Trist for distriktstroms

I dag la fylkesrådet i Troms fram sitt framlegg til budsjett for 2010, og i samband med det foreslår dei å legge ned Skånland vgs og å samlokalisere Høgtun og Bardufoss. Dei foreslår og å starte ein prosess som kan føre til at Sjøvegan vgs og Sørreisa vgs blir historie. Eg gjekk av som fylkesråd i protest mot desse framlegga, og er ikkje mildare stemt i dag.

For skoletroms som heilskap er det likevel varst at skolane ikkje blir tilført det dei treng for å kunne vidareføre drifta på dagens nivå. Fylkesrådet skriv i pressemeldinga si:

Fylkesrådet i Troms vil satse på økt kvalitet i den videregående opplæringen i Troms, og tilfører derfor sektoren 24,6 millioner kroner i 2010 for å gi skolene handlingsrom for å tilpasse seg framtiden. Samtidig gjøres det strukturelle grep i sektoren.

I år har sektoren eit underskott på 30 millionar, og skolane er pressa til det ytterste på alle område. Det å tilføre 25 millionar er dessverre ikkje nok for å gje skolane levelege vilkår. Det vil ikkje vere rom for ei kraftfull satsing mot fråfall dei komande åra. Det å kalle dette ei satsing på skole er i beste fall ei kraftig overdriving.

Eg er glad for at Skjervøy vgs bergar seg i denne omgangen. Ap skal ha honør for å ha snudd i den saka. For Skånalnd er dette ein trist dag. I pressemeldinga skriv fylkesrådet:

Skånland vgs legges ned, og tilbudet flyttes til Heggen vgs. Utdanningstilbudet SIGMA Nord videreføres. Fylkesrådet vil samtidig se på finansieringen av tilbudet, særlig det at Troms fylkeskommune i dag finansierer ordningen også for ungdom som kommer fra andre fylker.

Det er to store utfordringar med dette. Det som gjer tilbodet ved Skånland til SIGMA Nord så spesielt er nærleiken mellom skolen og behandlingsinstitusjonen. Opplæringa kan vere ein integrert del av opplæringa. Sjølv om ein vidarefører tilbodet til pasientane ved SIGMA Nord forsvinn den delen av tilbodet som har vore viktig gjennom at skolen forsvinn til Harstad. Mellom linjene kan ein og lese at fylkesrådet heller ikkje lenger vil betale for elevar som kjem frå andre fylke. Dette er ofte elevar som ikkje har utdanningsrett. Det kan føre til at heile tilbodet fell i fisk, og at det offentlege i lengda får mykje større kostnader, men då på andre budsjett.

Eg trur og at det blir vanskeleg å halde oppe det samiske miljøet som i dag er på Skånland på Heggen i Harstad. Ikkje fordi ikkje skolen vil, eller fordi det ikkje er fagmiljø, men fordi det samiske miljøet blir splitta. Halvparten av elevane som i dag går på Skånland må til Narvik. Det betyr at vi ikkje får same mengde samiske elevar – og sjølvsagt eit svakare miljø.

Eg må innrømme at eg er spent på kva forslaget om ein ny skole i Midt-Troms betyr. Det trur eg må vente med å kommentere til sakspapira kjem.

SV vil halde fram arbeidet med å prøve å berge dei skolane som no er truga av nedlegging og forsøke å auke rammane til utdanning. Presset må no leggast på Krf og Høgre som har blitt samde med Ap i denne saka.

Og, ikkje nok med at dei er blitt samde i denne saka, dei skal og styre fylket i lag framover. Det skal bli interessant å følgje med på.