Maks 15 elevar i kvar klasse

, via Wikimedia Commons»]Internasjonal skoleforsking viser talet på elevar i kvar gruppe/klasse betyr mykje spesielt i småskolen. Derfor vil SV sørge for at i første klasse i skolen i Tromsø skal ein lærar ikkje ha ansvar for meir enn 15 elevar. Det er i første klasse vi legg grunnlaget for lesing og skriving. Då må vi vere heilt sikre på at alle ungane får all den oppmerksomheita og oppfølgjinga som dei treng. Det oppnår vi ved å redusere storleiken på gruppene.

Dette må vere hovudregelen, så kan det sjølvsagt vere tilgang på rom eller andre forhold som gjer det lurare å organisere på andre måter, men framleis må vi sørge for at ressursinnsatsen er tilsvarande som minst ein lærar på 15 elevar.

I snitt er det i underkant av 14 elevar per lærar i tromsøskolen. Men dette snittet skjuler store forskjellar, blant fordi vi har mange små skolar. I sentrumsskolane er det ofte større klasser. Det må vi få gjort noko med.

SVs skolepolitikk står i sterk kontrast til høgresida. Der Høgre meiner det skal vere «fritt» skoleval, meiner vi det er viktig at elevane går i lag på nærskolen sin. Det bygger samhald, kameratskap og legg grunnlaget for god læring. Sjølvsagt skal dei som har gode grunnar kunne få søke om å bytte skole, men det kan ikkje vere hovudregelen. Vi kan ikkje ha eit system i Tromsø som byggjer opp under sosiale skiller og klasse skiller. Det vil Høgre ha, gjennom å innføre «fritt» skoleval.

Der Høgre meiner at strengare testing og fleire karakterar er vegen å gå, meiner vi at der er læraren som er viktig. Det å skape god kollegalæring og trygge lærarrom med utveksling av erfaring er med på å bygge ein god skole.

I SV trur vi meir på å bygge folk opp, enn å rive ned.

Kva er det Høgre og FrP ikkje vil ha?

Hovudinngangen på Langnes skole
Hovudinngangen på Langnes skole
Kan det vere denne Høgre ikkje vil ha?

Høgresida i politikken i Tromsø klager mykje. Dei klager på nesten alt i Tromsøsamfunnet, mens eg veit at det er mykje bra i Tromsø, men sjølvsagt og ting som kan bli betre. Det som kanskje forundrar meg mest er at høgresida klager på at vi har investert i skolar og barnehagar i Tromsø.

Derfor spør eg Høgre og Frp: Kva for ein skole er det de ikkje ville bygge eller ikkje ville pusse opp?

Kva for ein barnehage meiner Høgre og Frp er overflødig?

I SV meiner vi det er rett og naudsynt å investere i framtida. Vi vil halde fram med å pusse opp skolar, vi vil halde fram med å bygge barnehagar. Og vi vil bygge ny sjukeheim.

Når Frp og Høgre ikkje vil at kommunen skal låne meir, er det barnehagar, skolar eller sjukeheim som skal kuttast?

Hurra for valfag

Eg er kjempeglad for at Kristin vil gjeninnføre valfaget. Foto: Harry Wad

Eg vart veldig glad for dagens oppslag i

VG om at Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil gjeninnføre valfaget i ungdomsskolen. Eg trur dette kan vere med på å redusere fråfallet i den vidaregåande skolen og gje betre akademiske resultat for mange.

Då eg var fjorten var eg ein lesehest, og gjorde det ganske godt på skolen. Eg hadde tysk, matte og alle desse teoritunge faga, men eg hadde og eit valfag som het «Fiske og fangst». Anna kvar fredag bøtte vi garn, lærte om fiske, var på havet, tok båtførarprøve også bortetter. Eg trur at nettopp det avbrtekket frå den andre undervisninga var noko av det som gjorde det muleg for meg å lære både matematikk og norsk. Når Elisabeth Aspaker frå Høgre seier at valfag gjer at vi ikkje stiller krav til ungdomen så er det skivebom – men det er vi jo van med frå Høgre. Eg trur alle har behov for å bruke både hovud og hender for å fungere godt, men eg er heilt sikker på at fjortenåringar har stort behv for varisjon i kvardagen. Variasjon er eit grunnlag for den breie danninga som skolen skal bidra til og med på å gjere læringa betre. Og for dei som vil ha teori er det sikkert ingenting i vegen for å lage teoritunge valfag og. Men husk, teori kan lærast på mange måtar. Det er ingen grunn til at eit valfag med mekking av motorar ikkje skulle kunne lære elevane fysikken som gjer at motoren fungerer eller litt av matten som gjer at vi forstå fysikken.

