Sjakk, OL og skole

sjakk
Får vi snart sjå mange unge sjakkspelarar i skolane i Troms? Foto: Ninahale/ http://www.flickr.com/photos/94693506@N00/

Visste du at dei som speler sjakk frå ung alder gjer det 14 prosent betre på skolen enn dei som ikkje speler sjakk? Ikkje eg heller, før eg i dag hadde eit møte med Susan Polgar. Polgar har vunne stort sett det som finst å vinne innafor sjakkverda og er no levande opptatt av korleis sjakk kan brukast for å utvikle unge menneske.

Møtet med Polgar var ein del av kampanjen for å få Sjakk OL til Tromsø i 2014. Sjakk OL er eit stort arrangement med meir enn 3000 deltakarar frå 140 nasjonar. Polgar skriv og driv den kanskje største og viktigaste sjakk-bloggen i verda. Ho var i Tromsø i samband med Arctic Chess Challenge som blir arrangert 1.-9. august. Ho er ein viktig person å få med på laget før avgjerda blir tatt i 2010. Akkurat no ligg søknaden om økonomisk støtte hos regjeringa – vi får håpe på positivt resultat.

Men, det eg eigentleg skulle skrive om er sjakk i skolen. I følgje Norsk Sjakkforbund er det ikkje tvil om sjakkens positive sider. Dei skriv i ein rapport frå 2007:

Vitenskapelige undersøkelser viser at barn som trener sjakk presterer bedre på skolen – som en konsekvens av sjakkspillingen. Dette har offentlige myndigheter i en rekke land i stadig stigende grad blitt oppmerksomme på. Det er i dag et organisert sjakktilbud i skolen i over 30 land, inkludert USA, England og Russland.De vitenskapelige undersøkelser viser at barn som får sjakkinstruksjon oppnår statistisk
signifikante prestasjonsforbedringer i skolen (Christian 1976, Christian & Verhofstadt- Deneve 1981, Gonzalez 1989), særlig innen

  1. Matematikk (Frank 1978, Frank & D’Hondt 1979, Scholz et al. 2008))
  2. Problemløsning, både innen kreativitet og originalitet (Ferguson 1986, Gaudreau 1992,Rifner 1992, Noir 2002, Eberhard 2003)
  3. Språkutvikling (Frank 1978, Frank & D’Hondt 1979, Marguiles 1996)

I tillegg har sjakktrening også vist seg å ha positive effekter i forhold til disiplin og sosialt miljø på skolene (Forrest et al. 2005). Prestasjonsforbedringene gjelder alle grupper, også elever med lærevansker og /eller vanskelige sosiale kår (Eberhard 2001, Scholz et al. 2008). Forskningen viser dessuten at det ikke er tilstrekkelig å spille sjakk – sjakkinstruksjon er nødvendig for å oppnå de positive effektene.

Polgar var sjølvsagt meir enn samd i desse utsegna. Ho var og opptatt av å starte tidleg. I alderen frå fem til åtte år. Eg har enno ikkje fått tid til å gå inn og sjekke referansane, men kanskje er sjakk verd eit forsøk?

Kva for ein kommune i Troms blir den første til å prøve sjakk i skolen/SFO. Blir det OL-søkjarbyen Tromsø, eller kjem andre til først. Utfordringa er gjeven. Eg er spent på å sjå eventuelle resultat. Vi er klare til å følgje opp i vidaregåande om det skulle bli aktuelt.

Kven står igjen?

I Aftenposten i dag hadde Høgrefolka Ine Marie Eriksen og Torbjørn Røe Isaksen eit utspel der dei seier:

–Slike konkurranser gir mål å strekke seg etter. Det blir ikke noe vanskeligere å lære for de dårligste selv de beste blir belønnet.

I denne videobloggen kommenterer eg utspelet.

