Categories
Troms og Tromsø

Stolt av kofta

Fredag den 20. september vart Jon-Richard Sommernes slått ned på gata i Tromsø. Gjerningsmannen seier i følgje media at grunnen var «at han ville slå en same». Dette er heilt uhyrleg og ikkje slik vi skal ha det i Tromsø. Derfor deltok eg på den markeringa som Romssa Noereh arrangerte i går.

Tema for markeringa var Gákterámis – Stolt av kofta. Eg var glad for å kunne bruke den flotte kofta eg har arva etter han pappa på denne markeringa. Ingen skal vere redde for å bli slått ned i Tromsø, og i alle fall ikkje for å vere samisk. Du skal ikkje frykte for å vere den du er i Tromsø. Om det er samisk eller noko som helst anna. Hatkriminalitet skal vi ikkje ha.

Categories
Kommunepolitikk

Kor skummelt er eit samisk namn?

Det er mange ting eg ikkje forstår, noko av det aller mest uforståelege for meg er at så mange er redde for samiske namn på bydelar og bygder i Tromsø.

For:

  • det er ingen som tvinger deg å bruke det samiske namnet om du ikkje vil.
  • det norske namnet er der framleis – det er fritt fram å bruke det, noko dei aller fleste vil gjere
  • ingen kjem til å kreve at du skal gå med kofte og joike det samiske namnet
  • nokre tromsøværingar er dette viktig for identiteten
  • mange av oss er det fint å vite at vi tar vare på og utviklar det samiske – sjølv om vi ikkje forstår samisk

Kanskje er norsk språk truga, men det er ikkje av det samiske, det er i så fall av engelsken. Kanskje er det heller der Bodil Ridderseth Larsen og andre burde bruke energien sin?

Og, er verkeleg sjølvtilliten på vegne av det norske så liten for mange at den blir truga av eit samisk namn på Skittenelv?

Categories
Politikk

Er eg samisk nok?

I dag på samefolkets dag tok eg på meg kofta eg arva etter han pappa. Eg liker å gjere det, det er ein måte å heidre han pappa og å vise kvar ein kjem frå. Men kvar gong eg gjer det så ligg det ein liten tanke og lurar bak i skallen. Er eg samisk nok til å bære kofta, blir det ikkje litt pretensiøst å ta på kofta?

Eg kan ikkje samisk – korkje nordsamisk eller lulesamisk som nok er det som ein gong i tida vart snakka i slekta mi. Eg har ikkje vakse opp i ein samisk kultur, men i eit vanleg nordnorsk fiskevær, kan eg då vere samisk? Eg kan sjølvsagt seie at dei fleste av oss som er av nordnorsk fiskarbondeslekt – i alle fall frå litt inn i fjordane – så er kulturen ei blanding og ei brytning mellom det norske og det samiske. Ein slags mestiskultur der både det norske og det samiske fanst utan at ein eigentleg veit eller visste om kva som var kva. Men gjer det meg samisk. Snakka eg sant då eg kryssa for at eg kjente meg samisk når eg melde meg inn i samemanntalet?

Eg veit ikkje. Og kva betyr det å vere samisk?

Denne videoen svarer ikkje på spørsmålet om eg er samisk nok, men det at eg ikkje er åleine om å stille spørsmålet gjer meg glad. Eg synst Cecilie Gjennestad i NRK Sápmi har laga ein interessant liten videoserie om akkurat det spørsmålet.

Eg følgjer i alle #samish, og kven veit kanskje finn eg svar på spørsmålet mitt til slutt.

Categories
Politikk

SPRÅKLEG TOLERANSE I NOREG – NORGE, FOR FAEN!

I dag fekk eg vere med på lanseringa av Øystein Vangsnes si nye bok, og vart og bedd om å kommentere boka. Dette er omtrent det eg sa:

I Noreg er vi tolerante der det ikkje betyr noko. Vi er tolerante overfor dialektar, utanom dei som kjem frå Østfold om vi skal tru dialektbrukarane der. Framleis er nok nokre dialektar finare enn andre. Det handlar delvis om makt. Det skulle ikkje forundre meg om bergensdialekten vil stige i aktelse dei komande fire åra. Kanskje vil ungane på austlandet ta til å leike på bergensk? Mnei, det tar nok lenger tid enn som så.

Generelt så toler vi ikkje samisk i Noreg, i alle fall dersom det kjem nært oss. Mange toler ikkje nynorsk – viss det kjem i ei anna form enn lyrikk eller ikkje omhandlar kjærleik. I Tromsø er det ikkje noko særleg strid om nynorsken, men striden om det samiske er desto hardare

Dette skriv Øystein Vangsnes svært godt om i den korte boka si.
Eg synst definitivt han er best når han er minst forskar og mest agitatorisk. Ein merkar at det også der ligg mykje kunnskap bak, men kunnskapen blir ikkje så påtrengande.

Den viktigaste kunnskapen ein kan ta med seg heim frå denne boka er at språkmangfald er eit vilkårslaust gode. Fleire språk gjer at ein utviklar hugmedvit tidlegare. Hugmedvit er ein metakunnskap om kjensler – mentalisering –  og kanskje er det fleire her som synst ordet meta og mental er meir forståeleg enn både hug og medvit. Og kanskje seier det noko om språkstoda i landet. Dette at tospråklege blir meir kunnige er kanskje og grunnen til at dei i Sogn og Fjordane har mindra av alt som er vondt enn andre delar av landet.