Hurra Kristin, dette var bra.

SV fokuserer på læring – Høgre på sortering

Kent Gudmundsen og Høgre kan ikkje ha likt at eg påpeika at Høgre vil privatisere skolen. Han svarer i alle fall ikkje på den utfordringa. Vedstår ikkje Høgre seg sin eigen politikk? Her svarer eg på Kent Gudmundsens innlegg; «SV uten fokus på innholdet i skolen» som du finn her.

Det eg har sett frå Høgre i det siste er at Høgre ikkje vil ha mat i skolen. Hender det ikkje at det finst mat på eit høgremøte, litt frukt kanskje? Eg trur det, for høgrefolk akkurat som ungar jobbar betre om blodsukkeret ikkje er langt nede. Utan mat, Gudmundsen blir det heller ikkje matte.

I denne perioden har vi auka timetalet i 1-4 fjerde klasse for å satse på lesing, skriving og rekning. Det kan ikkje Gudmundsen ha fått med seg når han skriv; «Høyre har kjempet en politisk kamp om å øke timetallet i norsk, matte og engelsk for grunnskolen». Høgre har snakka, SV har gjennomført.

Noko av det viktigaste i dei komande fire åra blir å auke kvaliteten i SFO. Ei gratis kjernetid midt på dagen vil gje ungane eit pusterom, som vil føre til betre læring i timane. Prisen på SFO må få eit tak slik at den ikkje veks gjennom taket – og ja – ungane må få mat.

SV var mot Høgre sine nasjonale prøver. Desse hadde berre eit formål, å rangere og henge ut skolar. SV har sett i verk prøvar for å kunne gje skolane tilbakemelding for å kunne utvikle skolane, heller enn å henge dei ut. Dei fleste blir flinkare av konstruktiv kritikk ikkje uthenging, men det er kanskje annleis i Høgre. I SV trur vi på gode tilbakemeldingar til skolar og elevar slik at dei kan bli betre. Derfor har innført prøver som er eit verkty for lærarane for skoleutvikling – ikkje for uthenging.

Gudmundsen påstår at SV er mot karakterar og eksamen. Det er rett at SV ikkje vil innføre karakterar i småskolen. Vi trur ikkje seks, sju og åtteåringar blir motivert til skole gjennom karakterar, men vi vil ikkje fjerne karakterane frå skolen. I programmet til SV står det:

«SV ynskjer difor å greie ut endringar i systemet for vurdering i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring med tanke på å forbetre vurderingssystemet vi har i dag. Målet med ei slik utgreiing må vere å finne vurderingsformer som gjev ei meir presis og heilskapleg tilbakemelding til eleven, og som seier frå om eleven er klar for å gå vidare i utdanninga eller ikkje. Eit godt system for vurdering må innehalde krav til ei meir kontinuerleg vurdering av kor godt eleven ligg an i høve til kompetansemåla på gjeldande steg, ha større fokus på kva elevane må arbeide med for å forbetre seg og medverke til motivasjon framfor sortering.»

Eg trur ikkje ein gong Høgre kan vere mot dette om dei set seg ned å tenkjer i staden for å berre reagere.

Tidlegare innlegg i debatten her

Høyre på skolebenken

kent
Kent Gudmundsen er andrekandidat for Høgre i Troms, og trur at eple er den viktigaste skolesatsinga frå det raud-grønne regjeringa. Foto: Høgre/http://troms.hoyre.no/personer/1045349408.31

Dersom Kent Gudmundsen hadde stilt til ein prøve så dårleg forberedt som lesarinnlegget hans; «Høyre er skolepartiet»; gjev inntrykk av er eg redd det hadde blitt for dårleg karakter til å komme inn på lærarskolen. Det er openbart at Høgre treng ein runde på skolebenken før dei seier noko meir om skole.

Gudmundsen skriv i fleire av fylket sine avisar at (eg har ikkje funne innlegget på nett):

«Dagens rødgrønne regjering vil bli husket for å ha prioritert epler som sin skolesatsing.»

Stakkars, stort meir feil kan det ikkje bli.