Ivar Johansen har og eit godt poeng om saka på sin blogg

Fråfall og fellesskole

I dag sendte eg ut dette lesarinnlegget saman med Lena Jensen.

skole
Aktive elevar er det vi treng for å få ned fråfallet. Pluss litt politisk vilje. Foto: Flickr/ungtrenull

Vi er veldig glad for at Nordlys og Fremover er opptatt av statusen til yrkesfaga. Fråfallet i vidaregåande skole – spesielt i Nord-Noreg – er eit enormt samfunnsproblem. Det har derfor vore sentralt for Troms SV å arbeide for å få redusert fråfallet, både gjenom aktivt arbeid i fylket, og gjennom å sette fokus på dette nasjonalt. Vi er derfor svært godt fornøgde med at Troms SV fekk landsmøtet med på å vedta ein uttalelse om fråfallet i vidaregåande skole. Dette viser to ting, at heile partiet og ministeren er opptatt av saka og at Troms SV blir høyrt på nasjonalt.

I uttalelsen som vart vedtatt peiker vi på fleire sentrale ting for å få redusert fråfallet. Svært mykje av fråfallet startar før elevane kjem til vidaregåande skule. Nye undersøkingar viser at fleire enn ein av fem elevar frå ungdomsskulen ikkje har grunnleggande lese- og skriveferdigheitar. Det er derfor viktig at ein ser skulepolitikken i samanheng med andre sosiale utjamningstiltak i samfunnet i tillegg til at ein må ta fatt i problematikken tidleg. Dette krev at vi tenkjer nytt både innafor vidaregåande opplæring og i grunnskulen. Eg er svært fornøgd med at SV no vil vurdere eit kvalifiseringsår for dei elevane som kjem ut av grunnskolen utan godt nok fagleg grunnlag. Dersom dette året er nært knytt til praksis ute i bedrift kan det bli ei svært god løysning.

Vi er fornøgde med at SV er i gang med å satse på tidleg innsats mellom anna gjennom å lovpålegge fleire lærarar i 1- 4 trinn frå hausten av. Ungane skal få hjelp når dei treng det. SV går til val på at vi skal sikre fleire lærarar i skolen, og slik alle elevane skal få hjelp til leksene. SV skal innføre meir fysisk aktivitet og praktisk læring i skolen. SV ønsker å innføre ei gratistid midt på dagen i skolefritidsordninga. Vi vil ha ein skole der SFO og skole er saman om å nå læringsmåla. Slik vil vi og over tid redusere fråfallet.

Der avstandane er store må den desentraliserte skulestrukturen oppretthaldast slik at fråfallet ikkje blir eit problem. SV meiner at vi må arbeide for at så mange som mogleg har sjansen til å ta i alle fall første året på vidaregåande skule medan dei bur heime. Dette tyder at vi i enno større grad må ta i bruk nye organisatoriske og teknologiske løysingar for å kunne gje gode tilbod til alle.

SV vil ta initiativ til at fleire skal få ei meir praksisnær utdanning, og vi vil åtvare mot ei teoretisering av yrkesutdanningane. Det betyr at vi må tilby utdanningsløp der teorien er sterkare knytt til praksisfeltet. Dette kan blant anna skje gjennom eit sterkare vekselspel mellom utdanning i skule og utdanning i bedrift. Derimot er det ikkje smart å redusere på teorien. Det vil gje oss mindre kompetanse og kunnskap til å bygge framtida på. Men det er heilt sentralt å knytte teorien nærmare til praksisfeltet slik at den kjennest relevant og viktig.

Leiarskribenten i Nordlys og Fremover harselerer over at SV er mot private skolar og ønsker ein offentleg skole. Dei om det. Vedtaket er og godt fordi det seier at den offentlege skolen skal få eit breiare spekter av pedagogikk. Det bør vere plass til både Steiner, Montesorri og anna pedagogikk i den offentlege skolen. Det som var vedtatt av landsmøtet var:

Flere privatskoler vil øke de sosiale forskjellene i samfunnet, og svekke den offentlige skolens rolle som felles møtested for barn og ungdom med ulik bakgrunn. SV vil derfor forsvare dagens privatskolelov slik at kommersielle aktører ikke skal kunne drive private skoler. Pedagogiske og religiøse alternativer skal på sikt avvikles. Barn som har behov for alternativ pedagogikk skal få det i den offentlige skolen.

