Kven skal få velje?

Avisane i Harstad Tidende gruppa har i dag eit intervju med meg om fritt skoleval i Troms. I utgangspunktet kan det jo høyrast fint ut med fritt skoleval, men tenkjer ein nøyare gjennom finn ein lett ut at slik er det ikkje.

Fritt skoleval i Troms vil fungere slik at dei elevane med dei beste karakterane vil kunne velge, medan dei med dårlegare karakterar vil måtte ta til takke med det dei får tildelt. Fritt skoleval vil vere fridom for dei få, medan dei mange vil få mindre fridom.

Undersøkingar vi har gjort viser at distriktsungdom er interessert i å flytte til byen. Fritt skoleval vil då kunne føre til at tromsøungdom ikkje vil få plass på tromsøskolane, men ville måtte flytte. Kven er det då som har fått fridom?

Dersom mange elevar frå Nord-Troms vel å søkje seg til byen vil det bli svært vanskeleg å halde oppe det breie tilbodet vi har i Nordreisa og på Skjervøy. Då tar vi vekk fridomen til å velje fag for dei som vil bu i heimeregionen. Kven er det då som har fått fridom?

Fritt skoleval vil gje eit dårlegare skoletilbod for dei fleste ungdomane i fylket. Er det fridom? Det meiner ikkje SV.

Du kan og lese Kristina Torbergsen sitt gode innlegg her

Derfor må skatten opp

Dessverre er det slik at sakte, men sikkert må skattenivået i Noreg og alle andre industrialiserte land bevege seg oppover. I alle fall er det slik om vi ønsker at velferdsnivået skal halde seg på omtrent same nivå som i dag. Korfor spør du kanskje, jo eg skal prøve å svare.

Det er ein stor skilnad mellom det meste av offentleg produksjon og det meste av privat produksjon. Den eine store skilnaden er at over tid vil tilførsel av kompetanse og kapital auke produktiviteten i privat sektor, meir enn i offentleg sektor. Det handlar ikkje om at offentleg sektor er mindre effektiv, men det handlar om kva som blir produsert.

Før eg går vidare vil eg berre nemne at det som kjem no er arketypisk, det vil vere unnatak, og eg meiner at effektiviseringspotensialet i offentleg sektor er høgt. Då var det sagt, så er kanskej sjansen for å bli misforstått redusert litt.

La oss samanlikne ein bilfabrikk med ein skole. Dersom du tilfører ein bilfabrikk meir kapital og kompetanse vil produksjonen auke. Nye maskinar vil gjere at det blir produsert fleire bilar for kvar som jobbar i fabrikken. Kanskje produserte fabrikken to bilar per tilsett i 1980, idag produserer fabrikken 100 bilar per tilsett (desse tala er fiktive og har ingen ting med røyndomen å gjere med mindre eg har usannsynleg flaks, men dei vil illustrere poenget mitt). I denne fabrikken har altså produktiviteten gått opp. Alle er nøgde, kapitaleigarane får større profitt og forhåpentlegvis har arbeidarane fått høgare løn. I skolen har det ikkje skjedd noko tilsvarande. I 1980 utdanna kvar lærar 15 elevar. Fram til i dag har vi tilført kunnskap og kapital i skolen, men framleis vil kvar lærar berre utdanne 15, eller kanskje 16 elevar. Ikkje fordi læraren ikkje er effektiv, men fordi skolen (som sjukeheimar ol.) ikkje kan bli erstatta av teknologi. Eleven treng ein person som rettleiar og førebilete.

Dersom då læraren (som får løna si frå det offentlege – altså frå skatten) skal ha same lønsutvikling som dei som arbeider i bilfabrikken må altså dei som eig fabrikken og dei som arbeider i fabrikken betale meir i skatt no enn dei gjorde i 1980. Både kapitaleigaren og fabrikkarbeidaren vil likevel sitte igjen med mykje meir i dag enn i 1980. Dette synst eg er greitt å forstå. Dersom vi skal ha gode skolar og gode sjukeheimar (bransjar der produktiviteten ikkje kan aukast kraftig gjennom innsprøyting av kapital) må dei bransjene der produtivitetsveksten er stor betale meir.

