Breidde på skispor?

Eg veit ikkje om det berre er noko eg innbiller meg, men eg har inntrykk av at skispora i lysløypa på Tromsøya er blitt breiare i år. Har andre den same kjensla?

Under glimrande tilhøve i løypa i dag målte eg 27 cm mellom midten på skia. Det synst eg kanskje er litt mykje? Eg veit at skiforeninga i Oslo hadde eit prøveprosjekt med 17 cm i fjor vinter, men at dei endte tilbake på 21 cm.

Kan utvidinga i Tromsø ha noko med lite snø å gjere? Blir det enklare å lage breie spor når det er lite snø? Ikkje veit eg, men håper på litt smalare spor seinare i vinter.

Exit mobile version