Denne regjeringa har gjort to store grep i skolen som kjem til å få positive ringverknader i lang tid. Det aller viktigaste er innføringa av tidleg innsats. Det betyr at elevane skal få hjelp tidleg når problema oppstår. Vi skal ikkje vente til dei lir store og uoverstigelege. Innsatsen skal settast inn tidleg. Dette vil over tid skape færre skoletaparar og få ned fråfallet i vidaregåande skole.

Den andre tingen som denne regjeringa vil bli huska for er å ha stoppa den storstilte privatiseringa av norsk skole. Då denne regjeringa tok over låg det inne søknader om å starte private vidaregåande skolar i Troms med 1200 elevplassar. Denne regjeringa stoppa dette og trygga på den måten eit godt tilbod til alle – ikkje berre til dei som kan betale for seg.

Høgre sin skolepolitikk går i korte trekk ut på å outsource skolen til private. Det vil SV hindre.

Seinare innlegg i debatten her

Sjakk, OL og skole

sjakk
Får vi snart sjå mange unge sjakkspelarar i skolane i Troms? Foto: Ninahale/ http://www.flickr.com/photos/94693506@N00/

Visste du at dei som speler sjakk frå ung alder gjer det 14 prosent betre på skolen enn dei som ikkje speler sjakk? Ikkje eg heller, før eg i dag hadde eit møte med Susan Polgar. Polgar har vunne stort sett det som finst å vinne innafor sjakkverda og er no levande opptatt av korleis sjakk kan brukast for å utvikle unge menneske.

Møtet med Polgar var ein del av kampanjen for å få Sjakk OL til Tromsø i 2014. Sjakk OL er eit stort arrangement med meir enn 3000 deltakarar frå 140 nasjonar. Polgar skriv og driv den kanskje største og viktigaste sjakk-bloggen i verda. Ho var i Tromsø i samband med Arctic Chess Challenge som blir arrangert 1.-9. august. Ho er ein viktig person å få med på laget før avgjerda blir tatt i 2010. Akkurat no ligg søknaden om økonomisk støtte hos regjeringa – vi får håpe på positivt resultat.

Men, det eg eigentleg skulle skrive om er sjakk i skolen. I følgje Norsk Sjakkforbund er det ikkje tvil om sjakkens positive sider. Dei skriv i ein rapport frå 2007:

Vitenskapelige undersøkelser viser at barn som trener sjakk presterer bedre på skolen – som en konsekvens av sjakkspillingen. Dette har offentlige myndigheter i en rekke land i stadig stigende grad blitt oppmerksomme på. Det er i dag et organisert sjakktilbud i skolen i over 30 land, inkludert USA, England og Russland.De vitenskapelige undersøkelser viser at barn som får sjakkinstruksjon oppnår statistisk
signifikante prestasjonsforbedringer i skolen (Christian 1976, Christian & Verhofstadt- Deneve 1981, Gonzalez 1989), særlig innen

  1. Matematikk (Frank 1978, Frank & D’Hondt 1979, Scholz et al. 2008))
  2. Problemløsning, både innen kreativitet og originalitet (Ferguson 1986, Gaudreau 1992,Rifner 1992, Noir 2002, Eberhard 2003)
  3. Språkutvikling (Frank 1978, Frank & D’Hondt 1979, Marguiles 1996)

I tillegg har sjakktrening også vist seg å ha positive effekter i forhold til disiplin og sosialt miljø på skolene (Forrest et al. 2005). Prestasjonsforbedringene gjelder alle grupper, også elever med lærevansker og /eller vanskelige sosiale kår (Eberhard 2001, Scholz et al. 2008). Forskningen viser dessuten at det ikke er tilstrekkelig å spille sjakk – sjakkinstruksjon er nødvendig for å oppnå de positive effektene.

Polgar var sjølvsagt meir enn samd i desse utsegna. Ho var og opptatt av å starte tidleg. I alderen frå fem til åtte år. Eg har enno ikkje fått tid til å gå inn og sjekke referansane, men kanskje er sjakk verd eit forsøk?

Kva for ein kommune i Troms blir den første til å prøve sjakk i skolen/SFO. Blir det OL-søkjarbyen Tromsø, eller kjem andre til først. Utfordringa er gjeven. Eg er spent på å sjå eventuelle resultat. Vi er klare til å følgje opp i vidaregåande om det skulle bli aktuelt.