Fiskevernsona og gråsona etter "Elektron"

Den siste norske grensa til lands vart trekt i 1826, mellom Noreg-Sverige og Russland. Den siste hendinga med trålaren ?Elektron? viser tydeleg at ikkje alle grensespørsmål er avklarte. I Barentshavet er det to omstridte område – der norsk handheving av fiskerireglar og rett til olje- og gassressursar er uavklart. Det eine spørsmålet er vernesona rundt Svalbard, det andre er grensa mellom Noreg og Russland i Barentshavet. Desse to sakene må sjåast i samanheng.

Det omstridde grenseområdet i Barentshavet dekker 155000 kvadratkilometer hav med viktige fiskeressursar og med potensiale for utvinning av olje og gass. Det står med andre ord store økonomiske verdiar på spel i forhandlingane mellom Noreg og Russland. Både Noreg og Russland innførte 200 mils økonomisk sone i 1976. Noreg meinte den gongen at grensa mellom dei to sonene skulle følgje midtlinjeprinsippet, altså ei linje som går midt mellom territoriet til dei to statane. Russland meinte at skiljelinja skulle følgje sektorprinsippet, altså ei linje trekt frå grensa i Varangerfjorden og rett til polen. I 1978 vart Noreg og Russland samde om ein ?gråsoneavtale? for å kunne ha kontroll med fisket i det omstridde området. Gråsona ligg i den sørlege enden av det omstridde området og dekkjer 67 000 kvadratkilometer. Gråsona dekkjer berre ein liten del av det omstridde området, og i tillegg ligg 22000 kvadratkilometer (tilsvarer Oppland fylke) av gråsona på det som er uomstridt norsk områda, medan gråsona berre dekker ørlite (3000 km2) av det som er uomtvista russisk område. Gråsoneavtalen gjeld berre for eit år om gongen.

Havrettstraktatens artikkel 15 og Genevekonvensjonen av 1958 fastslår at midtlinjeprinsippet skal vere det normale når ein skal strekke grenser til sjøs. Ut frå dette står det norske kravet på trygg folkerettsleg grunn. Det er i traktatane opna for at det kan gjerast unntak frå dette prinsippet om spesielle omsyn talar for det. Usemja mellom Noreg og Russland handlar om kor vidt det finst spesielle omsyn. Russland viser til at dette er i polområda og at Russland allereie i 1926 gjorde krav på øyer i havet nord for Russland ut frå sektorprinsippet. Det er dermed ikkje eit opportunistisk krav lage i denne samanhengen. Også Canada legg tilsvarande prinsipp til grunn i si forståing av grensene i nord. Det kan og vere verd å peike på at krava i Antarktisk (med unntak av det norske) blir avgrensa av rette sektorlinjer trekt mot polen. Det kan og leggast vekt på at det bur fleire på russisk side av grensa enn på norsk side. Dette understrekar behovet for å halde oppe folketalet i Nord-Noreg og Finnmark spesielt.

Det har frå norsk side vore eit sterkt ønske om å oppnå semje med Russland om grensa til sjøs. Det blir sett på som tryggare med klart definerte grenser mot den store naboen vår. Frå Russland har ikkje dette ønsket vore like sterkt. Det heng sjølvsagt saman med at Gråsona går langt inn i norsk område, men også ei langsiktig haldning frå russisk side med ønske om fellesstyre i nord. Dette er spesielt i høve til Svalbard, men gjev seg nok og utslag med omsyn til Gråsona.

Det er vanskeleg å sjå striden om gråsona avskilt frå den andre store betente saka i nord. Striden om fiskevernsona rundt Svalbard og i kor stor grad Noreg har rett til å forvalte fiskeressursane og eventuelle oljeressursar i denne sona.

Noreg fekk suverenitet over Svalbard i 1925 gjennom Svalbardtraktaten. Traktaten gjev alle like rettar til å utnytte ressursane på øygruppa og norsk skattelegging må avgrensast til det kostar å administrere øygruppa. Den avgåtte regjeringa foreslo ein skattesats på 10 prosent for næringsverksemd på øygruppa.