Då blir det interessant å sjå, korleis har utviklinga i skattenivået i Noreg vore mellom 1980 og i dag? Eg har ikkje funne tal heilt tilbake til 1980, men i 1992 var det offentlege sin andel av fastlands BNP (i følgje NHO ) 61,4% i 2004 var dette redusert til 57,7%. I følgje finansdepartementet har skatteandelen vore omtrent den same i heile perioden frå 1980 til 1997. Det offentlege har ikkje fått den auka inntekta som trengst for å halde oppe kvaliteten på velferdstenestene.

I den same perioden har skolane blitt nedslitte, det har vore konstant krise i helse- og omsorgssektoren og vegane er blitt nedslitte. Tilfeldig? Neppe! Offentleg sektor er rett og slett underfinansiert.

Oppdatering 24.08.08

Skattedebatten har starta, sjå VG og Dagbladet

10 000 ulike grunner

Dagbladet har i dag ein artikkel om unge uføre. Det er ingen av oss som er glad for at mange ikkje er i stand til å jobbe. Dei aller fleste ønsker å bidra til samfunnet, og ikkje minst dei fleste ønskjer seg ein betydeleg betre økonomi enn det ein får gjennom uføretrygd. Det er viktig å huske på at det er 10 000 ulike grunnar til at 10 000 unge menneske er uføretrygda. Nokre på grunn av fysisk eller psykisk sjukdom, andre på grunn av skader dei har fått anten i arbeidslivet eller på anna måte.

Det er og viktig å huske at 10 000 menneske er eit stort tal, men det ergodt under ein prosent av den aktuelle gruppa. Dersom du stilte opp 100 tilfeldige menneske på gata, ville du blitt overraska dersom ein av dei hadde ei eller anna plage som gjorde det vanskeleg å jobbe. Det ville ikkje eg. Det er godt at vi har eit samfunn som tar ansvar for at vi ikkje skal ha fattige i dette landet. Som SVar er eg stolt over å vere representert av folk som Karin Andersen.

Sjølv om det er ei spesiell historie bak kvar einaste som er uføretrygda veit vi og ein del generelle trekk. Vi veit mellom anna at dei som ikkje gjennomfører vidaregåande skole i større grad enn andre blir uføretrygda i ung alder. Kanskje er grunnane til at dei ikkje gjennomfører skolen og grunnane til at dei blir uføre den same, men sannsynlegvis er det noko skolen kan gjere med det.

I Troms har vi tatt konsekvensen av dette, og satsar på at fleire skal komme seg gjennom skolen. Vi har til hausten fleire eigne program for skoletrøytte og andre som treng spesiell oppbakking. Desse tilboda gjev elevane mykje praksis i bedrift og lite teori på skolen. Vi gjennomfører og eit program for at fleire skal få læreplass tidleg. Dette er eg svært stolt av at vi har fått til.

I tillegg skal vi ha ein skikkeleg gjennomgang av alle hjelpetenstene i den vidaregåande skolen for å kunne gje eit enno betre tilbod til alle elevane. Målet er fleire som gjennomfører med bestått, og forhåpentlegvis færre unge uføretrygda.

Imponert

Eg har no vore og besøkt fleire av dei vidaregåande skolane i Troms. 

I løpet av kort tid har eg vore i Nordreisa, Skjervøy, Skånland, på Rå, 
Heggen og Stangnes. 
Det som slår meg er kor dyktige dei som jobbar på skolane er. 
Eg blir rett og slett imponert over det lærarane,
leiinga og alle dei andre tilsette får til med knappe økonomiske ressursar. 

Eg tar av meg hatten, og skal prøve mitt beste for å bistå slik at jobben skal 
bli enklare for alle som jobbar i skolen. 



Exit mobile version