Øystein Vangsnes seier det ikkje direkte, men det er klart å forstå frå boka at nynorskbrukarar er smartare, meir kjenslevare, snillare og betre til å løyse problem enn det bokmålsbrukarar er. Det kjem ikkje av at nynorsken i seg sjølv er eit betre språk (sjølv om vi godt kan ta ein diskusjon om det og) det kjem av at vi som nyttar nynorsk, tidleg må skape oss medvit/bevistheit om språk, ta stilling til identiteten og språket vårt, må vite at språk ikkje er ein ting, men mange ting og vi må lære oss majoriteten sitt språk. Det å bli utfordra gjev vekstmoglegheit.

Men om dette stemmer, så kan ein kanskje forundre seg over at ikkje det same skjer i område der samisk står sterkt. Dersom det er det tospråklege som gjev dei positive verknadene for Sogn og Fjordane korfor ser vi ikkje det same i Kautokeino og Karasjok. Finnmark ligg generelt på botn av alle statistikkar der Sogn og Fjordane ligg på topp.

Så er det nok delvis andre mekanismar enn det språklege som slår ut i Finnmark, men det blir interessant å sjå om det språklege mangfaldet over tid vil gjere Indre Finnmark til det nye Sogn og Fjordane.

Kanskje har dette samband med klasser. Vangsnes skriv at nynorsken ikkje har klassemarkørar på same måte som bokmålet. Skilnadane mellom a endingar eller ikkje i bokmål seier kanskje noko om klassetilhøyrigheit, ønska eller reelt. Det er i alle fall eit stilmessig hierarki. Dei skilnadane finst ikkje på nynorsk. Valfridomen i nynorsk vil som oftast vise geografisk tilhøyrigheit og ikkje klassetilhøyrigheit.

Og, kanskje er vi her inne på noko av det som er situasjonen i Finnmark. Der nynorsken har blitt brukt av alle klassar og sosiale lag i dei områda der nynorsken står sterkt; har nok samisk i større grad vore eit småkårsspråk. Det er nytt at prest og klokkar snakka samisk og da n samiske liturgien er ganske ny. Derimot er den nynorske liturgien nesten like gamal som språket. Sjølv om mange meinte at riksmålet var guds språk vart nynorsken tidleg eit språk også for eliten.

Alt i alt gjev boka oss ein kveik, og minner oss om at språk er djupt personleg, men og politikk som både skapar og omformar samfunnet

Categories
Politikk Troms og Tromsø

Ein parlamentarisk farse

Byrådsleiar Øyvind Hilmarsen må velge, skal ha sette foten ned eller vere ei nikkedokke?. Foto: Høyre

Prøv å sjå for deg at den parlamentariske leiaren i SV, Audun Lysbakken eller Senterpartiets Lars Peder Brekk på Stortinget hadde sagt: «Dette er det ultimate svik mot velgerne som støttet oss. Vi føler oss dolket i ryggen av Arbeiderpartiet. Svik er et ord som blir for svakt i denne sammenhengen. Jeg har rett og slett ingen respekt for Arbeiderpartiet lenger.» La oss videre sjå for oss at Lysbakken eller Brekk hadde sagt: «Personlig har jeg ingen tillit til Arbeiderpartiet fremover. Det som har skjedd kan bare avle min forakt «

Eg trur vi trygt kan konkludere med at vi hadde hatt ei regjeringskrise. Anten hadde det aktuelle partiet trekt seg, eller så hadde statsministeren kasta dei ut.

Men i Tromsø skjer ikkje dette. Dersom du byttar ut Arbeidarpartiet ut med Høgre så er sitata over autentiske utsegn frå gruppeleiaren i Frp i kommunestyret i Tromsø. (sjå her og her) I Tromsø har vi eit byråd som står overfor kommunestyret på same viset som regjeringa står overfor Stortinget.

Men i Tromsø ser det ut til at ein kan seie slike ting utan at det får parlamentariske konsekvensar. Saka det gjeld er at kommunestyret har vedtatt ein samarbeidsavtale med Sametinget, ein avtale som ikkje vil koste kommunen noko. Så er det vanskeleg å skjønne at Frp blir så inderleg sinte over noko slikt, men dei om det.

Det som er verkeleg underleg er at Frp har vedtatt at dei skal halde fram i byrådet. Dei skal halde fram å samarbeide med Høgre etter slike utsegn frå gruppeleiaren.

I følgje NRK seier varaordførar Anni Skogmann

Gruppa har vedtatt at vi ikke går ut av byråd, men at vi i fremtiden vil stemme for det vi er enig i – og mot det som ikke er vår politikk. Vi kommer også til prinsipielt å stemme imot alle saker som ikke på forhånd er drøftet i hele alliansen, sier Frps Anni Skogman, som også er varaordfører i Tromsø.

Frp skal altså sitte i byrådet, men dei skal ikkje lenger vere bundne til dei avtalane som blir gjort i byrådet. Dette er altså den parlamentarismen som i følgje Ap, H og Frp skulle gje ei tydeleg styring av Tromsø!

Det er berre ein ting å seie, dersom byrådsleiaren godtar dette så gjev han avkall på å kunne kalle seg leiar for Tromsø kommune.

Abonner på denne bloggen – trykk her!

Exit mobile version