Det norske samfunnet veks på at alle ungane går i den same skolen. At direktørsønn og arbeidardotter går i lag, at muslim, kristen og ateist går i lag. Det norske samfunnet veks på at mine og dine ungar får treffe ungar som ikkje er oppdratt med dei same haldningane og meiningane som ungane våre møter heime.

Fellesskole eller private skolar

Det er blitt ein smule debatt om eit av skolevedtaka på SVs landsmøte (Aftenposten, Dagbladet, VG, TV2, TV2 på nytt, Vox populi, mm). Dette vedtaket viser at SV er forplikta til ein sterk offentleg fellesskole. Det er eg glad for. Det norske samfunnet veks på at alle ungane går i den same skolen. At direktørsønn og arbeidardotter går i lag, at muslim, kristen og ateist går i lag. Det norske samfunnet veks på at mine ungar får treffe ungar som ikkje er oppdratt med dei same haldningane og meiningane som mine ungar møter heime.

Vedtaket er og godt fordi det seier at den offentlege skolen skal få eit breiare spekter av pedagogikk. Det bør vere plass til både Steiner, Montesorri og anna pedagogikk i den offentlege skolen.  Det som var vedtatt av landsmøtet var:

Pedagogiske og religiøse alternativer skal på sikt avvikles. Barn som har behov for alternativ pedagogikk skal få det i den offentlige skolen.

Men, det er ikkje berre sosiale argument for at alle bør gå i den offentlege skolen. Moltemyr er ein skole i Arendal. På heimesidene til skolen står dette å lese (Oppdatert, her er det på sin plass å legge til at eg opprinneleg hadde misforstått. Eg trudde Moltemyr var ein privat skole, det er det ikkje. Det gjer dessverre ikkje saka betre):

I det nye RLE-faget har Cappelen Damm gitt ut en lærebok som heter ”Vi i verden 4”. Her er fem sider viet Darwins utviklingslære og en side er viet den kristne jula med 12 linjer. Her ser vi eksempel hvor stor plass utviklingslæren får vi våre lærebøker. Selv om utviklingslæren er seiglivet, er forskere i ferd med å avlive den.

I USA kjempar kreasjonistane ein hard kamp for å undergrave utviklingslære. Vi må ungå slike tilstander i Noreg.
I USA kjempar kreasjonistane ein hard kamp for å undergrave utviklingslære. Vi må ungå slike tilstander i Noreg. Foto: Wikipedia/User:Mycota

I USA kjempar kreasjonistane ein hard kamp for å undergrave utviklingslære. Vi må ungå slike tilstander i Noreg.Det er ganske utruleg at ein kunskapsinstitusjon meiner at  utviklingslæra er i ferd med å bli avliva. Utviklingslæra er ein av dei best underbygde og sansynleggjorte teorien i naturvitskapen. Vi må for all del ikkje hamne i ein amerikansk situasjone der det ikkje blir undervist i vitskap på skolen. Det kan då heller ikkje herske nokon tvil om at utviklingslære er betydeleg viktigare enn jula. Det er utfordringar i den offentlege skolen, men skal skolen utviklast vidarte kan ikkje vitskapen benektast.

Forøvrig; Hjorthen har ei avrøysting på bloggen sin om kven som er kjekkast i SV. Utruleg nok ligg eg og knivar i toppen der. Gje meg ei røyst då vel – eg vil så gjerne vere kjekkast for ein gongs skuld.

Oppdatert: Moltemyr har fjerna artikkelen frå sidene sine. Du finn google-cachen her: http://209.85.129.132/search?q=cache:N524hiN41J8J:www.moltemyr.skole.no/%3FartID%3D2259%26navB%3D1+http://moltemyr.skole.no/%3FartID%3D2259%26navB%3D1&cd=1&hl=en&ct=clnk&client=firefox-a

Oppdatert 2: Les og det Snorre Valen skriv.

Fastsetting av vinterferien

Det har vore oppslag i media om at fylkeskommune har skulda for at vinterferien er ulik i grunnskolen i Tromsø og i dei vidaregåande skolen. Dette stemmer ikkje. Kvart år på hausten sender fylkeskommunen ut på høyring eit framlegg til skolerute. Vi får tilbakemeldingar frå alle kommunane på forslaget vårt, før vi fastsett skoleruta for dei vidaregåande skolane. Det blir då opp til kommunane om dei vil følgje den ruta vi sett opp. I inneverande skoleår følgjer – så vidt vi veit – alle kommunane unntatt Tromsø den same skoleruta som fylkeskommunen har.