Traktaten gjeld landområda og territorialfarvatnet rundt Svalbard. Frå norsk side har det vore hevda at traktaten derimot ikkje gjeld på kontinentalsokkelen og i den økonomiske sona rundt Svalbard. Noreg har fått liten aksept for dette synspunktet internasjonalt. Frå norsk side blir det hevda at norsk suverenitet gjeld uavgrensa der det ikkje er sett konkrete sperrar mot dette i traktaten og at internasjonal rett har utvikla seg mot at kyststaten skal få større suverenitet og kontroll over hava og at det ville vere urimeleg at ikkje den same utviklinga skulle gjelde på Svalbard. Noreg har valt ikkje å sette desse spørsmåla på spissen. Vi har ikkje oppretta ei vanleg økonomisk sone rundt Svalbard, men heller valt ei ikkjediskriminerande fiskevernsone. I denne sona blir reglane handheva utan sideblikk til nasjonalitet.

Eventuelle konfliktar i sona går i hovudsak stå mellom Noreg og Russland, men også Island, Grønland og EU har interesser. Russland har i praksis akseptert norsk forvaltning av fiskerireglane i sona, men Noreg har vore svært forsiktig i sine inspeksjonar av russiske skip i sona. Med få unntak arresterer ikkje norsk kystvakt utanlandske farty i vernesona, men nøyer seg med å gje advarslar.

I nyare tid er det nokre heilt få unnatak frå dette. I 1994 arresterte den norske kystvakta ein islandsk eigd trålar som var registrert under flagget til Belize. Grunnen til arrestasjonen var at Belize ikkje har kvote i Barentshavet og heller ingen historiske rettar. I 1998 vart ein russisk trålar oppbrakt for ikkje å ha akseptert forbod mot fiske i eit område med for stor innblanding av småfisk. Trålaren vart slept fri av kystvakta etter diplomatiske samtalar på høgt nivå. Også i 2001 arresterte kystvakta ein russisk trålar. Dette førte til brot i fiskerirelasjonane mellom Noreg og Russland. Etter 2001 har det ikkje vore liknande situasjonar i vernesona før den dagsatuelle saka med Elektron.

Det vil vere naturleg å sjå for seg at vi vil få fleire situasjonar som Elektron i framtida. Det er sannsynleg at russiske reiarlag i større og større grad vil skjele til pengeboka, og dermed bli tøffare, og utfordre Noreg i vernesona. Dette stiler Noreg overfor store utfordringar. Vi må vurdere om norsk kystvakt i større grad fysisk skal gripe inn og ha ei mindre lempeleg handsaming av slike saker som dette. Problemet er at dette kan sette saka på spissen og gjere at vi blir trekt inn for internasjonale domstolar – ei slik rettssak kan ikkje Noreg vere sikker på å vinne. Likevel er det på tide at saka blir avgjort, konsekvensen for fiskeressursane av at det ikkje er avklart kven som fastsett reglane og handhever desse er for store til at vi kan leve med det.

Korleis kan motsetnadene mellom Noreg og Russland om gråsona og fiskevernsona løysast? Det er sjølvsagt ikkje noko enkelt svar på dette, då ville sakene vore ute av verden for lenge sidan. Det er heller ikkje blitt mindre utfordrande etter som det er blitt tydelegare at det er snakk om store verdiar i form av olje og gass i området i tillegg til fiskeressursane. Eg meiner at det kan vere naudsynt å sjå sakene i samanheng. Kanskje vil det vere fornuftig av Noreg å akseptere ei løysning der grensa mellom Noreg og Russland blir mindre fordelaktig for å samstundes få til russisk aksept av den norske forståinga av Svalbard og fiskervernsona. Dette sit nok langt inne, men med det svartfisket som no foregår i Barentshavet må vi vere villige til å sjå på alternative løysningsmodellar.

Det er og slik at det ikkje er uvanleg internasjonalt med ulike løysningar for grensene mellom økonomiske soner og grenser mellom kontinentalsoklane. For Noreg er det avgjerande å få aksept ikkje berre for den norske forståinga av fiskevernsona, men også at kontinentalsokkelen rundt Svalbard er ein del av den generelle norske kontinentalsokkelen og ikkje underlagt Svalbardtraktaten. Dersom det ikkje skjer må eventulle olje og gassressursar på kontinentalsokkelen rundt Svalbard forvaltast etter Svalbardtraktaten. Det vil då bli svært vanskeleg å avgrense utvinninga der av miljømessige grunnar, eller å skattlegge denne utvinninga på eit fornuftig nivå.

Exit mobile version