Salangen tar sommaren slutt i morgon.
I Salangen tar sommaren slutt i morgon
Eg veit ikkje om det er pessimisme eller ganske enkelt realisme som ligg til grunn for at næringsforeininga i Salangen slår fast at sommaren varer frå 28. juni til femte juli. I alle fall blir alle som kjem til Sjøvegan langs RV84 frå Sørreisa møtt med eit skilt som seier: «Sommer i Salangen 28.juni – 5.juli»

På sett og vis er det befriande at folk har så små håp for sommaren. Sjølv har eg enno trua på at det blir mange fine dagar både i juli og august.

I Salangen tar sommaren slutt i morgon.Det er fleire grunnar til at eg har besøkt Salangen medan det enno er sommar der. Den viktigaste denne gongen er at eg har hatt eit møte med studiesenteret.no og ordførarane i Salangen, Ibestad og Lavangen om eit prosjekt som heiter «Kompetanseløft Astafjord» som fylkeskommunen har vore med å finansiert. Dette har ført til at kommunane har bygd og digitale studiesenter og no er dei interessert i om vi kan prøve å vidaregåande utdanning flytta ut i desse kommunane ved hjelp av ny teknologi. Dette er spennande og noko eg gjerne vil bidra til å få til.

Samstundes hadde eg eit møte med Astrid Høgmo i prosjektet «Bygdeskolen». Det er eit nyskapande samarbeid mellom distriktsskolar i Tromsø, Torsken, Berg og Gratangen. Ved å bruke teknologiske hjelpemiddel deler dei på kompetansen og lærarane. Det fungerer. Skolane får eit breiare tilbod, du får eit større kollegium, og det er ikkje dyrt. Tvert i mot kan det vere pengar å spare. Eg skal prøve å skrive meir om dette på bloggen seinare.

Ellers, for die av dykk som lurer, handa er ikkje heilt god enno, men eg får til å skrive. Og, no er det sommerferie, og bloggen får ikkje merksemd frå meg kvar dag – om ikkje vêret blir riktig ille.