Når Tromsø kommune legg opp ein anna veke for vinterferien enn fylkeskommunen og dei andre kommunane i fylket har så blir det eit problem Tromsø kommune må løyse. Det var kommunikasjon mellom Troms fylkeskommune og Tromsø kommune før ruta vart fastsett, og Tromsø kommune kjente til kva vårt forslag ville bli. Vi kan ikkje ta ansvar for at Tromsø kommune i motsetnad til dei andre kommunane i fylket vel å ikkje følgje forslaget vårt.

I oktober i år sendte vi ut på høyring forslag til skolerute for skoleåret 2009/10 2010/11. Ved å gjere det for to år om gongen ønsker vi å gjere det enno enklare for kommunane å samkøyre seg med fylket.

Skoletragedien i Finland – kva gjer vi?

Det er vanskeleg å skrive noko om den grusomme tragedien som har skjedd i Finland, men det er likevel nødvedig og rett å prøve reflektere rundt den. Kan dette skje i Noreg, og korleis kan vi eventuelt hindre at noko liknande skjer i Noreg?

I dag hadde vi av andre grunnar samla alle rektorane for dei vidaregåande skolane i Troms. Det var eit godt høve for å snakke om katastrofen og sjå om det var noko vi kunne gjere for å hindre noko liknande. Rektorane var samstemte om var at vi ikkje må krisemaksimere, sjansen for at dette skal skje hos oss er svært liten. Samstundes må vi våge å tenkje tanken om at dette kan skje også i Troms og elles i Noreg.

Eit godt utgangspunkr for ein diskusjon er at det er ein del skilnader mellom det norske og det finske skolesystemet. Det er blitt sagt mange gonger i det siste. Då har det vore knytt til at dei finske elevane skårar mykje betre enn dei norske på ein del internasjonale undersøkjingar. Dette set kanskje fokus på ein annan viktig skilnad: norske elvar trivst betre på skolen enn dei finske elevane. Det trur eg er ein viktig verdi med den norske skolen. Det viktigaste førebyggjande arbeidet vi kan gjere på skolen er å sørgje for trivsel og eit miljø der det er lett å ta opp problem før dei blir så store at dei veks oss over hovudet. Dagbladet skriv litt meir om dette i dag.

Eg trur at det i stor grad er slik i den norske skolen at elevane tør og vil ta opp problem med dei vaksne i skolen, anten det er rådgjevarar eller lærar. Dette er noko vi må kultivere enda meir. Dersom vi skal ha oversyn over det som skjer i ungdomsmiljøet anten på internett eller andre stader, er vi avhengige å ha eit skolemiljø som dyrkar fram dialogen mellom dei vaksne og ungdomen vår. Dette er vi gode på, men vi kan alltid bli betre.

I tillegg til dette kan vi sjølvsagt bli betre til å følgje med på kva som skjer mellom ungdom på internett, anten det er youtube, nettby, facebook eller andre samanhengar. I Troms prøver vi no å skape oss eit verkty for å følgje med på kva som blir sagt om oss og skolane våre, spesielt på youtube. Dette er sjølvsagt ikkje ei løysning på problemet, men eit av mange verkemiddel for å skaffe oss kunnskap om kva elevane tenkjer om skolen og skolekvardagen også utanfor skolegarden. Dette kan vere eit grunnlag for dialog og diskusjon i skolen. Då kan vi kanskje bli enno betre på den viktige dialogen mellom ungdom og vaksne i skolen.

I media (Rana Blad, Nordlys, Radio Tromsø, Harstad Tidende og NRK) har det blitt rapportert mykje om at eg har nemt at vi må følgje med på youtube. Eg håper dette innlegget viser at eg ikkje synst det er det viktigaste.

Så kunne eg sagt mykje om våpenlov, samfunnsutvikling generelt, men det får vere til ein annan gong.