Skatteparadis

Gunhild Johansen la fram forslaget om skatteparadis på vegne av SV

I dag sa kommunestyret i Tromsø nei til å stille krav til selskap som skal handle med kommunen om at dei ikkje skal gøyme pengar i skatteparadis.

SV la fram eit forslag som sa:

1. Tromsø kommunestyre tar på generelt grunnlag avstand fra urettferdige og skadelige konsekvenser av skatteparadiser.
2. Kommunestyret forutsetter at byrådet fortsatt ivaretar en innkjøpspraksis som sikrer at partene opptrer i samsvar med god foreningsskikk og høy forretnings etisk standard som beskrevet i Lov om offentlige anskaffelser samt intensjonene bak denne.
3. Byrådet bes om å innføre en praksis med egenerklæring vedrørende skatteparadiser fra leverandører. Dette kan med fordel være del av mer generell erklæring om miljø, etikk og sosiale forhold fra leverandører og underleverandører.
4. Kommunestyret vil vurdere behov for å endre egen retningslinjer når land-for-landrapportering innføres i et Norge fra 1. januar 2014.

Frp og delar av Venstre stemte mot heile dette framlegget. Høgre kunne berre vere med på dei uforpliktande formuleringane i punkt ein og to. Det å kunne kreve ei eigenerklæring frå bedrifter kunne ikkje Høgre vere med på.

Det er minst tre gode grunnar til at kommunestyret burde vedtatt dette. Det første er at høgresida i kommunen har vedtatt ei storstilt privatisering og konkurranseutsetting. Mange av dei selskapa som kjem til å by på desse kontraktane har samband med skatteparadis. Det er ikkje usannsynleg at det er ein konkurransefordel for eit selskap å unndra pengar skatt. Det betyr med andre ord at Høgre og Frp med opne auger gjev det lovlydige næringslivet ein ulempe i konkurransen om kontraktar med kommunen.

Det andre er at Noreg går glipp av skatteinntektar på over sju milliardar på grunn av at multinasjonale selskap send pengar til skatteparadis. Dette får konsekvensar for alle andre lovlydige skatebetalarar som må kompensere for dette.

Det tredje er at skatteparadis bidrar til kriminalitet og utbytting av fatige land.

Men, dette er altså ikkje nok for høgresida i Tromsø kommune. Jaja, vi visste jo at Høgre, Frp og Venstre representerer storkapitalen og ikkje folk flest eller vanlege småbedrifter.

Lovlydig næringsliv har alt å tene på at Tromsø blir skatteparadisfri

Eg vart forundra over korleis næringsbyråden i Tromsø, Jonas Stein Eilertsen frå Venstre, reagerte på SV sitt forslag om at Tromsø skulle bli skatteparadisfri sone. Næringsbyråden frå Venstre presterer å seie til iTromsø at forslaget er «en del av SVs mistro mot det private næringslivet». 

Faktum er motsatt. Eg har stor tru på at næringslivet i Tromsø vil kunne vinne gode kontraktar i ein rettferdig konkurranse. Men, dersom konkurransen ikkje er rettferdig, dersom nokre av deltakarane har tatt doping i form av å plassere pengar i skatteparadis eller på anna måte unndra skatt, då blir det vanskeleg å vinne konkurransen.

Det er ikkje til å kome vekke frå at mange internasjonale selskap lar vere å betale skatt gjennom ulike transaksjonar som flyttar pengar internt i konsern til den staden skattetrykket er lågast. Derfor vil SV at Tromsø skal krevje at selskap skal gjere greie for kvar dei betaler i skatt og kor dei betaler det. Såkalla land-for-land rapportering.

Gjennom å kreve gjennomsiktigheit gjev vi dei bedriftene som følgjer reglene, som betaler skatt, som har skikkelege arbeidsvilkår ei god sjanse til å vinne kontraktane. Det, Jonas Stein Eilertsen er å vise tillit til at næringslivet gjer ting på rett måte. Eller trur næringsbyråden at det er vanleg at selskap som gjer forretning med Tromsø kommune unndrar pengar frå beskatning?

Her er forslaget SV legg fram i kommunestyret:

  1. Tromsø kommune erklærer seg som skatteparadisfri sone.
  2. Tromsø kommune tar avstand fra selskap som unndrar seg skatt gjennom å være basert i skatteparadis.
  3. Verken kommunen eller kommunens innbyggere skal ha noen forbindelser med skatteparadis.
  4. Kommunen vil stille krav om informasjonsplikt fra selskap man inngår kontrakt med, og kontraktsfeste at manglende informasjon regnes som kontraktsbrudd.
  5. Tromsø kommune skal bruke land-for-land-rapportering der leverandørene må vise at de betaler skatt i alle land de opererer i.
  6. Gjennomsiktighet og lik konkurranse må inn i anbud og kontrakter.
Exit mobile version