Fellesferien er over. Mange er allereie tilbake i barnehage og SFO. Skolane startar igjen i neste veke. Spente førsteklassingar gleder seg til å det nye som venter. Men denne hausten kommer med forandring for mange fleire enn berre førsteklassingane.
Ei av dei største utfordringane vi har er at over 100 000 barn i Norge veks opp i familiar med vedvarande låginntekt, i Tromsø er i underkant av tusen barn i denne situasjonen. Gjennom våre målretta satsingar på barnefamiliar gjer vi det mogleg for fleire å vere med på leiken og gjev familiane større armslag i kvardagen.
1: Auka barnetrygd
Barnetrygda har auka i år og i fjor, og frå første september aukar den på nytt for barna over seks år med 3072 kroner ekstra per barn per år. Det gjer ein skilnad for folk. Sidan 2021 har satsane for barnetrygda auka frå 1054,- kroner til 1766,- per månad. Barnetrygda fungerer etter formålet. Redd Barna skriv på nettsidene sine i ein gjennomgang av barnetrygda at «for første gong på 10 år går mengda barn i fattige familiar ned. Dette beviser at barnetrygda fungerer»
2: Gratis halvdagsplass i SFO
Et trinn av gongen har SV gjennom dei tre siste åra sikra gratis halvdagsplass i SFO for 1. – 3. klassetrinn. Det utgjer over 1500 kroner i månaden per barn. Det å sikre at alle får vere med på SFO gjer at fleire får delta i leiken og fellesskapen i nærmiljøet.
3: Billigare barnehage
Barnehagane blir og billigare, når maksprisen nå blir sett ned. Prisen for ein barnehageplass går frå 3000,- til 2000,- kroner i månaden. Det gjev ei innsparing på elleve tusen kroner i året, per barn. Då får barna leike, lære og utvikle seg i barnehagen, samtidig som familiane får meir pengar til overs.
4: Søskenmoderasjon på tvers av barnehage og SFO
I Tromsø kommune har vi i tillegg til dette ei ordning der du får moderasjon på tvers av barnehage og SFO slik at kostnaden ikkje skal bli for høg dersom det er ein familie med mange barn. Moderasjonen er 30% for barn nummer to, og 70% for barn nummer tre.
Den politikken SV får til i budsjettsamarbeida med regjeringa gjer kvardagen enklare for folk. Den politikken skal vi halde fram med.
Bildet brukt i dette innlegget er henta frå Lek med blader – Bilde – NDLA og er lisensiert som CC-BY-NC 4.0